Tekstgjennomgåelse for: 22. juni 2025 - 

2. søndag i treenighetstiden

Søndagens tekstar: Esek 36,25-29a / Rom 6,3-8 / Joh 3,1-13

Dagen

Den første delen av kyrkjeåret blir gjerne kalla festhalvåret med jul, påske og pinse. Den andre halvdelen har hatt fleire namn. Tidlegare blei søndagane nummerert som «søndag etter treeining», frå 1977 som «søndag etter pinse», og no «søndag i treeiningstida». Tekstane legg vekt på vekst og mogning, og liturgisk farge er grøn.

Tekstane på denne andre søndagen i treeiningstida er prega av dåp og kva dåpen er.

Lesetekstane

Esek 36,25-29a: Israelsfolket er ført i eksil i Babel (597 f.Kr – 537) som straff for fråfall og ulydnad mot Guds bod. Dei hadde gjort landet «ureint med si ferd og sine gjerningar» (36,16). Profeten Esekiels domsforkynning (kap. 4-32) vender seg til frelsesforkynning etter Jerusalems fall (kap. 33 – 39). Gud har omsorg for folket. I frelseshandlinga er Gud den som handlar. Han vil reinse folket  frå ureinskap og avgudsdyrking med «reint vatn» – slik prestane vart vaska med vatn ved inngangen til heilagdomen (2 Mos 29,4). Det er Gud som fornyar folket og gir nytt hjarte og ny ånd, slik at dei lever i tråd med Hans vilje. Til dette knyter det seg eit løfte om å få bu i det lova landet. Gud fornyar pakta med folket gjennom formelen: «De skal vera mitt folk og eg skal vera dykkar Gud.» (jf. Esek 11,20; Jer 31,31ff, Heb 8,10). Gud handlar med folket – ikkje på grunn av kvalitetar hos folket – men fordi Han er den Han er.

Rom 6,3-8: I brevet til romarane skriv Paulus til kristne – heidningkristne og jødekristne – som han ikkje kjenner frå før (år 57/58 e.Kr.). Her treng han ikkje kommentere utfordringar i kyrkjelydar han har grunnlagt som i andre brev. I staden presenterer han seg og gir ein grundig teologisk gjennomgang av læra si. I kapittel 5 set Paulus opp motpolane: Adam, synd og død – og Jesus Kristus, nåde og liv. Kapitlet avsluttar med orda «For liksom synda fekk herredøme ved døden, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.» (5,21). Kapittel 6 startar med det retoriske spørsmålet: «Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større?» (6,1). «Slett ikkje», svarar Paulus. Å bli døypt til Kristus Jesus er å bli døypt til hans død og til hans oppstode til nytt liv (sjå også Kol 2,12). Teksten understrekar den nære fellesskapen med Jesus i dåpen og i dåpslivet vi skal «leva med han» (v 8; sjå Gal 2,19b-20).

Evangelieteksten

Joh 3,1-13 står i første halvdel av Johannesevangeliet som handlar om Jesu offentlege virke (1,19-12,50). Dette er ein av dei mange lange samtalane som Jesus har med einskildmenneske og som er typisk for dette evangeliet (f.eks. Joh 4,4ff; 4,46ff m.fl.). Samtalen med Nikodemus finst berre hos Johannes. Her kjem han i ly av nattemørkret. Kanskje vil han vere anonym. Kanskje er det fordi lærde samtalar ofte skjedde nattestid. Seinare er han meir ope tilstades nær Jesus (Joh 7,50; 19,39). Som farisear og rådsherre, ein akta mann i det jødiske samfunnet og kjent med skriftene, møter han Jesus med respekt. Han er kjent med teikna Jesus har gjort og titulerer han som Rabbi, «ein lærar som er komen frå Gud». No vil han høyre Jesu meining. Eg–du-samtalen (vers 1-10) går over til ein     vi–de-samtale (frå vers 11). Forskarar meiner at dette referer til seinare samtalar mellom synagoga og kyrkja.

Sjå Guds rike: Poenget i teksten er å få del i Guds rike, frelse. Men korleis? Jesus går direkte på sak: «Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Guds rike var eit kjent omgrep i Nikodemus sin tradisjon. Det var uttrykk for ei tid då Guds skulle gripe inn i historia ein gong i framtida og vise si allmakt. Hos Jesus er Guds rike både framtid og knytt til han i notida. Guds rike samlar i seg alle frelsesgåvene Gud vil gi (eks. Matt 13,31-46). Hos Johannes finn vi «Guds rike» brukt berre her. Til vanleg brukar Johannes heller uttrykket «evig liv» (Joh 3,16; 10,28 mm).

Fødd på nytt: Det greske uttrykket som er omsett med fødd «på nytt», anothen, kan også bety fødd «ovanfrå»(jf.  Joh 3,31; 19,11). Fødsel uttrykkjer noko radikalt – eit før og eit etter. Det er berre ved ei radikal hending ved ei guddommeleg handling ovanfrå at ein kan erfare Guds rike og få del i frelsesgodene, seier Jesus.

Vatn og ande: Nikodemus misforstår og tolkar Jesu tale om fødsel bokstaveleg (jf. liknande misforståing Joh 4,11; 8,22 mm). Men Jesus talar om noko heilt anna, om ein annan dimensjon av himmelsk karakter. Nikodemus kjende truleg til teksten hos profeten Esekiel, der Gud reinsar med vatn og gir sin Ande (jf leseteksten over). Men Jesu tale om å bli «fødd av vatn og Ande» for å komme inn i Guds rike, fører inn noko gjennomgripande nytt. Og Jesus avviser på denne måten farisearane si tru på at Messias ville komme med Guds rike når folket følgde Lova. Vegen til Guds rike går ikkje gjennom gjerningar og lovlydnad. Gud handlar med mennesket gjennom sin Ande på gjennomgripande vis. Og det er Menneskesonen som bind saman det himmelske og det jordiske ved at han steig ned til menneska og steig opp igjen til Gud (sjå m.a. Joh 3,16f).

Tidleg i kyrkja si historie vart orda om den nye fødselen med vatn og Ande forstått som den kristne dåpen, dåpen til Jesu namn (jf. Tit 3,5).

Dåp i Den norske kyrkja

Tekstane for dagen er sentrale dåpstekstar. Det gir høve til å forkynne om kva dåpen er og kva dåpen betyr – som handling og som ein rikdom gjennom dåpslivet. Uavhengig av alder og når ein vart døypt, er det godt å bli minna om dette.

Dagens tekstar har påverke mange ledd i dåpsritualet i Den norske kyrkja. Vi kan nemne følgjande: I starten av dåpshandlinga blir det sagt: «I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss med den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus». Nikodemusteksten og Rom 6,3-8 er alternativ for dåp av større born, unge eller vaksne. Bøna ved døypefonten samanfattar dåpsteologien: «Miskunnsame Gud, vi takkar deg for at dåpsvatnet ved ditt ord er ei nådekjelde, der du tilgjev oss vår synd, frelser oss frå dødens makt og gjev oss lovnad om det evige livet. Send din Ande, så ho/han/dei som blir døypt/døypte, blir reist/reiste opp til det nye livet med Jesus Kristus, vår Herre.» Like før dåpshandlinga blir følgjande sagt: «Gud vare din utgang og din inngang frå no og til evig tid. Eg teiknar deg med det heilage krossmerket ✠til vitnemål om at du skal høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han.» Og etter handlinga: «Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, fødd deg på nytt og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Gud styrkje deg med sin nåde til det evige livet. Fred vere med deg.»

Dåp i jødisk samanheng

Den jødiske lærde Nikodemus hadde vanskeleg for å forstå Jesu ord om ein ny fødsel, ein fødsel ovanfrå, av vatn og Ande –  som seinare manifesterer seg i dåpen «til namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande». Opp gjennom jødane si historie har dåp vore eit stort steg å ta. Også i dag kan det vere ein realitet for mange.

Vi kjenner ikkje til at dei ulike messianske forsamlingane i Israel har eit fast ritual for dåp. Dei brukar ulike bibeltekstar, men dåpspåbodet i Matt 28,18-20 er alltid med.

Eyvind Volle, hovudpastor i Immanuelskyrkja i Tel Aviv, skriv følgjande:

«Vi bruker Matt 28:18-20 innledningsvis, den nikenske trosbekjennelsen, 1. Pet 1:3, Rom 6:3b-4, og Matt 11:25. I tillegg pleier jeg å ta med fortellingen om når Israelsfolket krysset Rødehavet (jfr. 1. Kor 10:1-2) og hvordan Noah og hans famile ble frelst gjennom vann i arken (jfr. 1. Pet 3:20-21). Ettersom den hebraiske bibelen også bruker samme ordet for Noahs ark som for sivkurven som Moses ble lagt ned i på Nilen, bruker jeg også den fortellingen – Moses gikk ned i vannet som en dødsdømt slave, men når han kommer opp igjen er han barn av kongen.»

Skrevet av: Jorun Elisabeth Berstad Weyde

Prest, tidligare kyrkjefagsjef i Oslo bispedømme