Tekstgjennomgåelse for: 26. april 2026 - 

4. søndag i påsketiden

Søndagens tekstar: Jes 54,7–10 eller Apg 9,36–43; Fil 3,12–14; Joh 16,16-22

Jesus held avskilstalen for læresveinane, før han måtte lida og døy. I Johannes-evangeliet strekkjer han seg over tre heile kapittel (14, 15 og 16). Kan henda er det litt rart at det vert henta tekst frå denne bolken no, sidan me er godt uti påsketida eller oppstode-tida. Det er alt fleire veker sidan me feira at Jesus stod opp av grava. Og me proklamerer med stor glede og kraft: Han lever!

Men teksten er legitim nok, sjølv om me er ved fjerde søndag i påsketida. For også her, som så mange andre stader i bibeltekstane, er det dobbel botn. Innhaldet i tekstane er ofte så rike at det i fleire lag ligg noko godt og ventar på den som vil lesa og ta imot. Og sett frå eit veldig praktisk synspunkt, så er det så mykje fint i avskilstalen, som ein gjerne vil ha fram i forsamlingar og kyrkjelydar, men som det ikkje er søndagar nok i påskehøgtida og rett før, til å løfta fram. Derfor er det fint at noko av denne rikdomen kan koma litt «forsinka»!

Mange ansikt

Det å skiljast kan elles vera så mangt. Ein avskil kan ha mange ansikt. Tenk berre etter kva me kan seia og skriva sånn til kvardags. Adjø er noko høgtideleg, og ikkje er det norsk heller. Men det er jo det flottaste. Må Gud vera med deg, tyder det, fritt omsett. Farvel, seier me. Det er eigentleg to ord; å fara i veg, og at det må gå ein vel. Eit varmt ønskje, altså. Ha ein god dag! Kjør forsiktig! Eg må stikka. Ser deg i morgon! Sender deg ein sms!

Me kunne laga ei lang liste. Av og til er avskilen kombinert med ein god klem, eit varmt kyss, ein vinkar til kvarandre. Men somme gonger smeller me med døra når me går, eller legg igjen noko som sårar. Ofte er avskil kombinert med tårer, enten grunna i kjærleik eller vemod eller frykt. Det kan vera ein avskil der me er glade for å koma vekk. Men også avskilar me gruar for. Ofte veit me kor lenge avskilen varer. Andre gonger er det ein ukjent faktor. Til slutt kjem den endelege avskilen; det endelege farvel med ein som stod deg nær….

Dobbel botn

Kva er så den doble botnen i dette tekstavsnittet? Jesus lovar jo vennene sine at dei skal møtast att. Det skal skje om ei lita stund, og om endå ei lita stund.

Me skal ikkje hovera over at læresveinane ikkje skjøna dette. Det er krevjande nok for oss å gripa det, som har to tusen års kristen erfaring bak oss og som veit kva som skjedde etter denne samtalen. Dei kunne ikkje ana kva som venta dei, og at frelsa som Jesus hadde snakka om, skulle skje på den måten at deira gode venn, Meisteren, skulle plagast og lida og døy på ein kross. Og slett ikkje at gjennombrotet skulle skje ved at han kom tilbake til livet. Eg slit med å gripa og skjøna dette den dag i dag. Og endå meir at det også var for meg! Og at dette skulle vera nok for sæle og evig liv!

Oppstode frå dei døde

Den første botnen er dermed det faktum at Jesus skulle lida og døy, og stå opp att, og at han skulle møta att læresveinane. Det skjedde jo også slik, og me har mange og herlege tekstar i Det nye testamente som skildrar ulike personar sitt møte med Jesus, både kvinner og menn. -Eg går til Faderen, sa Jesus til vennene sine. Det kan me kalla for den andre botnen i teksten her. Det er det som skjedde på den dagen me kallar Kristi himmelfartsdag. Då vart Jesus løfta opp i skyene, opp og heim til Far i himmelen. Dette skjedde førti dagar etter oppstoda; det som Jesus her i teksten kallar for «om endå ei lita stund».

Kva så? Vil læresveinane, både dei som var rundt han den gongen, og me som er hans medarbeidarar i alle generasjonar sidan, møta han att? Eller – vil han møta oss att (vers 22)? Ja, det har me hans ord på. Han har ikkje forlatt sine. Gud sende Den Heilage Ande som gjev hjelp og trøyst, råd og rettleiing. I Den Heilage Ande lever me i Jesu nærvær. Jesus skal koma att «for å døma levande og døde», som me seier fram i vedkjenninga vår. I mellomtida skal me arbeida i vingarden hans, med å byggja hans rike, mellom det gamle utvalde folket, og mellom folkeslaga. Når alle har fått høyra, og Guds rike er planta i alle land, kulturar og folkeslag, då kan enden koma. Då skal dei som trur, få sjå han med augo på ny. Då skal Han møta oss!

Glede over nytt liv

I mellomtida kan det nok vanka både slit og sakn, tungt arbeid og redsle for at det heile mislukkast. Teksten brukar det sterke, men vel kjende biletet med fødsel. Ein må gjennom ein porsjon smerte før gleda over det nye livet kan sleppast laust. Det gjeld både mora og faren til barnet, på kvar sin måte. Eg skal ikkje seia kven som har det verst… Men dette biletet er heller ikkje eintydig. Av og til er det faktisk motsatt av det me les i teksten. Gleda og forventninga er stor, men det ender i smerte og sorg.

Sjølv har eg vore til stades ved mange fødslar; både våre eigne barn, men også fleire andre frå den tida eg var sjukepleiestudent. Ei fødeavdeling er på mange måtar ein glad plass på eit sjukehus, der det elles er mykje sårt og vondt. Men av og til, heldigvis sjelden, går det galt med ein fødsel, enten for barnet, eller mora, eller begge. Aldri er smerten og sorga så intens som då. Som student fekk eg vera med og dela slike erfaringar. Ein gløymer ikkje noko sånt.

Men normalen er slik Jesus brukar biletet. Smertene vert gløymt. Fokus er på det nye livet, og gleda kan vera reint ekstatisk! Og denne gleda kan og skal ingen ta frå oss.

Rike perspektiv

Innhaldet i lesetekstane høyrer alltid med. Alle tre inneheld sterke ord om overgangar frå noko vondt og uferdig, til noko stort og gledefylt.

Jesaja skriv om kontrasten mellom det å vera forlatt av Han, og til at han forbarmar seg over folket sitt med evig miskunn. Teksten frå Apg inneheld ei av forteljingane i Det nye testamente om døde som får livet tilbake. Tabita, også kalla Dorkas, vart sjuk og døydde, men Guds kraft var sterkare enn døden. Livet vann! Sanneleg – her er mykje å strekkja seg etter, som Paulus uttrykkjer det til filipparane. Me får lov å gløyma det som ligg bak, og jaga mot målet, til sigersprisen som Gud har kalla oss til!

Alt dette er mange rike perspektiv å ta med seg framover mot mai. I skrivande stund er det vår, som er ei flott tid. Men nettopp mai månad minner oss om både sorg og glede. Det er 86 år i år sidan sorg og smerte kom over landet vårt. Men også 81 år sidan frigjeringa i mai 1945. Då «kunne hjarta dykkar gleda seg», som vers 22 i hovudteksten uttrykkjer det.

Me ønskjer kvarandre god helg og ei rik oppstode-tid!

Skrevet av: Paul Odland

Utdanna diakon. Pensjonert misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon