Tekstgjennomgåelse for: 23. april 2023 - 

3. søndag i påsketiden

Preiketekst: Joh 10,11-18
Lesetekst I: Esek 34,11-16 (Apg 2,36-41 – ikkje kommentert)
Lesetekst II: 1 Pet 2,20-25

Det latinske namnet på denne søndagen er etter gammalt misericordia, miskunn (barmhjertighet). I dag blir søndagen gjerne kalla hyrdesøndagen. Forholdet mellom gjetaren og sauene som bilde på forholdet mellom Gud og folket står sentralt i tekstane.

Lesetekstane

Esekiel 34,11-16 er ein del av kapitelet hos Esekiel som har overskrifta «Dei dårlege gjetarane og den gode». Profeten er blant dei som er ført bort til Babel, truleg i den første deportasjonen i år 597. Folket har hatt dårlege leiarar (gjetarar Esek 34,2). Esekiel talar trøystande ord – Gud sjølv vil vere gjetaren deira. Han vil samle folket på nytt og føre dei heim, der dei skal få det godt – med «saftige beite på fjella i Israel» og kvile, jf Salme 23. (jf vår tekst, og Jer 23,1-4).

1 Pet 2,20-25 viser til dei kristne sitt liv i verda med utgangspunkt i Kristi eksempel «for at dere skulle følge i hans spor». Teksten har mange referansar til Jesaja 53 og tanken om Herrens lidande tenar. Dette blir kopla saman med gjetarmotivet i Joh 10 og applisert på tilsynsmannfunksjonen i kyrkjelyden.

Preiketeksten

Johannesevangeliet blir gjerne delt inn i ein prolog (1,1-18) og ein epilog (21) med to hovuddeler i midten med vekt på Jesu offentlege virke (1,19-12,50) 0g Jesu liding, død og oppstode (13,1-20,31). Dagens preiketekst (10,11-18) er ein del av ein samtale med folket. Utgangspunktet er at Jesus hadde lækt ein mann som var fødd blind. På Jesu spørsmål til den tidlegare blinde «Trur du på Menneskesonen?» svarte han: «Kven er han då, gode Herre, så eg kan tru på han?» (9,35-36). Deretter følgjer Jesus opp og avslører meir av kven han er.

Jesu ubegrensa omsorg for sine

Eg er den gode gjetaren: Det er berre i Johannesevangeliet at Jesus brukar uttrykket Eg er

(gresk egå eimi) om seg sjølv – dette blir følgd av ulike bilde (livsens brød 6,35, lyset i verda 8,12, porten 10,7.9 m fl). Gjennom dei mange eg-orda vil Jesus slik gi til kjenne ulike aspekt ved kven han er. I GT presenterer Gud seg for Moses med namnet Eg er (2 Mos 3,14). Når Jesus brukar uttrykket Eg er, vil folket dermed assosiere til gudsnamnet. Det var provoserande for mange (jf Joh 10,19f).

Det er eg som er den gode gjetaren, seier Jesus. Vekta ligg på eg. Han er den eine gode, ikkje ein blant mange. Det ligg noko eksklusivt i utsagnet. Den gode gjetaren vil gi flokken det beste. Profeten Esekiel utdjupar dette: gjetaren samlar flokken, gir tryggleik og omsorg i overflod (Esek 34, jf også Salme 23). Dette står i motsetning til alle som gir seg ut for å vere gjetarar, leiarar, utan å tenkje på flokkens, folkets, beste. Dei er som leigekaren som berre har tanke for seg sjølv og som forlet flokken når det røyner på. Sjå Matt 9,36: «….dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar».

Kjenneteiknet på den gode gjetaren er at han har ubegrensa omsorg for flokken. Han skyr ikkje noko eige offer. Han ofrar endåtil sitt eige liv for flokken: «Eg set livet til for sauene», seier Jesus (v 15). Leseteksten i 1 Pet 2,22-24 konkretiserer dette – tett knytt til Herrens lidande tenar i Jes 53.

Jesus gir livet sitt for sauene. Men han er ikkje offer for bødlane som tar det: «Ingen tek livet mitt. Eg gjev det frivillig». Jesus er subjekt i offeret for sauene. Han gir livet, og tar det tilbake. Alt på oppdrag frå Far (v 18).

Kjennskap og fellesskap

Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far: Gjetaren kjenner flokken sin, og flokken kjenner gjetaren (v 14). Verbet kjenne (gresk ginåskein) er et sterkt ord om å ha inderleg sjelsfellesskap med ein annan. Det er ingen overflatisk kjennskap. Det er eit kjennskap som inneber gjensidig tillitsforhold og fellesskap. Jesus konstaterer: «Eg kjenner mine, og mine kjenner meg». Slik er det. Men dette nære forholdet spring ut av – og er tufta på – forholdet mellom Gud Far og Jesus. Jesus talar om sauene, dvs menneska, som «mine» fordi han har fått dei av sin Far. Sjå Joh 17,6f: «Dei var dine, og du gav dei til meg». Dette strekar under og følgjer opp Jesus som Gud, jf bruken av Eg er.

Misjonsperspektivet

Eg har og andre sauer som ikkje høyrer til denne flokken: Jesu krav om å vere den einaste betyr at alle menneske – ikkje berre det gamle paktsfolket – høyrer til hos han. Difor finn vi her eit av Johannesevangeliets store misjonsord. Jesus levde og arbeidde blant paktsfolket i eit avgrensa geografisk område. Her skulle Skriftene og løftene oppfyllast. Først måtte Messias fullføre soningsverket i sitt eige folk. Deretter var målet at folk frå heile verda skulle samlast i hans flokk. Hos Jesus er det ikkje motsetning mellom flokken han verka blant og sauene som «ikkje høyrer til denne flokken». Men Jesus poengterer – mellom anna i samtalen med den samaritanske kvinna –  at «…frelsa kjem frå jødane» (Joh 4,22).

Sidan Jesus er den eine gode gjetaren, må han vere gjetar for alle. Men sauene skal ikkje vere spreidde i mange flokkar.  Det skal bli éin flokk og éin gjetar. Dette peikar fram mot kyrkja som vaks fram etter kvart, og som no er til stades i heile verda. Jesus løfter opp visjonen om den universelle kyrkja av Messias-truande jødar og av ikkje-jødar som er kalla ut av folkeslaga til å følgje den gode gjetaren.

Éin flokk – økumenisk fellesskap

Oppsplittinga i ulike kyrkjesamfunn kan i denne samanhengen synast som eit tankekors. Samstundes kan kløfta også synast stor mellom dei messianske kyrkjelydane og andre kyrkjer. Éin flokk blir kanskje først realisert i den kommande verda, i Guds fullkomne rike.

Her og no viser det kor viktig det er for dei ulike flokkane, kyrkjene, å møtast til samtale og tilbeding i eit økumenisk fellesskap. Det som bind saman, er forholdet til gjetaren – til Jesus, forholdet til han som gir livet sitt for sauene, for menneska, for flokken, for kyrkja. Det er viktig å lytte til Jesu stemme, å kjenne Jesus og vere kjent av han (Joh 17,20-21).

Kven er det så som bestemmer kven det er som høyrer til flokken? Av og til kan det vere freistande å dømme andre utanfor eller innanfor. Då er det viktig å hugse at det er den gode gjetaren som kjenner sine og veit kven som høyrer til flokken.

Dermed ligg det eit utfordring til den enkelte og til kyrkja å leve i nær fellesskap med den gode gjetaren – og halde fram med å fortelje om han – og kven han er – til nye menneske og grupper.

Skrevet av: Jorun Elisabeth Berstad Weyde

prest, tidlegare kyrkjefagsjef i Oslo bispedømme