Tekstgjennomgåelse for: 5. februar 2023 - 

Såmannssøndag

Preiketekst: Luk 8,4-15
Lesetekst I: Jes 55,8-13
Lesetekst II: Hebr 4,12-13

Juledag tala me om Jesus som ‘Ordet’.  Utover i evangelieboka blir dette utfylt.  Jesus Messias som ordets mann, med ordet i si makt, men òg som Ordet.  (Matt 7,28).

Betlehemsnatta vart opplyst av Ordet frå Guds munn, formidla av bodberarar (Luk 2,10 ff).  12-åringen vart ført opp til Jerusalem og Sion, heilt i pakt med Guds ord og vilje; der sette han seg ‘midt blant lærarane’, og tok imot, vekselsvis gav, orda og Ordet.

Og Freistaren vart driven tilbake av Ordet frå Guds munn (Luk 4).

Lista er lang i NT over akkurat det same: Jesus Messias er Ordet, i seg sjølv og i møte med menneske.

Såkornet

Vår søndag no, blir kalla ‘Såmannssøndagen’ etter dagens tekst, eller ‘Bibeldagen’ etter ‘saka’.

Anten det er i Egypt eller Egersund, er ‘åkeren’ den same: Såkornet, Guds ord, må såast i menneskehjarta, til liv og vokster i tru og etterfølging.

For ‘såkornet er Guds ord’, seier Jesus (v 11).  Han som skapte himmelen og jorda, skapte også ‘planter som set frø’ (1 Mos 1,11).  Slik den vakre, mangfaldige jorda er av Gud, slik er også Guds rike av Gud.  Og ‘såkornet er Guds ord’.  Ikkje ved naturgjevne føresetnader berre, men ved Jesu person, slik Ordet og orda bringer han inn og ut (jfr lesetekst Jes 55.8-13). Skapinga skjer no, heile tida – så lenge Herren seier ‘Det verte’. Så lenge Ordet lyder og finn ‘den gode jorda’, veks Guds rike, heilt til Ordet Jesus kjem att.

Vår  ‘liknar-på-forteljing’, får også si forklaring; det skjer ikkje alltid.  Ordet/såkornet får gjera si gjerning, og ordet om Ordet blir ein del av såkornet.  Men denne dagen får læresveinane tolking og samanheng (v 10 ff).

Bibeldagen handlar sjølvsagt om nettopp Bibelen.  Og Bibelen er ‘Guds ord – levande og verksamt’ (Hebr 4,12).  Fordi såkornet skaper liv.  Jesus er ordet og Ordet.  Det er hans person, liv og gjerning som blir sådd og planta i menneskeliv.

Verknad og oppdrag

Kjære predikant: du er med på noko stort!  Å bringa Den heilage Guds vilje ut til menneske og inn i hjarto.  Å gjera ‘Messias kjent, trudd og etterfylgd’.  Og du får oppmuntra andre til same frimodige vitnemål: kvar kristen har jo dette heilage, velsigna kallet.  Trua kjennest ofte sped og svak, men krafta ligg ikkje primært i formidling og planting.  Krafta er jo såkornet/Guds ord i seg sjølv.

Kjære Israelsvener: for ein Gud me har!  ‘Abraham, Isak og Jakobs Gud’, ein Gud og Far som har forvandla menneskeliv.  Ein Frelsar for Israel og verda, som overprøver dødens lov, til evig liv for den som trur.

I år vil me gladeleg gje merksemd til dei kjempande Messias-vener i Egypt.  Me faldar, evt løfter, hender, i bøn til Gud at dei alle, både Israel, Egypt og verda, må bli frelste.

Dette er jo Herrens usvikelege vilje, dette er hans Frelse: at det evige livs ord, ja, Ordet, må ‘bli menneske’ framleis, til framtid, frelse og fred, etter hans ord.

Når det vårast meir ute, kneler me i bed og kjøkkenhage, til såing, planting og luking; men i Guds rike er det alltid sesong, så lenge Gud vil!

Gud, la oss i din kunnskap fremmes, så det vi lærer, aldri glemmes,  men vokser med oss dag for dag! At det kan modnes som du sådde, og vi hos deg må finne nåde, og du i oss ditt velbehag. (N13 568)

Skrevet av: Geir Paulsen

Prost i Indre Sogn prosti / Leiar i styringsgruppa for Israelsmisjonen i Sogn og Fjordane