Tekstgjennomgåelse for: 5. januar 2025 -
Evangelietekst: Joh 12,42-47
Lesetekst 1: Jes 51,4-8
Lesetekst 2: 2 Kor 4,1-6
Til dagen
Kristi openberringsdag er ein strålande dag i kyrkjeåret! 6. januar, ‘Helligtrekongers dag’, feira på næraste søndag hjå oss, gjev naturlege assosiasjonar i retning dei frå ‘austerland’ som ved Guds lys fann Jesus Messias i Betlehem (Matt 1 og Mika 5,1). Openberringsdagen (Epifania=openberring) er i seg sjølv ein stor misjonsdag, for israelsmisjon og verdsmisjon.
Fjerne kystar ventar
Alle dei tre tekstane som ‘dei gamle’ har lagt til denne dagen, talar på ulikt vis om same tema: Guds vilje til frelse for alle folkeslag. Men våre ulike tema eller perspektiv ut frå tekstar og kyrkjeårsdag, bør ha kjelde og utspring i det bibeltekstane openberrar: Guds rettferd til frelse for kvar den som trur. GT-teksten i Jes, talar veldig direkte til Israel, nyfrelst frå fangenskapet: Sjå på Abraham, far dykkar, og på Sara, som fødde dykk (Jes 51.2). Den evige Gud står ved ord og lovnad, sjølv gjennom folkets ruin og samanbrot. Den frelsande Gud er Den rettferdige, som let frelsa vera meir enn ei punkthending berre; han openberrar si utfriande og oppreisande kraft også i levd liv for gudsfolket Israel. Dei igjen skal openberra Guds vilje til frelse for folkeslaga, ja, for ‘fjerne kystar’ (51,5).
Lyset frå evangeliet
Brev-teksten løftar fram den same gudgjevne tenesta: å la Guds openberring til frelse, ‘lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete’ (2 Kor 4,4), skina for og i folk og forsamling. Apostelen introduserer seg sjølv som ‘Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel’ (1,1). Hans oppdrag er å forkynna Jesus, Lyset for verda. Lyset frå evangeliet/ordet om og av Jesus, er ‘ei kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar’ (Rom 1,16).
Dette er ‘eit truverdig ord og vel verdt å ta imot’ (1 Tim 1,15), men ikkje alle tek imot og trur. ‘Endå han hadde gjort så mange teikn for auga deira, trudde dei ikkje på han’ (Joh 12,37).
Likevel
Det var mange, skriv Johannes, til og med av rådsherrane, som tok til å tru på han (12.41).
Men dei torde ikkje stå ved det; av frykt for konsekvensane, heldt dei trua skjult. Æra frå menneske fekk forrang framfor Guds ære.
Men Lyset skein! Han som er komen som lys til verda, vil ikkje la nokon bli verande i mørkret. Han kom som Lys inn i mørkret.
No, i starten av eit nytt år, møter Guds ord oss med vitnemål om Han som er vårt Lys og vår frelse. ‘Gamleåret seig i hav’ (N 84) song me kanskje ved nyttår, og det er jo sant: dei 366 gårsdagane må me parkera der dei høyrer heime! Men Herren vil framtid og håp. Han kjem til oss med ny dag, ny soloppgang. Mange delar av landet må venta ei tid før dei får sjå sola att, men ho kjem! Mangt eit liv har skugge i seg og ved seg. Men ‘den som trur på meg, skal (ikkje) bli verande i mørkret’ sa Jesus Messias (12,46).
Mange av våre med-menneske og trussøsken ser lite av håp for seg og sine; krig og rykte om krig held dei nede i dalsøkk der sol og lys ikkje slepp til. Me kan ikkje tala lettvint om lys og håp til dei, slik heller ikkje Israelsfolket fekk til å syngja overflatiske hjerte-smerte-poesi i eit framandt land (Sal 137.4). Men Herren gløymde ikkje sitt folk! Han svergde ved sitt eige namn å ikkje gløyma.
For å frelsa verda
Du som entrar talarstolen denne søndagen, har eit stort oppdrag: ikkje berre krinsa rundt mørkret, men løfta fram Lyset. For Jesus er komen , ‘ikkje for å dømma verda, men for å frelsa verda’ (12,47).
Lyset frå himmelen avslører mørkret, men siktemålet er heile vegen å bringa inn lyset so utfriing og oppreising kan skje.
Vårt oppdrag er ikkje berre å kasta lys over tilveret, – det lyt me vel òg – men ved Guds nåde får me bringa Jesus Messias nær i menneskeliv, sjølv til dei som opplever seg å bu på fjerne kystar, – utanfor Guds rekkevidde. Somme finn dèt meir behageleg (veit kva ein har, men ikkje …), medan andre grip om Lyset og Vona og Frelsa.
‘Kristus er verdsens lys!’ (N 101)
Skrevet av: Geir Paulsen
Tidl prost. Leiar i Styringsgruppa, Den Norske Israelsmisjon, Sogn og Fjordane