Tekstgjennomgåelse for: 10. mars 2024 -

 4. søndag i fastetiden

Preiketekst: Joh 3, 11-16
Lesetekst I: 4 Mos 21,4-9
Lesetekst II: 2 Kor 5,18-21

Dagen

Kyrkja hadde tidlegare fem søndagar i fastetida. Ein av dei måtte vike for Maria bodskapsdag, slik at vi har fire søndagar med namn knytt til fastetida. Den fjerde søndagen blir no gjerne kalla pasjonssøndagen, med tekstar som peikar fram mot hendingane i Jerusalem påskedagane.

Lesetekstane

4 Mos 21,4-9: Israelsfolket på vandring i ørkenen blir utolmodige og klagar mot Moses og mot Gud. Som straff sender Gud slangar som bit mange til døde. Folket angrar, og Gud ordnar ein redningsplan ved hjelp av koparslangen på stonga. I Andre Kongebok – som fortel om livet i landet fleire hundre år seinare – les vi at folket tenner offereld for koparslangen. Kong Hiskia (700-talet f.Kr.) knuser slangen som eit ledd i det kultiske oppreinskningsarbeidet (sjå 2 Kong 18,4).

2 Kor 5,18-21: Dette avsnittet er ein viktig tekst i teologihistoria og ein av hovudtekstane om forsoninga. Gud er subjektet i forsoninga. Det er han som «i Kristus forsona verda med seg», samtidig som «han tiltrudde oss ordet om forsoninga» (v 19). Dette krev eit tilsvar: «lat dykk forsona med Gud!» (v 20).

Preiketeksten

Preiketeksten (Joh 3,11-16) er ein del av tekstbolken i Johannesevangeliet som legg vekt på Jesu offentlege virke (Joh 1,19-12,50). Siktemålet her og i heile evangeliet er at folk skal komme til tru på Jesus (jf. Joh 20,31) – ofte ved at dei ser teikna han gjer (Joh 2,23). Dette er også utgangspunktet for rådsherren og farisearen Nikodemus som kjem til Jesus i ly av nattemørket (Joh 3,2). Dialogen mellom Nikodemus og Jesus finn vi berre hos Johannes. Samtalen utviklar seg – som ofte i dette evangeliet – til ein lang tale av Jesus, og Nikodemus forsvinn ut av forteljinga. Dagens tekst går inn midt i samtalen med Nikodemus, der Jesus startar einetalen med dei særprega orda hos Johannes, orda som skal gje vekt til det som kjem: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg», på gresk amen, amen…

I dei to første versa i teksten vender Jesus seg direkte til Nikodemus, men han uttrykkjer seg no i fleirtalsform: «Vi talar…vi vitnar…, men de tar ikkje imot…» (v11), og «Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk…» (v12). Mange forskarar meiner at teksten her reflekterer seinare samtale mellom kyrkja og synagoga. Frå vers 13 går teksten over i ei meir generelt forkynnande form, der Jesus omtalar seg sjølv i tredje person, som Menneskesonen og Guds Son.

Stige ned og stige opp

Ordparet stige ned og stige opp brukt om Menneskesonen finn vi fleire stader i Johannesevangeliet (gresk katabainein, stige/fare ned Joh 6,33;38 og gresk anabainein, stige opp Joh 6,62; 20,17). Uttrykket «…har stege ned frå himmelen» refererer til inkarnasjonen, til Jesu fødsel, medan «har stige opp til himmelen» refererer til Jesu oppstode og himmelfart. Mange forskarar meiner at teksten viser til noko som alt har skjedd, og dermed er ein del av kyrkja si forkynning (sjå også ordparet brukt i Ef 4,9). Dette gjeld ingen annan enn Menneskesonen. Det er eksklusivt, slik det også er eksklusivt at Gud «gav Son sin, den einborne».

Koparormen

Forteljinga om Moses som løfta opp koparormen i ørkenen, var kjent stoff for Nikodemus og synagoga. Det var ikkje koparormen i seg sjølv som gav folket livet. Gud la til rette for berging, men folket måtte svare ved å sjå på koparormen. Hos Johannes skal denne kjende forteljinga seie noko om Menneskesonen, kva som skal skje med han, og kva det betyr. Menneskesonen blir løfta opp, han blir løfta opp på krossen – det seier noko om hans død. Men han blir også løfta opp i herlegdom. Eitt ord brukt om både liding og herlegdom. (jf. Joh 8,28 og 12,32). Jesus kom for både å bli fornedra og bli herleggjort. Likesom koparormen i ørkenen hadde eit føremål: liv for dei som følgde Guds oppfordring, slik har Menneskesonen ei oppgåve, eit føremål, eit for at: evig liv for dei som trur på han (v 15). Dette blir gjentatt og utdjupa i vers 16 som er høgdepunkt og klimaks i teksten.

Ta imot – ikkje ta imot. Tru – ikkje tru

Preiketeksten balanserer mellom desse mulege alternativa for svar, samstundes som han byggjer opp under og argumenterer for trusalternativet. Utgangspunktet ligg i Gud sjølv. Han elskar verda som han har skapt. Han elskar menneska i denne verda – så høgt at han gav Son sin, den einborne (jf. forteljinga i 1 Mos 22, der Gud ber Abraham ofre Isak, vers 2: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar…»). Einboren peikar på det unike forholdet mellom Far og Son. Guds kjærleik fører til handling. Jesus openberrar Guds kjærleik. Oppdraget hans var ein konsekvens av denne kjærleiken, slik det også står i leseteksten i 2 Kor: «Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira» (v 19). Guds kjærleik vinn over fiendskapen mellom Gud og menneske. På grunn av dette steig Menneskesonen ned og gjekk gjennom liding og død på krossen, og steig deretter opp til herlegdom i himmelen. Som med ormen i ørkenen krev
Guds tilbod, Guds kjærleik i Jesus, eit tilsvar, ein reaksjon. Tru blir dermed menneskets svar på Guds tilbod, på Guds handling.

Evig liv

Utsagnet «kvar den som trur på han» signaliserer at ikkje alle kjem til å tru. Men den som trur, får evig liv. Evig liv hos Johannes svarar til Guds rike i dei synoptiske evangelia (Matteus, Markus, Lukas). Det gjeld både det noverande og det framtidige. Evig liv er ei gåve frå Gud som ein kan få del i allereie no, men fullt og heilt får ein del i det først i den kommande verda. Begrepet frelse er ein parallell til evig liv, sjå t.d. vers 17 etter preiketeksten: «Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han». Og som med evig liv er frelse både notidig og framtidig.

Kva vil det seie å få evig liv? Jesus forklarer det slik: «Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus» (Joh 17,3). Evig liv er dermed hos Johannes eit liv i fellesskap med Gud og med Jesus Kristus, eit liv grunna på kjærleik. Det har med kvalitet å gjere, ikkje med kvantitet (dvs. kvantitet som ei form for lengde utan ende).

Vers 16 poengterer kva som ikkje skjer med den som trur, nemleg at ein går fortapt: «…for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt…». Fortaping står i motsetning til fellesskapen med Gud og Jesus. Å gå fortapt blir dermed å vere skilt frå Gud, å ikkje ha del i denne fellesskapen her i dette livet og i det kommande.

Pedagogisk og sjelesørgjarisk

Joh 3,16, «Den vesle Bibel», lyder både ved dåp og ved gravferd. Her blir det gjerne lagt vekt på Guds kjærleik til verda og løftet om evig liv for den som trur. Alternativet til evig liv – at det er muleg å gå fortapt – kling imidlertid med i teksten. Desse alternativa som menneska blir stilt overfor, møter oss også i påskebodskapen, jf. røvaren på krossen (Luk 23,42-44). Korleis dette blir formidla i ulike samanhengar, er ei pedagogisk og sjelesørgjarisk oppgåve. For Gud vil at «…alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna» (sjå 1 Tim 2,4).

Skrevet av: Jorun Elisabeth Berstad Weyde

prest, tidlegare kyrkjefagsjef i Oslo bispedømme