Tekstgjennomgåelse for: 7. desember 2025 - 

2. søndag i adventstiden

Søndagens tekstar: Salme 33,18–22; Hebr 6,13–19a; Joh 14,1–4

Det er verd å leggja merke til at preiketeksten både for denne søndagen og sist helg – første søndag i advent – er henta frå påskeforteljinga i Det nye testamente. Sist helg var det inntoget i Jerusalem, ut frå Matteus 21,1-11. Og no er me framleis i påskemodus, med tekst frå Johannes 14. Om lag halve Johannesevangeliet handlar om det som skjedde den påska då Jesus døydde for syndene våre, og stod opp att frå dei døde. Men før han vart sviken av Judas, og vegen gjekk til forhør og pinsler, var han mykje i lag med venene sine og underviste dei om kva som skulle koma til å skje, og han trøysta dei. Jesu avskilstale kallar me den delen av Johannesevangeliet som teksten i dag er henta frå.

Andre søndag i advent er veldig nærgåande og personleg for denne skribenten. For mange år sidan miste me ei lita dotter på under eitt år. Det var om morgonen andre søndag i advent me fann henne død i senga. Kva så med Jesu ord frå teksten i dag: Lat ikkje hjarta dykkar uroast? Og adventtida elles med ljos og glede og forventning? Eg trur læresveinane for så lenge sidan stod framføre heilt eksistensielle opplevingar og erfaringar av det å tru og det å vera i Herrens nærleik. Men dei var opne og ærlege om kor lite dei forstod og klarte å gripa av alt det forunderlege Jesus sa til dei. Dette er til å kjenna att for oss alle, som også opplever at grunnen under oss kan svikta og at Jesus kjennest langt borte, ja endåtil med ei redsle for at han har forlatt oss.

Denne dagen i kyrkjeåret – som adventtida i det heile – er prega av tekstar om Jesu attkome, og kva forventningar me som trur på han, kan ha. Først når han kjem att, vil himmelriket bryta fram i sin fullnad og herlegdom. Då skal me sjå han som han er.

Begge lesetekstane understrekar for oss, på ulike måtar, at me har noko godt og stort i vente. Sterke og gode ord som skjold og miskunn er nytta i Sal 33. I Hebr 6 talast det om eit trygt og fast anker, på innsida!

Uro og angst

Tekstavsnittet vårt tek til med at Jesus seier: Lat ikkje hjarta dykkar uroast. På menneskeleg vis kan me godt forstå at han seier akkurat det. For rett før har han sagt til venene sine at han skal gå bort, og dit han går kan dei ikkje koma. Peter spør ein ekstra gong kvar Jesus skal gå (13,36f). Men han får eit rystande svar. – Hanen skal ikkje gala før du har fornekta meg tre gonger. Dei andre læresveinane høyrde det same.

Somme omsetjingar nyttar ordet angst. Angst og uro kan ein definera likt, men i helsemessig og medisinsk forstand er nok angst ei verre liding. Kan i alle fall vera det. Olav Skjevesland (Den gode jord, Verbum 2013) skriv at det greske ordet som her er nytta – tarasso – er brukt  tre gonger der Jesus sjølv vart djupt opprørt. Nemleg ved Lasarus’ grav (11,33), innføre tanken om at han sjølv skulle døy (12,27) og i samband med Judas sitt svik (13,21). Enten ein då nyttar uro eller angst, forstår me at dette bryt på djupt vatn hjå læresveinane.

Prøvd i alt

Det fine og gode er at Jesus forstår læresveinane sin uro og angst. For han har kjent på dette sjølv – fleire gonger. Ja, me veit frå Bibelen at Jesus er prøvd i alt, som oss, men utan synd. Men akkurat her kjem det så nær oss. For me er som læresveinane. Me kan kjenna på redsle, uro eller angst. Me kan setja mange ord på slike kjensler. Og sanneleg er det mangt og mykje som kan uroa og engsta oss. Det gjeld både personlege og familiære tilhøve, sjukdom, framtida, omsorg for borna og dei små, for den politiske utviklinga, miljøkrisa, og mykje meir.

Etter eit par år med pandemi og etter det fleire år med krig både i Europa og Midt-Austen og stor uro i mange land, til dømes Myanmar, Yemen, Syria, Afghanistan, Nord-Korea, Sudan, Nigeria, Etiopia, og fleire med, så går det knapt ein dag utan at me spør oss: Kvar ber det av? Kvar er du, Gud? Kvifor grip du ikkje inn? Freden i Gaza og Midt-Austen som vart framforhandla i midten av oktober, var eit stort ljosglimt. Men uroen gneg; vil dette vara? Både jesustruande jødar og sikkert alle andre jødar, same kva land dei bur i, kjenner på både angst og uro. Antisemittismen sitt grelle andlet syner seg sterkare og sterkare rundt om. Ikkje alltid så lett for nokon av oss å gjera som Jesus seier til venene sine her: Tru på Gud og tru på meg!

Jesus tek opp att i samtalen med dei at han går bort. Jesu vener frykta nok at det innebar at han aldri kom att. Men slik var det ikkje. Nei, eg kjem att, seier Jesus. I mellomtida skal eg ordna bustad for kvar einskild av dykk i huset åt far min. Når eg er ferdig med dette, kjem eg att. Då tek eg dykk med meg, slik at de og skal vera der eg er.

Men det er nesten ein slags snert eller ironi i det Jesus seier til venene sine, eller om ein vil; i måten han seier det på. Han gjer dei litt flaue og skamfulle når han presiserer dette: Hadde eg sagt dette til dykk, hvis det ikkje var slik? Med spørsmålsteikn! De har jo høyrt at eg har lova dykk bustad i paradis, og at det skal vera god plass til alle! Men poenget til Jesus er nok ikkje å gjera dei forlegne, sjølv om han godt forstod at dei ikkje forstod! Poenget er nok å understreka kva han har lova dei, og då er det ingen grunn til otte eller uro.

Eit stort hus

Det må i alle fall vera eit stort hus, som skal romma så mange frå alle tider og alle ætter og tungemål. I Lukas 16,9 står det om dei evige bustadane. Olaf Moe (Bibelverket 1969) opnar for tanken om at romma i Guds hus er ulike, slik at dette huset skal kunna ha plass til alle som trur. For me er jo så ulike, me som trur. Men kanskje også slik at me kan halda på vår personlegdom og ulikskapar i himmelen. Mange har ymse tankar og forestillingar om kva som vil møta oss i dei ævelege bustadane. Dei sterkaste og mest personlege er ofte vona om å treffa våre eigne att; dei som har reist i førevegen. Om enn romma i Far sitt hus kan utformast litt ulike, er det likevel snakk om eitt stort hus. Det vert ikkje bygt einebustader eller rekkjehus i himmelen, for å dvela litt med bustad-biletet. Alle saman skal få plass i Guds hus. Både jesustruande jødar og oss kristne av folkeslaga. Jesus har også lova måltidsfellesskap med mange av patriarkane frå den tidlege tida! Kor storarta alt dette må bli!

Men at læresveinane heilt sikkert både kunne kjenna på uro og klødde seg i hovudet av ein sånn tale, det er eg overtydd om. Kven kunne skjøna sånt? Me forstår det heller ikkje, etter to tusen år, og etter at me har studert Bibelen og lytta til kristne røynsler frå mange tidsepokar.

Håp og forventning

Dit eg går, veit de vegen, held Jesus fram. Men ingen grunn til å undrast over at ein av venene  – Tomas, i forlenginga av teksten – bryt ut og vedgår: Me veit korkje kvar du går av, og dermed heller ikkje kvar vegen går.  Teksten denne dagen inviterer slik sett til å lesa vidare, og få betre samanheng i Jesu undervisning. Mellom anna og ikkje minst dette med einskapen mellom Jesus og Far i himmelen. Og Den Heilage Ande som Jesus talar om, frå 14,16 og vidare. Då ser ein også noko meir av korleis jul, påske og pinse heng saman.

Andre søndag i advent. Me tenner dei to ljosa, i takksemd, glede og forventning. Eg er sikker på at alle romma i det store himmelhuset også vil vera godt opplyste. Ingen energikrise der i garden! For det er Guds eigen herlegdom som skal stråla på oss og over oss!

God helg!

Signa adventtid!

Skrevet av: Paul Odland

Pensjonist, tidlegare misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon