Tekstgjennomgåelse for: 29. juni 2025 -
Preiketekst: Mark 1o,13-16
Lesetekst I: 1 Sam 1,9-18
Lesetekst II: 1 Joh 3,1-3
Jesus har no forlate Galilea for å dra opp til Jerusalem der han skal lida og døy. Han har etter alt å døma reist ned Jordan-dalen, sidan vi les at han er i «landet bortanfor Jordan» (10,1). Her underviser han om familieetikk (ekteskap, skilsmisse og einsleg stand – jf. Matt 19). Medan Jesus underviser, kjem dei til han med småborn, eg vil tru at det er mødrene som kjem.
Læresveinanes reaksjon
Noko av det første vi merker oss er reaksjonen til læresveinane. Dei viste bort borna. Dette er overraskande for Jesus har like i førvegen prøvd å undervisa dei om at rangordninga i Guds rike er heilt annleis enn kva vi menneske gjerne tenkjer. Det har han gjort ved å bruka eit lite barn som døme: «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg» (Mark 9,37). No får læresveinane utdelt eksamensoppgåva og dei stryk med glans. Det heng nok saman med at regelen på den tida, som så ofte elles gjennom historia, var at barn skal «sjåast, men ikkje høyrast».
Høyrer slike til
Jesu ord om at Guds rike høyrer slike til, altså barn, har vore eit tilbakevendande diskusjonstema i mange samanhengar. Inneber det at barn nærast automatisk tilhøyrer Guds rike, eller er det noko anna Jesus vil seia? Når eg slår opp i greskleksikonet mitt på pronomenet som er omset med «slike», står det at ordet understreker at det er tale om ein som har slike eller slike karakteristika. Poenget er altså ikkje at barn automatisk er skikka for Guds rike, men at dei som er skikka for Guds rike har det barnlege ved seg.
Så er det i forlenginga av det ein diskusjon om kva det vil seia. Her har ein gjennom historia peika på mange ting – blant anna at barnas uskuld og truskyld. Det er fine ord om barna, men dei fleste er samde om at det først og fremst dreier seg om hjelpeløyse. Barna er umyndige og hjelpelause. Dei mottek alt i gåve.
Som eit lite barn
Uttrykket «som eit barn» (vers 15) er også verd å stanse opp ved, for her finst det to ulike tolkningar av grammatikken. Det greske ordet for barn, paidion, har same form anten det står i kasuset nominativ eller akkusativ, men uttrykket endrar meining. Viss vi tek paidion som nominativ, handlar verset om å ta imot Guds rike på same måte som eit barn vil gjera det – altså som ei gåve, utan å gjera krav på å ha fortent det. Men viss vi tolkar ordet som akkusativ, blir meininga at ein tek imot Guds rike på same vis som ein vil ta imot eit barn – altså med omhu og eit eit venleg innstilt sinnelag. I all hovudsak blir kanskje meininga den same, men med litt ulike nyansar.
Jesu omsut
Det siste vi skal merka oss er kor venleg Jesus er. I dåpsritualet les ein gjerne dagens tekst, innleidd av orda: «Lat oss høyra kor venleg Jesus tek imot dei små barna». Han legg hendene om dei, les vi. Det greske verbet er avleidd av eit ord som tyder «bøygd arm» og vi kan sjå føre oss at Jesus tek barna i armkroken sin. I TV-serien The Chosen (sesong 1, episode 3) tykkjer eg dei på ein nydeleg måte framstiller Jesu omsut for barna. Det er godt og trøystefullt å leggja merke til dette trekket ved Jesu gjerning og kor mykje Bibelen talar om Guds omsut for dei små og svake.
Skrevet av: Knut Kåre Kirkholm
Førstelektor og undervisningsleiar ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole og redaktør av magasinet Fast Grunn

