Tekstgjennomgåelse for: 21. september 2025 -
Søndagens tekstar: Rut 1,7-11 + 16-19 / 1 Kor 13,7-13 / Joh 15,9-12
All you need is love?
Det handler om kjærleik. Og kven av oss likar ikkje å høyre om kjærleik? Ein av tekstane på dagen er til og med den mest kjente av alle bibeltekstar, frå 1 Kor 13. Ein tekst som blir lest i mest alle bryllup, vi kallar den for «kjærleikens høgsong».Og om ein ikkje er einig i alt anna i Bibelen, så synes nok alle at dette er flotte og gode ord. «Størst av alt er kjærleiken», seier mange, sjølv om den setninga ikkje står i Bibelen … Og det er vi vel alle einige om? Gløym alle konfliktar, krig og elendigheit, vis kjærleik!
Det høyres jo bra ut. Kvifor er det då så vanskeleg i praksis? Folk burde elske meir, seier vi. Og meinar den sure naboen eller ein som skriv på Facebook! Denne dagen treng vi kanskje på ein særleg måte å snu lyset mot oss sjølve, elskar eg? Bibelen er alltid slik at den talar ikkje til alle andre, men til meg. Det var kanskje det Jesus meinte då han snakka om at vi så lett ser flisa i vår brors auge, men bjelken i vårt eige ser vi ikkje. Guds ord er alltid til meg, og ikkje til alle andre. Så det kan vise oss bjelkane våre.
Eit liv i kjærleik
Det er fort gjort at fokuset på denne søndagen blir: Vis kjærleik! Ver god og snill! Og det er sjølvsagt ikkje feil å be folk vere gode. Men preiketeksten viser oss at Jesus har eit utgangs-punkt for det han seier: «eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik». Det byrjar med Gud, Guds kjærleik, og med Guds bod, Guds gode vilje. Heile Bibelen treng då å klinge med dersom forkynninga ikkje berre skal bli eit ekko av Beatles’ sentimentale song.
Åsta Dokka skreiv i ein artikkel i Vårt Land: Du er god nok. Du er elsket. Gud skapte deg til akkurat den du er. Du er du og du duger. Og størst av alt er kjærligheten. Hørt det i en kirke nær deg? Da er du ikke alene. Men etter å ha hørt nok en kjærlighetspreken blir jeg likevel utålmodig. Det som sies er bra, men så er det noe viktig som ikke sies. Og det som ikke sies, truer troverdigheten til det som sies.
Og så held ho fram med å sei at det er ikkje noko galt i det som blir sagt, men det er noko som manglar, og dermed blir alt galt.
Kva er problemet med denne forkynninga? Jeg vet ikke med mitt liv at det er sant at Gud er kjærlighet. Jeg vil gjerne tro det, ja, jeg insisterer på å tro at det er sant. Men jeg erfarer det ikke. Jeg har ikke virkelighet for disse ordene.
Ein Gud som alltid klapper oss på skuldra, ein Gud som alltid er som ein snill bestefar som seier: «Ja, ja, dei borna, dei borna», ein Gud som djupast sett ikkje bryr seg, korleis kan vi vite og erfare at Han er kjærleik? Ein kjærleg Gud som ikkje bryr seg, som ikkje på nokon måte vil straffe urett, vold, terror? Ein slik Gud har inga forvandlande kraft å gje!
Denne søndagen er eit høve til å ta opp dette viktige temaet.
Ruts bok
Denne søndagen kan ein godt tale om Rut, det er sjeldan ein trekk fram GT i forkynninga, og det er sjeldan ein trekk fram kvinner i Bibelen. For Rut viser at kjærleik ikkje handlar om følelsar, men om handling. Svigermora Naomi seier: Ikkje bli med meg, bli i Moab, det er ikkje nokon vits i å bli med meg, Gud har forlate meg. Det vil ikkje vere godt å bli med med til Betlehem, eit liv i fattigdom (ingen sosiale sikkerhetsnett for enker) og kanskje hata av alle (Rut var moabitt, sjå 5 Mos 23,3-6). Kva er utsiktene viss Rut blir med? I beste fall fattigdom og elendighet, i verste fall endå meir død. Men Rut svarar med eit av Bibelens flottaste vers (vers 16). Ho viser ein kjærleik i handling, og det blir livsforvandlande for Naomi. Og Rut blir ættemor til kong David og dermed også til Jesus.
1 Kor 13
Kanskje er dette søndagen til å snakke om kva Paulus skriv om her i dette kjente kapittelet, for her er mykje forvirring. For er all kjærleik bra? Er all kjærleik god? Tenker vi oss om, så veit vi at det ikkje er slik. «Eg elskar pengar» seier kanskje nokon, og vi tenker: Forstår han ikkje korleis det er øydeleggande? «Eg elskar å reise» seier andre, og vi tenker: Ja vel, men blir du tilfreds av det?
Er all kjærleik bra? Nei, vi ser fort at når Beatles syng «All you need is love!», så treng vi å spørje: Kva slags kjærleik snakkar vi om? Kanskje er det høve til å hente fram Augustin sine kloke tankar om «forvrengt kjærleik» på denne søndagen? Det er det Paulus skriv om ein annan stad når han skriv: «Kjærleik til pengar er rota til alt vondt» (1 Tim 6,10). Det er kjærleik, men det er vrang kjærleik, uordna kjærleik.
Kristi kjærleik
Eller prøve å formidle noko om kva Paulus meiner når han bruker ordet Agape, og ikkje Eros i denne teksten.
Vår oppgave er kanskje det som den katolske presten, filosofen og professoren (ved Charles University i Praha) Tomáš Halík skriv: «Vi må gjenoppdage troen, håpet og kjærligheten så vi kan skille tro fra religiøs overbevisning, håp fra optimisme og kjærlighet fra følelser.»
Vår uordna kjærleik må helbredast. Det skjer berre når vi møter Jesu kjærleik til oss. Paulus møtte Guds agape, det forandra livet hans. Kjærleiken gjorde han til ein som tente, til ein som var villig til å ofre. «Kristi kjærleik tvingar oss», skriv han (2 Kor 5,14). Denne kjærleiken treng vi å få oppdage og erfare på nytt og på nytt.

