Tekstgjennomgåelse for: 18. mai 2025 - 

5. søndag i påsketiden

Søndagens tekster: 1 Kong 8,12– 13.27–30 / Ef 2,17–22 / Joh 17,6–11

Kva bad Jesus om? Eller: Kva ber Jesus om? For han held fram med si bøneteneste for sine læresveinar. Det ser ut til å vere den oppstadne sin primære oppgåve. Hebrearbrevet kallar dette for Jesu øvsteprestelege teneste (Hebr 7,24-25). Så blir då også den innhaldsrike bøna i Joh 17 gjerne kalla Jesu øvsteprestelege  bøn.

Tekst og kontekst

Jesu bøn står ikkje isolert. Den er nært knytt til ei anna øvstepresteleg oppgåve: Å kunngjere og minne folket på Guds Ord og paktstruskapen som bind Herren og hans folk saman. Den talen Jesus held før bøna (Joh 14-16) er eit døme på det. Øvstepresten er difor mellommann. Guds representant i møte med folket og folket sin representant i møte med Gud.

Men det er også ein annan kontekst vi bør merke oss: Jesu grundige opplæring og bøn er hans siste ord ved påskemåltidet, – før han går mot Getsemane, liding og død. Vi er altså midt i det jødiske sedermåltidet, der dei har lese forteljinga om fridom og forløysing frå Egypt. Bøna blir ei stadfesting av innhaldet i den lange talen og undervisninga, og slik sett det testamentet Jesus etterlet seg.

Bøna

Dei tre åra Jesus vandra saman med sine læresveinar på jorda, var dei trygge. Jesus hadde sørga for dei og for at trua ikkje skulle rakne (jfr. Joh 17,12). Kva no? Ville dei klare å stå imot motgang, prøvingar og freistingar? Ville dei halde ut i forfølgjing og martyrium? Svaret Jesus gjev er at han har gjeve dei Guds ord og lovnader, at dei har teke imot det (vers 8), og halde fast ved det (vers 6). Guds ord er altså bindelekken mellom folket og Gud som ikkje berre skapar intellektuell overtyding, men ein levande og nyskapt relasjon mellom Skaparen og hans folk. Det er denne livsrelasjonen Jesus også understrekar i talen sin, særleg i kapittel 15 (Jfr. 15,4 og 7).

Jesus ber ikkje for verda, seier han (vers 9). Er Jesus avvisande og likesæl til den verda han er medskapar til? Gjer han forskjell på folk? Evangelia i sin heilskap tyder ikkje på det. Og den vesle Bibel (Joh 3,16) viser vel nettopp at Gud elskar verda høgare enn noko anna.

Både i Johannesevangeliet og Johannesbreva finn vi at omgrepet «verda» også er brukt som ei motsetning til dei som høyrer til det heilage gudsfolket. Jesus set altså eit skilje mellom dei som hatar og dei som elskar, mellom det gode og det onde (jfr. vers 14-15). I første brevet skriv difor Johannes: Elsk ikkje verda, heller ikkje det som er i verda. Den som elskar verda har ikkje kjærleiken til Far i seg …. Verda  forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje blir verande evig tid (1 Joh 2,15 ff).

Glede og sorg – Påsketid og Omertid

I kyrkja er tida mellom påske og pinse omtala som påsketida. Fokus ligg på verknaden av at Jesu grav er tom og at han har vunne siger. Difor er tida også prega av glede, og den liturgiske fargen kvit.

Jødane kallar dei sju vekene mellom påske og pinse for omertida. Omer tyder kornnek og blei måleeining (3,6 liter) på førstegrøda som skulle gjevast til Herren. Ifølgje 3 Mos 23,15-16 skal jødane telje dei 49 dagane mellom påske og pinse. Slik tel dei framleis, om lag slik borna gjennom adventstida tel ned til jul.  Ved påskemåltidet blir læresveinane minna om forløysinga og frigjeringa frå fangenskap og slaveri. 49 dagar seinare kjem sjølve fullendinga av frigjeringa. Då samlar Herren flokken, kallar dei eit folk og knyter ei pakt med dei. Då gjev han dei sin Torah som dei skal lytte til og lyde. Det inneber ei glede, men samstundes også eit alvor og ei plikt. Den siste natta før pinsedag nyttar mange til å studere og grunne på Herrens Lov og førebu seg på nytt til å lytte og lyde (jfr. 2 Mos 19,5).

Det er neppe tilfeldig at Jesus nettopp i sin tale og i si bøn understrekar kor viktig det er å halde seg til hans ord. For om 7 veker vil han sende talsmannen som skal gå i rette med verda og leie læresveinane til heile sanninga, ved å forkynne den same bodskapen som Jesus har fått frå Far sin (Joh 16,12-15). Då skal pakta og gudsfolket fornyast.

For nokre jødar er omertida også prega av sorg. Det siste oppgjeret mot dei romerske herskarane (132-136 e.Kr.), leia av Simon bar Kochba, enda ifølgje kjeldene i ein pest som tok livet av 24.000 jødar.  Mange let håret vekse i denne perioden, og ein skal heller ikkje gifte seg i ei slik sørgetid. Men sorga skal vendast til glede. Det minner også Jesus læresveinane om (Joh 16,20).

Moses og Jesus

Kva skjer når Jesus blir borte? Kan vi verkeleg lite på at Jesus var og er Messias og Frelsar? Vi kan kjenne oss att i i læresveinane når frimotet forsvinn og tvilen nagar. Læresveinane har nett høyrt korleis Moses måtte overtyde folket i Egypt. Først måtte han oppgje namnet på oppdragsgjevaren: Han som er. Han som alltid har vore og alltid vil bli. Dernest kjem ei presisering og noko dei kjenner att: Han som er fedrane sin Gud (2 Mos 3,14-25 og 6,3). Det er den Gud som har gjeve lovnadene og som held ord. Det er han som handlar, viser sin makt og som vi kan stole på.

For Jesus er det viktig å understreke at hans ord er Far sine ord. At hans autoritet er gjeve han direkte frå Far. Einskapen mellom Far og Son er større enn den relasjonen Moses kunne ha til Israels Gud. Difor er Jesus også oppfyllinga av Moses sin eigen profeti: Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på. (5 Mos 18,15).

Eit utvida gudsfolk

Jesus ber om einskap. Grunngjevinga er at Far og Son er eitt. Slik må også «alle som Gud har gjeve Sonen» vere eitt. For læresveinane peikar dette på det folket Gud valde. Men Jesus har større tankar. Det er nokon utanfor flokken som skal kome til tru gjennom læresveinane sin misjon (vers 20, jfr. også Joh 10,16).

Det er dette Paulus minner dei ikkje-jødiske kristne i Efesos om (epistelteksten): Dei var utestengde, utan von og Gud i verda, men ved Jesu blod er dei blitt medborgarar med dei heilage. Dei, det vil seie vi, er ikkje lenger framande og utlendingar. Som heidningar i gudsfolket er vi altså ikkje eit nytt folk, korkje som erstatning eller parallell til jødane. Denne forsoninga har vore Guds plan gjennom heile frelsessoga. Dette perspektivet på einskap som er skapt mellom jødar og heidningar, har vore det gløymde perspektivet gjennom kyrkjesoga. Det har ført til stor smerte, liding og forfølging.

Men også i vigslingsbøna for tempelet som Salomo ber, er det universelle perspektivet med. Det er bra at bøna om nåde for Israel er med i lektieteksten. Den vil vi framleis be. Men Salomo ber også for framande som ikkje høyrer til Israel. Det kan gjerne takast med når teksten blir lese:

Når dei så kjem og bed, vende mot dette huset, då må du høyra dei i himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og sanna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd (1 Kong 8,41-43).