Magne Solheim
Teologen for 10 000 kroner

Under landsmøtet for Israelsmisjonen i Kristiansand i 1935 kom det inn eit telegram frå ei misjonskvinne i Stavanger. Ho ville gje 10 000 kroner dersom ein kunne finna ein teolog som kunne reisa ut og ta opp arbeid på ein ny stasjon mellom jødane i Søraust-Europa.
Meldinga greip forsamlinga djupt. Og Landsstyret kom i kontakt med fleire teologar etter denne gladmeldinga. Til slutt enda det med Magne Solheim.
Det var ikkje slik at det ikkje var arbeid i Søraust-Europa på den tida. Det var det så definitivt, både i Romania og Ungarn. Men misjonskvinna i Stavanger hadde nok ein visjon om at evangeliet skulle nå lenger ut til det gamle, utvalde folket. Anten i eit av desse to landa, eller i eit nytt. Alt gjekk slett ikkje slik kvinna i Stavanger tenkte og ønskte. Ikkje minst kom andre verdskrigen med all si gru, både for det jødiske folket og for alle andre, både i Europa og verda elles.
Barneår i Åsane
Men kven var så denne teologen med så høg «verdi»? Kroner 10 000 var mykje pengar den gongen. Det ville vore eit godt handslag til misjonen den dag i dag! Magne Solheim var fødd 11. juni 1911 i Åsane. Foreldra var Ragnhild og Ludvig Solheim. Begge var aktive misjonsvener, og Ragnhild Solheims foreining gjekk det gjetord om lenge etter at den vart lagt ned. Det var ikkje store flokken alltid, men dei var trugne, og stod på i årevis. – Fru Solheim var som ein magnet når det galdt å få inn midlar til misjonen, er det sagt om henne. Så den gode teologen fekk ein rik misjonsarv i fødselsgåve.
Solheim har fortalt frå barneåra heime at det ofte budde emissærar og misjonærar i heimen i Bergen. Hans oppgåve var ofte å pussa skoa deira! Og han opplevde å få eit veldig utsyn når han fekk sitja og høyra på at dei vaksne samtalte. Som konfirmant fekk han også høyra om professor Caspari, som hadde vore lærar for konfirmantpresten hans. Også far til Magne, Ludvig, som var lærar, hadde snakka om Caspari. Her vart det nok sådd mange frø!
Ishavs-misjonen
Solheim tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet sommaren 1936. Prakticum deretter, som den gongen var eit halvt år. På den tida var det ikkje prestemangel i Noreg, heller var det antyding til overflod. Men for Solheim gjorde ikkje dette noko. Han hadde bore på ei uro for at hans teneste skulle vera i misjonen, utanfor Noreg sine grenser. Det avgjerande for han vart ein annonse i Dagen 29. juni 1936 – altså eitt år etter det omtala landsmøtet sommaren før. Der stod det at Israelsmisjonen søker etter ein teolog som er villig å reisa ut som misjonær. Og det kom fram at det hadde vore kontakt med fleire, men ingen som Landsstyret våga å satsa på.
Vinteren 1936/37 fekk han kallet direkte: Er du villig å reisa til Romania for oss, Solheim? Me ser helst at det vert eit livslangt kall! Og formann Christian Ihlen la ikkje skjul på at utfordringa var krevjande, og måla med ganske så dystre fargar korleis stoda i Europa var, både for jødane og andre, etter at Hitler hadde teke over makta i Tyskland. Men Solheim sa ja. Først skulle han vera reisesekretær i Oslo og Akershus krets. Det vart ei spennande og lærerik tid. I mange samanhengar visste ein lite og ingenting om Israelsmisjonen. Ein stad stod det på plakaten at det skulle vera møte for Ishavs-misjonen. Ein annan stad stod det Islands-misjonen!
I 1937 vart Solheim også ordinert, og i september sette han seg på toget mot Europa. Han skulle studera eit semester til, ved Institutum Delitzschianum, som mange andre misjonærkollegaer før han hadde gjort. Studiet var spennande og gjevande. Men då han på veg mot studiestaden kom til Berlin, var byen i ferd med å førebu seg til å ta imot Mussolini. Banda var tette mellom dei to diktatorane Hitler og Mussolini. Ferda gjekk vidare til Wien, der Delitzschianum då heldt til. Skulen hadde vorte tvangsflytta frå Leipzig. No var den lokalisert i to små rom i same bygget som Den svenske Israelmissionen heldt til. I april 1938 gjekk så ferda til Romania, der Solheim skulle få stå i ei svært krevjande teneste i om lag ti år.
Cilgia – språklæraren
Magne Solheim gifta seg i juni 1939 med sveitsiske Cilgia Marcelle Gees. Cilgia var språklærar i så vel engelsk som tysk og fransk på ein engelsk misjonsskule i Bucuresti. Ho kom til Romania berre få månader etter han. Dei møttest første gongen då Magne var fadder ved dåpen til eit av Richard Wurmbrandt sine barn. Wurmbrandt sa så mykje fint om denne sveitsiske jenta at Magne si interesse vart tent der og då! Magne og Cilgia fekk stå saman i tjukt og tynt i åra som kom. Saman fekk dei tre søner i den perioden dei var i Romania (fødde i 1941, 1943 og 1948). Magne og familien hans levde gjennom både tysk og russisk okkupasjon, og seinare kommunistisk diktatur. Han og Olga Olaussen og Antonia Aniksdal var dei siste av dei norske som forlet Romania.
Historia om desse norske, og andre medarbeidarar frå ulike nasjonar, er historia om ein heltedåd, målt med både menneskelege og himmelske mål. Dei stod last og brast med jødane, som stort sett vart syndebukkar for alt og alle. Dei dreiv skule og helsearbeid, diakoni og vitneteneste, litteratur- og forsamlingsarbeid. Mange jødar vart redda frå døden under svært dramatiske tilhøve, både barn og vaksne. Utsendingane vart også augevitne til trakasseringar, bortføringar, pogromar og mord. Desse åra på 1930- og 1940-talet i Romania, der Israelsmisjonen hadde arbeid, er eit av norsk misjons mest dramatiske kapittel uavhengig av misjonsorganisasjon.
Til Israel i 1949
Då familien ei tid etter at andre verdskrig var slutt, på nytt var klare for krevjande misjonsoppdrag, reiste han i første omgang ut åleine, i slutten av 1949 – til det heilt nye landet Israel. Men familien kom om lag eit år etterpå, etter at han hadde etablert seg. Det skulle vera ein rekognoseringstur i det nye landet. Rekognoseringa viste seg å vara i fem år! Og heile tenestetida for Solheim i Israel vart 27 år, fram til 1976, eller med andre ord: til dei store byggeprosjekta i Haifa var reiste og innvigde.
Magne Solheim var ein handlekraftig mann. Å få forkynna evangeliet var det eigentlege kallet for han. Her var han utan kompromiss. Desse eigenskapane prega han både i Romania-tida og åra i Israel. Ikkje alltid var alle andre samde med han. Heller ikkje alltid leiinga i misjonen i Noreg. Men han vann seg stor vørdnad og respekt.
Solheim bidrog sterkt til at det vart bygt levande kyrkjelydar både i Haifa og Tel Aviv, ikkje minst med grunnlag i gruppa av jødiske immigrantar frå Aust-Europa. Han representerte Det Lutherske Verdsforbundet i Israel i mange år, og var sterkt engasjert i bibelomsetjing. I hans tid som leiar av Bibelselskapet vart den første heile hebraiskspråklege Bibelen med Det nye testamentet gjeven ut. Seinare kom det også ei eiga utgåve av Det nye testamentet på moderne hebraisk. Solheim fekk både Hans Majestet Kongen si fortenestemedalje i gull, og han fekk audiens hjå statsminister David ben Gurion.
Han skreiv at dersom han hadde hatt krefter til sju månadar til, i teneste for Israelsmisjonen, så hadde det vorte 40 år til saman. Men kreftene var oppbrukte, og han kom til Noreg og mottok uføretrygd 65 år gamal. Boka «Nybrott» (1986) gjev lesaren mange glimt inn i den rike tenestetida i Israel. Både om oppstarten, som var ikkje så lite omstridd, og etter kvart kontakten med truande jødar med bakgrunn frå Romania og Aust-Europa elles, framveksten av den messianske rørsla, tankar om eit studiesenter i Jerusalem, og mykje meir.
Cilgia døydde i 1992. Magne si tid var omme i 2000.
Av: Paul Odland