Tekstgjennomgåelse for: 22. februar 2026 -
Søndagens tekster: 1 Mos 2,8-9; 3,1-8; Jak 1,12-16; Matt 4,1-11
Til dagen
Fastetida er 4 dagar gamal. Frå Oskeonsdag av har kyrkja og mange einskildpersonar gått inn i det som Faste underviser oss. Jesus som den kjempande og sigrande, Guds born som etter-følgjarar, og Herrens kyrkjelyd som overgjeven i bot og tilbeding.
Fastetida har alvoret over seg, men også gleda, fordi målet med vandringa fram mot påske, er å leva nær Den krossfeste og oppstadne slik at livet og veremåten ber preg av det.
Lesetekstane
Første Mosebok teiknar Guds hage for oss, der alt var overlag godt. Dei to første menneska levde i fridom med sin Gud og Skapar. Dei kjende livslov og rammer, og hadde i motsetning til oss valfridom. Men fallet kom, utspekulert og med skinn av fridom. Guds ord blei brukt mot nettopp Gud. Og våre forfedre prøvde etter beste evne å skjula fylgjene av syndefallet; dei var nakne og hadde ikkje noko å gøyma seg bak (1 Mos 3,8). Dei tapte velsigninga, slik dei hadde erfart den, og kom under Herrens dom.
Jakobsbrevet formanar Herrens kyrkjelyd til å stå fast, sjølv under prøving og freisting, slik at dei ikkje fer vill (1,16). Dèt er alvoret: å koma bort frå Herren, å mista livet og målet.
Lesetekstane underbyggjer evangelieteksten.
Berre han
Dagens hovudtekst tek oss med ut i øydemarka, der Herren Jesus møter freistinga og Freistaren. Me blir stilte andsynes styrke og svakhet, makt og vanmakt, velsigning og forbanning. Ikkje berre slik generelt, men knytt til Guds Son og hans val og vilje til å sigra og å dela denne sigeren med dei som vil følgja han.
Herren har nett gått inn under Johannes-dåpen, for å oppfylla all rettferd (3,15). Han som blei presentert ved Davidsbyen, som Messias, Herren (Luk 2,11), steig opp or omvendings-vatnet og himmelen stadfeste englebodskapen ved å la Anden stiga ned over Frelsaren, og proklamerte: Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede(3,17).
Og stadfestinga var meir enn positiv omtale. Anden frå himmelen dreiv Jesus ut i øydemarka for at han skulle møta sin motpart.
Så viktig var dette som no hende, at himmelens Gud valde og ville denne konfrontasjonen mellom den allmektige Gud og den mektige Motstandaren. Det stod om den evige siger. Om frelsa. Han som skulle frelsa, måtte sjølv kjenna på kropp og sinn kven dei er, dei han skulle frelsa, og korleis han er, Baktalaren (diabolos). Får me kanskje ikkje flashback til Edens hage?
Før konfrontasjen kom fasten. Førti dagar og førti netter. Som for å gjera utgangspunktet dårlegast mogleg, eller kanskje det motsette? Herren var ikkje sløva av velvære, han var skjerpa til kamp.
Er du Guds Son, så … (4,3). Jesus kjende dette lurespørsmålet! Som god jøde, kjende Jeshua den vonde viljen som avslørte seg sjølv gong etter gong gjennom gudsfolket sin historie. Både Kristustruande jødar og heidningekristne kjenner dette tilbakevendande ‘stikket’: Har Gud verkeleg sagt? / Er du Guds Son? (1 Mos 3,1 / Matt 4,3). Ja, Guds folk har felles arv i den store ørkenvandringa med alle sine prøvingar (2 – 5 Mos).
Guds motstandar utfordrar Jesu identitet, og bed nærmast om prov: gjer steinar til brød. Syn kven du er, gje til kjenne di makt og din status. Og Herren tek spørsmål og freisting på alvor, han avslører, eller kanskje heller openberrer kven han er. Ikkje brød åleine, men kvart ord frå Guds munn.
Og djevelen gjev ikkje opp før han må! Han som er vondskapens kjelde, med makt til å løysa ut det vonde og leggja menneske under slavekår, han tek med seg (!) Guds Son til Sion, og tirrar Jesu identitet og status; Er du … så kast deg utføre, så kan du tilkalla dei med kort responstid, og dei skal bera deg.
Jesus har svar på tiltale, svar som stadfester kven han er: du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve; Guds Son veit kven Faderen er, korleis hans makt og vilje er: ikkje til å ta lett på, ikkje til å utfordra.
Og sist, men ikkje minst: Guds motstandar er på tilbodssida, og lovar ut heile verda med si makt og sine muligheter, om berre Jesus, Guds Son, kan falla ned i tilbeding.
Men Herren veit kva det står om: Vekk med deg, Satan! Han (Gud) og ingen annan skal du tilbe og tena.
Herren blir driven ut i øyde landskap, der det står om liv og død. Mulighetane finst vel der, men ikkje livet og frelsa.
Guds born kan oppleva samtida og tilveret som ‘øydemark’; livet, også kristenlivet, står på spel. Tørken hindrar voksteren. Men denne søndagen kan den kristne sjå til Kristus, og kjenna seg omslutta og styrkt til å stå imot det som trugar liv og sæla. Øydemarka lokkar oss til seg, og er ofte sjølvforsterkande. Kristus òg kallar oss til seg – kven får overtaket?
Skrevet av: Geir Paulsen
prest / leiar i Styringsgruppa for Den Norske Israelsmisjon, Sogn og Fjordane

