Tekstgjennomgåelse for: 22. mars 2026 - 

Maria budskapsdag

Søndagens tekstar: Jes 7,10–14; Gal 4,4–7; Luk 1,26–38

Dagen

Maria bodskapsdag, også kalla Marimesse, er ein festdag midt i fastetida. Dagen er feira i kyrkja sidan år 350 og er lagt til den søndagen som kjem nærmast 25. mars. Liturgisk farge er kvit.

Jes 7, 10–14

Jesajaboka blir ofte sitert i Det nye testamentet og er blitt kalla «det femte evangeliet».  Boka er viktig både i jødisk og kristen tradisjon, men tolkinga skil lag i fleire tekstavsnitt, m.a. i Jes 7 og i sangane om Herrens lidande tenar.

Den historiske bakgrunnen for vår tekst finn vi i 2 Kong 15–16. Herren talar til Judakongen Ahas gjennom profeten Jesaja ved eit viktig politisk-strategisk vegval. Jerusalem er truga, og kongen blir utfordra til å stole på Herren ved å kreve eit teikn (’ot) av «Herren din Gud». Teiknet skal vise at bodskapen er sann, til å stole på.

Vi finn dette fleire stader i Det gamle testamente, sjå f.eks. 2 Mos 4,1ff og Dom 6,16. Kong Ahas nektar å kreve eit teikn frå Gud, men han får likevel eit teikn: «den unge jenta skal bli med barn og føde ein son» (vers 14). Det hebraiske ordet ’alma betyr ung jente (ordet i seg sjølv seier ingenting om jenta er jomfru eller ikkje). Septuaginta, den gamle greske omsetjinga av GT, brukar ordet for jomfru. Tidlegare norske bibelomsetjingar følgde Septuaginta, medan nyare omsetjingar held seg til den opphavelege masoretiske teksten.

Tidlegare såg ein dette bibelordet som sjølve Messiasprofetien i GT. I seinare forskning er dette meir uklart. Hovudpoenget i teiknet er sonen som får namnet Immanuel, som betyr Gud med oss (hebr. ‘immanu ’el). Det er Gud som gir teiknet, og det er Han som har ansvar for at og når det blir oppfylt.  Kong Ahas hadde avvist Gud. Vil barnet som ein gong blir fødd vise at Gud er med folket, kanskje på ein annan måte?

Gal 4,4-7

Galatarbrevet er eit av hovudbreva til Paulus og ein meiner det vart skrive mellom år 50 og 55 e.Kr.. Brevet er prega av polemikk, der Paulus prøver å få galatarane til å forstå at dei ikkje treng å la seg omskjere og halde Moselova for å kunne kalle seg Guds barn. Det som Lova og profetane peika fram mot, det har no skjedd – i Guds tid, då tida var fullkomen. Gud har sendt Sonen sin, fødd inn i verda som menneske – fødd av ei kvinne, under Lova. Oppdraget var å kjøpe fri frå eit liv under Lova, til eit liv som Guds barn med arverett, jf. oppdraget som ligg i namnet Jesus (Matt 1,21), og som også gir gjenklang i namnet Immanuel (Jes 7,14). Som barn kan ein be til Gud som far. Abba er aramaisk og kan omsetjast med det kvardagslege pappa. Sjå Jesus bøn til Gud som Abba, Far i Mark 14,36. I jødisk bønnespråk var og er det uvanleg å tiltale Gud som Far.

Luk 1, 26-38

Legen Lukas er etter tradisjonen forfattar av evangeliet som ber namnet hans. Ein reknar med at det vart skrive ca år 80-85. Forfattaren har god kjennskap til og kunnskap om jødiske tradisjonar og ritualer, og templet, jødiske symbol og stader står sentralt i forteljingane (jf. m.a. Luk 1,5ff; 2,21ff; 2,41ff; 5,33; 6,6). Evangeliet er ein del av dei synoptiske evangelia (Matt, Mark, Luk), men nær halvparten av evangeliet er særstoff som ikkje finst hos dei andre to evangelistane. Vår tekst er særstoff og ein del av dei såkalla barndomsforteljingane (1,5–2,52), medan Matteus framstiller andre sider ved Jesu familie og barndom (Matt 1,18–2,23).

Maria: Gud har sett seg ut ei enkel ung jente i ein enkel landsby til eit oppdrag som endrar verdshistoria. Vi kjenner ikkje slektshistoria hennar, eller kvifor nettopp ho har «funne nåde hos Gud». Dette er i tråd med GT, der Gud fleire gonger vel ut enkle personar til viktige oppdrag (f.eks. 1 Sam 16,7f; 16,11ff; Jer 1,4ff). Engelen Gabriel er Guds stemme til Maria, og «ein engel frå Herren» er bodberar til Josef (Matt 1,20). Å skulle få eit barn i hennar situasjon var dramatisk. Maria reagerer på menneskeleg vis. Ho er forskrekka og undrar seg, men er likevel i stand til å stille det heilt naturlege spørsmålet: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» (v 20 og 34).

Davids ætt: Bodskapen frå engelen viser at tilknytninga til Davids hus og ætt (jf Lk 2,4) er viktig i det som skal skje. Det er Josef –  som ikkje er biologisk far – som er av Davids ætt, og som fører barnets linje tilbake til kong David. Dette viser samanhengen med den gammal-testamentlege historia og profetiane der (jf. 2 Sam 7,12f; 7,16; Jes 9,6f). Bodskapen frå engelen hentar opp førestillingar som levde i folket om ein ny davidsætling som konge over Israel (Jakobs hus) – til «evig tid», som lik davidskongane kunne vere berar av velsigning for folket.

Guds Son – Marias son: Maria skal gi barnet det programmatiske namnet Jesus som tyder Herren frelser. Hos Matteus er det Josef som skal gi han dette namnet (Matt 1,21). Der blir også Jes 7,14  sitert med namnet Immanuel, Gud med oss. Barnet skal bli til ved Den heilage ande, «Den heilage ande skal koma over deg» (vers 35). Gud skaper igjen på underfullt vis – som han skapte himmel og jord medan «Guds ande svevde over vatna» (1 Mos 1,1–2; sjå også Joh 1,1ff). Dette blir forsterka av det parallelle utsagnet «krafta frå Den høgste skal skyggja over deg». Uttrykket finn vi igjen i Jesu forklaring på fjellet (Luk 9,34 par). I GT er det same uttrykket brukt om skya som dekte «teltheilagdomen, og Herrens herlegdom fylte bustaden» (2 Mos 40,34ff). Dette understrekar Guds nærver og skapande kraft. «For ingenting er umogeleg for Gud» (vers 37). Trass i dei store sosiale utfordringane som ventar, stiller Maria seg til disposisjon for Guds handling – som Herrens tenestekvinne, og fullfører eit normalt nimånaders svangerskap.

Matteusevangeliet tolkar dette som oppfylling av teiknet som Gud gav kong Ahas i Jes 7: «Alt dette hende så det skulle oppfyllast, der Herren hadde tala gjennom profeten» (Matt 1,22–23). No skjer det som Gud har lova. Englebodskapen til gjetarane i Luk 2,12 viser også dette: «..og det skal de ha til teikn (gr. sæma): De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.».

På denne måten kjem Sonen til Den høgste, Sonen til Gud i himmelen, til jorda som eit menneske, fødd inn i ein enkel familie.

Til preika

Dei tre bibeltekstane på Maria bodskaps dag utfyller og forsterkar kvarandre og kan gi gode innspel og innsteg til preika.

Ulike innsteg:

  • Gud vel ut Maria, den enkle unge jenta, til eit stort oppdrag, og hennar svar. Gud kan bruke vanleg folk – og her ikkje minst: vanlege kvinner.
  • Samanhengen mellom GT og inkarnasjonen, Jesu fødsel. Kontinuitet og nyskaping. Jesu fødsel som teikn på at Gud held det han har lova gjennom historia. Korleis forstod Maria og folk på hennar tid det som skjedde?
  • Jesus som Gud og menneske, kva betyr det: Guds Son – Marias son. Guds under – vår undring.
  • Namnet Jesus – og namnet Immanuel: Jesu oppdrag.
Skrevet av: Jorun Elisabeth Berstad Weyde

prest og tidlegare kirkefagsjef i Oslo bispedømme