Tekstgjennomgåelse for: 9. april 2023 - 

Påskedag

Preiketekst: Luk 24, 1-9
Lesetekst I: Salme 118, 14-24
Lesetekst II: 1 Kor 15, 1-11

Då den kjente engelske arkitekten Christopher Wren mot slutten av 1600-talet fekk i oppdrag å byggja St. Paul’s Cathedral i London, brukte han og assistentane hans lang tid på å finna den rette plasseringa i terrenget. Under leitinga fann ein av assistentane ein gravstein på eit høgtliggjande punkt, ikkje langt frå Themsen. Eit par av dei latinske orda på steinen var framleis mogleg å lesa. Der sto det, omsett til norsk: Eg skal stå opp att.

Ved dette funnet utbraut Wren spontant: Her plasserer me sentrum!

Er dette sant, eller from dikting? Det kan eg ikkje fastslå. Men i alle fall er det ingen tvil om at me påskemorgon står både i kyrkja og trua sitt sentrum. Det var då Jesus Messias kom tilbake frå døden og langfredagsmørket med ljos, siger og ny framtid. I år fell påskedag på ein av dei aller mørkaste datoane som finst i Noregssoga, nemleg 09. april. Den gongen, i 1940, kom dagen med okkupasjon og ufridom, mørke og fortviling. I år – på denne dagen og datoen – er det fridom, forsoning, frelse og sæle som dominerer. Berre ljose og gode ord!

Angande urter og salvar

I siste delen av kapitlet føreåt hjå Lukas står det om Josef frå Arimatea. Han var rådsherre og ein god og rettferdig mann. Josef hadde ikkje vore samd med rådet i alle planane dei la for å rydda Jesus av vegen. Josef venta på Guds rike, står det. Det nye testamente fortel oss at det var fleire slike «nikodemusar» i Det høge rådet. Josef frå Arimatea tok mot til seg og ba den mektige Pilatus om å få ta den døde lekamen ned og sørga for gravferd, på verdig vis, med sveiping i fint linklede. Jesus fekk sin plass i ei grav som til då ikkje hadde vore i bruk, hoggen ut i berget.

Nokre av kvinnene fylgde med på dette, og visste både kvar lekamen vart lagt, og korleis han låg. Alt på fredagskvelden, før sabbaten gjekk definitivt inn, gjorde dei i stand urter og salvar som dei ville bruka på den døde. Men etter lova heldt dei seg i ro den heile neste dagen, sabbaten. Derimot – grytidlig på den første dagen i veka – kom dei til grava att, med dei angane urtene og salvane. Det står vel ikkje at dei fekk sjokk då dei var på plass, men det må jo ha vore ei særdeles sterk oppleving, inkludert både sjokk, overrasking, forundring, frykt, sinne – heile kjenslespekteret. Kva hadde skjedd? Hadde nokon drive med gravskjending; eit fenomen som me høyrer om av og til i vår tid – like tragisk for kvar gong det skjer! Kven er det som finn på å opna grava, berre eit døgn og to etter at den døde er gravlagt?

Englane talar

Ikkje det grann rart at dei står der og «ikkje visste kva dei skulle tenkja», etter at dei hadde forvissa seg om at grava var tom. Det var ikkje noko dødt menneske der. Heller ikkje vaktmenn. Og dei var tydelegvis heilt skråsikre på at dei hadde gått til den rette grava. Dei såg jo kvar Josef frå Arimatea gravla han.

Samtalen som no fylgjer mellom kvinnene og dei to mannlege englane, er både forunderleg og unik. Det vil seia – samtale er det ikkje. Det er berre englane som talar. Kvinnene er så prega av mange slags kjensler, av frykt og redsle ikkje minst, at dei ikkje får fram eit ord. Uroa med tanke på kva som hadde skjedd, var ei side av saka. Dei strålande og lysande englane – inne i gravtusmørket – ei anna side. Og ikkje minst det dei sa: Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her. Han er oppstaden!

Preikesøndag i særklasse

Påskedag er ein festdag, ein proklamasjonssøndag framføre alle andre. Det er ein jubeldag prega av fryd og glede. Dagen er også kalla alle prestars og predikantars ønskedag.

Javisst. Men:

  • Her skal ein tolka og tyda det som ikkje kan verken tolkast eller tydast
  • Her skal ein forklara det som mennesket ikkje kan forklara, det som ikkje kom opp i noko menneskehjarta
  • Her skal ein gripa det som er ubegripeleg

Både prestar, andre predikantar og einkvar av oss kan kjenna seg matte av mindre!

Oppstoda varslar noko heilt nytt, noko heilt uhøyrt. Verda har fått ein ny røyndom. Ikkje det grann merkeleg at tidsrekninga heilt fram til vår tid har gått ut frå Jesus – så og så mange år før eller etter. At det no dei siste åra i mange samanhengar har vorte endra til EVT – etter vår tidsrekning – er ei anna sak. Men om ikkje Jesu namn kan nemnast, så er me like fullt i år 2023! Me tel åra etter Jesu leveår på jorda!

Ute i naturen veks blomane fram; dei spirer av svart jord, noko som ofte er utlagt som symbol for oppstoda. Utan tvil høver det særs godt her i det høge nord at påske og vår kjem samstundes.

Jau, stor grunn til å fryd og glede. Samtidig må me innsjå at oppstoda sprengjer alle våre kategoriar. Me har ikkje gode nok assosiasjonar til det Gud gjorde gjennom sin eigen son. Jesu oppstode var ei handling av ei anna verd, men midt i vår verd. Det som ikkje kunne skje, og som ingen kunne tenkja ut at skulle kunne skje, det har skjedd – til frelse for jøde først, så grekar. Påskedag er både gledefylt og glødande, rystande og radikal, uventa og underleg.

Laust snakk

Men korleis var det for Jesu vener denne morgonen? Englane minna kvinnene på at Jesus hadde sagt dei at det som hadde skjedd med han desse siste dagane, det skulle skje akkurat slik. Då står det berre kort og enkelt: Då mintest dei orda hans. (vers 8)

Sjølvsagt trur eg på Bibelen når han fortel dette. Men ein ting er å minnast at slike ord hadde vorte sagt. Noko anna å ta realitetane inn over seg; skjøna dei, gripa dei, tru dei.

Det står vidare at kvinnene fortalde det englane hadde sagt, og det dei hadde sett og opplevd, til dei elleve og dei andre i veneflokken rundt Jesus. Og der stoppar preiketeksten. For meg er det litt godt å sjå vers 11 i forlenginga: Apostlane meinte dette måtte vera laust snakk, og trudde ikkje på det kvinnene fortalde. Ikkje før Peter og ein annan av disiplane sjølve sprang til grava og såg. Då endra dette seg.

Det er utfordrande nok for oss – så lenge etter – å fatta Guds frelseverk gjennom liding, soning og oppstode. At til og med disiplane sleit med å gripa og begripa at det kvinnene fortalde, kunne vera sant, det overraskar meg ikkje – og samstundes er det litt trøysterikt. Også Lina Sandell spør: Er det sant at Jesus er min broder? Me kan leggja til: Ja, det er sant!

Jubeltonar i Salmane

Denne dagen bør ein via rimeleg god plass til lesetekstane. La dei få klinga saman med hovudteksten. Teksten frå Det nye testamente er jo ein del av det store oppstodekapitlet, 1 Kor 15. Paulus strekar sterkt under for oss at alt dette som skjedde, var etter Skriftene. Det var sagt, det var proklamert, men ingen av oss korkje då eller no kunne eller kan fatta det. Det er likevel skjedd, og mange den gongen fekk sjå Jesus lys levande. Paulus antydar i alle fall at det var meir enn fem hundre!

Jubeltonen er ikkje lågare i Salme 118. Herren har gjort det, i våre augo er det eit under (vers 23). Og vidare: Dette er dagen som Herren har gjort, la oss fryda oss og gleda oss på han!

Eg seier på mest mogleg folkeleg vis, til oss alle: Einig med salmisten! God påske! Signa høgtid!

Skrevet av: Paul Odland

Pensjonist. Tidlegare misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon.