Tekstgjennomgåelse for: 26. mars 2023 - 

Maria budskapsdag

Preiketekst: Luk 1,26-38
Lesetekst I: Jes 7,10-14
Lesetekst II: Gal 4,4-7

Maria bodskapsdag

«Trur du på ein Gud som grip inn?» Dette spørsmålet fekk eg ein gong av ein pilegrim eg hadde blitt kjent med på vandringa tidlegare på dagen. Det kom etter ein innleiande samtale der me fortalde kvarandre om bakgrunnen vår. Det blei ein interessant dag med samtalar om Guds nærvær i det vanlege livet og om ein Gud som er større enn alt i det vanlege livet. Og ja, ein Gud som gjer under, ein Gud som grip inn. Ikkje alltid. Ikkje på bestilling. Og ikkje på ein måte me kan forstå. For Guds tankar er større enn våre tankar (Jes 55,8). Gud er alltid større, har me lært frå kyrkjefedrane.

Maria Bodskapsdag er dagen då me kan dykka ned i det største underet, at Gud blei menneske. Det er fint å løfta fram mysteriet omkring Jesu fødsel, òg utanom julehøgtida.

Jødisk bakgrunn for bodskapet til Maria

Evangelisten Lukas, som truleg ikkje var jøde, opnar evangeliet med å fortelja koss han har arbeidd med å samla stoff til skriftet sitt. Han har vurdert forskjellige framstillingar frå dei som var augnevitne. Det er tydeleg at han i kapittel 1-2 på ein eller annan måte har fått tilgang på Maria si forteljing om det som skjedde i samband med Jesu fødsel. Dette er ei forteljing som er djupt forankra i jødisk tru og tradisjon.

Lukas fortel at Maria gøymde alt ho fekk høyra om barnet sitt, i hjartet sitt (2,19). Det gjaldt nok òg det engelen Gabriel fortalde henne den dagen i Nasaret. Ho lytta til det ho fekk høyra, både frå engelen og frå menneske, og sikkert òg frå dei heilage skriftene i Den hebraiske bibelen (GT). Og ho grunda på det. Dermed har Maria kunna gje eit viktig bidrag til evangeliet om Jesus, spesielt i evangelisten Lukas sin versjon.

Lukas gir oss mange trådar tilbake til GT. Me kan merka oss teksten i Dom 13,2-7 der ein engel fortel ei kvinne som ikkje kunne få barn, at ho skulle «bli med barn og føda ein son». Ho blei mor til nasirearen Samson. Likevel er nok dei ulike utsegnene om barnet som Maria skulle få, dei viktigaste for oss. Engelen sine ord er full av uttrykk som knyter Jesus til jødisk tru og Messias-forventing.

Jesus var gjennom Josef (!) av Davids ætt (v 27), og Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans (v 32). Han er Son til Den høgste (Gud), og skal vera konge over Jakobs hus (eit uttrykk for Israelsfolket) til evig tid (v 32-33).

Gud gir gjennom engelen barnet namnet Jesus (v 31). Dette er det hebraiske namnet Jesjua (Jehosjua/Josva). Namnet tyder Herren frelser. «Jesus» er ei namneform som har kome til oss via gresk språk. Dei messianske jødane brukar i dag forma Yeshua på moderne hebraisk.

Marias ord kjem fram to gonger i teksten: I vers 34 der ho spør engelen om koss dette skal gå til når ho ikkje har vore saman (seksuelt) med nokon mann, og i vers 38 der ho gir sin positive respons på engelen sitt bodskap.

Bodskapet til Maria samanlikna med bodskapet til Sakarja

Teksten er nært knytt til den føregåande forteljinga om bodskapet til Sakarja (1,5-25). Dei to tekstane har mykje til felles. Engelen Gabriel (Dan 8,16 og 9,21) kjem med bodskap frå Gud både til Sakarja og Maria. Lukas formulerer seg likevel forskjellig i omtalen av barna, og nettopp forskjellane poengterer at Jesus er større enn Johannes. Her er nokre døme:

Johannes skal vera stor i Herrens auge (v 15). Jesus skal vera stor og kallast Son til Den høgste (v 32).

Johannes skal gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd (v 17). Jesus skal vera konge over folket til evig tid (v 33).

Johannes skal vera fylt av Den heilage ande (v 15) som ein profet. Jesus skal gjennom krafta frå Den heilage ande vera heilag og kallast Guds Son (v 35).

Men også mottakarane av bodskapa, Sakarja og Maria, er ulike. Maria er i ein heilt annan posisjon i samfunnet i forhold til Sakarja. Ho er ung i ei verd som verdsette alder, kvinne i ei verd regjert av menn, utan nokon offisiell rolle.

Og som mottakarar reagerte dei forskjellig. Sakarja sa: Korleis kan eg vita at dette er sant? (v 18). Han blei stum på grunn av denne reaksjonen (v 20). Maria sa: Lat det gå med meg som du har sagt (v 38). Dette forløyste den store lovsongen (v 46 ff).

Lesetekstane

Leseteksten frå Jesaia (Jes 7,10-14) handlar om Immanuel-teiknet. Kyrkja har alltid forstått orda i vers 14 som ein profeti om Jesus, barnet som blei født av jomfru Maria. Dette trass i at det er tydingsnyansar i dei hebraiske og greske orda som ligg bak, og det derfor er ulike meiningar om omsetjinga til norsk. Bibel 2011 brukar «ung jente» i Jesaiateksten, mens det står «møy/jomfru» i Matt 1,23 der profetien blir sitert. Bakgrunnen er at teksten frå profeten Jesaia er omsett frå hebraisk, mens evangelisten siterer profetien i den greske omsetjinga. Andre bibelomsetjingar brukar møy/jomfru begge stadane. Profetien gir oss det hebraiske namnet Immanuel (Gud med oss), eitt av dei mange flotte namna som er knytt til Jesus.

Leseteksten frå Galatarbrevet (Gal 4,4-7) kan kallast Paulus sitt juleevangelium. Teksten framhevar at Jesus er sendt og dermed kjem frå Gud. Uttrykket «fødd under lova» betyr heilt konkret at han kom som jøde. Dette skjedde då «tida var fullkomen», det var Gud som bestemte når (og kvar) Jesu fødsel skulle skje.

Forslag til preikedisposisjon

  1. Underet Jesus
  2. Underet Maria
  3. Underet i våre liv

Disposisjonen er henta frå Geir Sørebø si nettside http://sorebo.com/Filer/Plk1-26.htm der Sørebø har ei lita forteljing til kvart av punkta. Dersom forkynninga skjer i ei gudsteneste med dåp, ville eg ha lagt inn eit ekstra avsnitt mellom punkt 2 og 3: Underet i dåpen.

Avsnittet om samanlikninga mellom dei to bodskapa frå engelen, bygger i stor grad på Luke Timothy Johnson: The Gospel of Luke. Sacra Pagina. Minnesota 1991.

Skrevet av: Arne Berge

Sokneprest i Hinna, Ytre Stavanger prosti / frivillig medarbeidar i Israelsmisjonen