Tekstgjennomgåelse for: 23. august 2026 - 

13. søndag i treenighetstiden

Søndagens tekstar: Sal 92,2–6.13–16; 1 Kor 12,4–11; Matt 25,14–30

Jesus er i Jerusalem, det er ein stor konfrontasjon på gang med dei fremste religiøse leiarane, den ender med at han blir korsfesta. Inn i denne situasjonen fortel Jesus denne likninga, med ei adresse også til dei religiøse leiarane. Dei har blitt betrudd ein ein stor rikdom som dei ikkje har forvalta bra i det heile tatt, ja, dei har ikkje brydd seg, dei er ganske dårlige og late tenarar.

Det handlar om å forvalte det vi har fått

Gud er ein god Gud som har gjeve oss av sin store rikdom. Det er dumt at ordet «talent» ikkje er omsett i vår norske Bibel. Derfor tenker vi fort heilt feil når vi les ordet talent: «OK, nokon har talent for idrett, for kunst, for å sjonglere, så vi må bruke våre talent». Men det er ikkje det det her er snakk om, ein talent var ca. 30 kg med anten gull eller sølv. Tilsvarande 20 årslønner, så målt i våre pengar vil han med 1 talent kanskje fått 10 til 15 millioner!

Vi reagerer kanskje på at ein får 5, ein får 2, ein får 1. Men det står at han gir dei etter det kvar enkelt hadde evne til. Gud kjenner oss, han gir oss ikkje meir enn vi har evne til, for vi er forskjellige, med forskjellig familiebakgrunn, oppvekst, evner og helse. Gud tenker ikkje at vi skal prestere det samme, få til det samme. Og han har ikkje favoritter som får 5, nei, han elsker oss og veit kva vi kan forvalte gjennom livet.

Vi skal ein dag stå til ansvar for det vi har fått

Vi har vel litt sympati for han med 1 talent. Vi tenker: Stakkars, kanskje han har dårlig sjølvtillit, er litt beskjeden og redd, og hvis vi skulle ha skrive denne historia, ville vi kanskje ha skrive: «Herren syntes synd på han og forstod han og sa: ‘Du har ikkje hatt det så lett gjennom livet, du gjorde vel så godt du kunne’». Men han sei ikkje det.

Og det er her vi må tenke og reflektere. Kven fortel denne historia? Det er Jesus. Hadde han forståelse for svake og sviktande menneske, dei som fall utanfor og som hadde dårlig sjølvtillit? Ja, alltid! Så her er det noko heilt anna som foregår. Denne tjeneren orkar ikkje ein gang å sette pengane i banken. «Å gå til banken med ein sekk med gull, nei det er så langt, masse styr, nei, eg grev eit hol i jorda!». Og det er derfor herren kaller han dårlig, lat, unyttig. Han var gitt enormt mykje, men gadd ikkje gjere noko med det.

M. Scott Peck, ein amerikansk psykiater, er kanskje mest kjent for si bok «The road less travelled». Han seier at latskap, det å la vere å gjere viktige ting, det er ei grunnleggande årsak til psykiske problem og hovudgrunnen til at vi sviktar i våre mellommenneskelege relasjonar. Latskap hindrar oss i å ta dei vanskelege oppgjera, hindrar oss i å gjere det rette og i å bygge gode relasjonar. Vi veit kva vi bør gjere, men utset det. Det fører til at vi blir der vi er, i staden for å bevege oss framover mot å gjere dei tinga som vil frigjere, gjere oss til dei vi er skapt til. Og det fører til døden for sjela og for hjartet, det fører oss ut i mørket.

Der er eit mørke Jesus vil berge oss frå, det mørket som mange reelt opplever når dei ser tilbake på livet sitt og ser: Eg brukte ikkje det eg hadde fått. Eg tok ikkje den vanskelige samtalen, for det var lettare å la vere. Eg tok ikkje barnet mitt og køyrde til søndagsskulen, for det var lettare å sove og sløve. Eg leste ikkje den boka for det var lettare å surfe på mobilen. Lista er lang. Mørket kan vere stort.

Jesus gjekk inn i dette mørket

Gud er ikkje ein hard og streng Gud, denne likninga handler om oss, ikkje Gud. Denne likninga fortalde Jesus like før han skulle døy. Der er ein som har blitt kasta utanfor, som opplevde det totale mørke, adskilt frå Gud, som ropte ut: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg.» For at vi skulle sleppe å bli det.