Tekstgjennomgåelse for: 6. september 2026 - 

15. søndag i treenighetstiden

Søndagens tekster: Mi 6,6–8; Fil 1,9–11; Matt 5,38–48

Tekst og tema denne søndagen midt i treeiningstida, er på eit vis tydeleg.  Veldig anten/eller, med to ‘kolonner’, som om det handla om skjema eller rekneskap.  Livet er jo likevel ikkje enkelt å halda styr på, heller ikkje livet som Kristus-truande.  Norm og màl er kjent, men livet har det med å gå sine eigne vegar.

‘De har høyrt det er sagt’

Jesus Messias har samla flokken sin, og fleire stod rundt.  Herren er tydeleg i si undervisning; Bergpreika er ryddig slik læresveinar og vordande apostlar treng det. Oppsummerande sluttord er talande: ‘Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen’. Herren har på jødisk manèr sett seg for å undervisa.  Han loddar djupt i jødisk i tru og tradisjon.  Hovudteksten vår er ein del av antitesene: de har høyrt det er sagt/men eg seier dykk. Første leseteksten denne søndagen er ein viktig bakgrunn for å skjøna evangelieteksten. Kva skal eg koma fram for Herren med, er spørsmålet (Mi 6,6).  Det var hjå paktsfolket er avgjerande spørsmål.  Den heilage Gud er den som ser, den som krev og forventar, fordi han er heilag, og har ved si utveljing også helga folket han valde.

Offer for Gud

Profeten formidlar både stadfesting og fornying: brennoffer med kalvar og vèrar, osv.  Er det dette Israels Gud krev? Ja, men det stikk djupare.  Han forventar av folket ei indre overgjeving som styrer veremåten.  Ikkje ei ‘matematisk’ kryssliste over gjort og ugjort, som so kan finna sin balanse i utførte pålagde offer.  Men profetordet gjer tydeleg den underliggjande tanken i offer og livet etter Guds heilage vilje. Kva er godt, kva krev Herren? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud. (Mi 6,8). Eit livsfelleskap med Herren Gud, han som skapte og valde.  Eit folk som speglar Gud himmel (hjarta) av. (N 666,3).

Rettferds frukt

Brevteksten frå Fil 1, er også nyttig oppfølgjing av evangelieteksten. Paulus skriv at han bed for Guds kyrkjelyd i Filippi at kjærleiken (deira) må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt so dei kan skjøna kva som er viktig, og bli fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud (vers 9–11).

Annleis

Dette har de høyrt, sa Jesus: Auge for auge, tann for tann. Ein balansert rekneskap i forholdet menneske imellom. Reaksjon på urett må stå i rimeleg forhold til uretten.  Slik blir rettferda tydeleggjort. Dette var i Jesu samtid truleg eit akseptert reaksjonsmønster.

Men hjå Jesu vener skulle det vera annleis! Fordi Gud er annleis.  Guds rettferd krev rett ferd, men Guds kjærleik, som spring ut av Guds heilage hjarta, ser lenger og djupare enn berre til ytre system og struktur.  Om nokon krev noko av deg, så skal du gje av hjarta meir enn det den andre forventar. Å venda det andre kinnet til, når nokon slår deg, det er annleis, både i Jesu samtid og vår.  Fordi Gud er annleis, Jesus Messias er annleis enn den jødefolket venta, han som skulle gjera retten og rettferda fullkomen. Krev nokon kappa, skal læresvein og Gudsfolk gje (under)skjorta med, og soleis stå naken att.

Guds kjærleik er langt, langt større (Sb 76). Når det so gjeld vår kjærleik, har den sanneleg potensiale til å veksa, men ikkje for å nå opp til Guds totale og absolutte og grensespengjande kjærleik!

Elska fiendane dykkar, seier Jesus.  Det utfordrar!  Å elska nesten, er eit gudgjeve bod, som sikkert vann almen aksept hjå Jesu tilhøyrarar, og gjer det framleis.  Nestekjærleiksbodet gjeld alle menneske, både gjevar og mottakar. Også i Herrens kyrkjelyd skal dette vera norm.  For å gjera Guds vilje må vel liggja Guds born på hjarta.  Men kven er så nesten min? spør den lovkunnige (!). Og svaret er likninga om den miskunnsame samaritanen.

Spørsmålet er brennande også i 2026. Det er enkelt å elska den me likar, ja, det er enkelt å proklamera kjærleik til ‘heile verda’. Men nærleik både gjev og krev. Er Putin, Trump, Zelenskyj og Netanyahu min neste? Det kan jo vera eit tankeeksperiment. Og svaret lyt vera ‘Ja’.

Men livet i dagleg etterfølgjing er meir enn leik med prinsipp; nesten er den som står meg nær, som eg lyt akseptera som medskapning, skapt av den same Gud og Herre som eg er det.  For den som lever truas liv, gjeld det same: sjølv den og dei som måtte stå meg imot (‘fiende’) er neste og med-menneske, ja, kanskje også medkristen.

Kva ville Jesus ha gjort (WWJD)?  Det har vore ei leidestjerna siste åra.  Eit slikt spørsmål kan løysa ut mang ei god gjerning, om enn svaret på testspørsmålet ikkje alltid er enkelt å finna.

Læresveinane fekk erfara livet med Jesus, også etter hans død, oppstode og himmelferd.  Dei fekk oppleva sigrar og nederlag, men Guds rike voks når Jesu gjerning og førebilete var levande mellom menneske!

Som eg har elska

Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen. Sa Jesus.  Og me skal ikkje ha ambisjon om å vera perfekt, men meir tenkja overgjeving til Guds fullkomne kjærleik, som han ikkje heldt for seg sjølv, men gav i Jesus Messias, til Israel og verda.  Jesus er vegen, me skal følgja, i innviing nettopp til Herren, so hans kjærleik kan gje vokster i eige liv og bli til deling med dei rundt oss. Slik både i dagleg Jesus-liv og til misjon!

Skrevet av: Geir Paulsen

Prest / frivillig medarbeidar i Den Norske Israelsmisjon