Tekstgjennomgåelse for: 19. november 2023 -
Preiketekst: Mark 2,1-12
Lesetekst I: 1. Mos 15,1-6
Lesetekst II: Rom 4,1-18
Det er på alle måtar både ein oppbyggeleg og fascinerande tekst me skal fokusera på denne nest siste søndagen i kyrkjeåret. Tidlegare var denne forteljinga plassert i openberringstida. Men nå altså seint i treeiningstida. Her i det høge og kalde nord gir det både menneskeleg og åndeleg varme å lesa kva som skjedde denne dagen. For me ser vel for oss dramaet med taket som vert rive ned, på ein dag med sol og varme, og at både hus og tak er tørre med rikeleg av støv og skit som vert virvla opp!
Undring og forvetenskap
Jesus hadde nokså nyleg vore i Kapernaum (1,21). Han hadde kalla læresveinar og teke til med si offentlege gjerning. Mange fekk høyra: Vend om og tru evangeliet. I Kapernaum gjekk Jesus på sabbaten inn i synagoga for å undervisa og læra. Folket var slegne av undring. Kva er dette for noko? Han forkynner jo ikkje som farisearane, sa dei. Han har både tyngde og mynde. Mellom folket var det ein som hadde ei urein ånd i seg. Jesus dreiv denne ut, etter at ånda hadde rive og slite i mannen. Då vart folket forfærde. Og det kom ut gjetord om han.
Her ligg nok noko av forklaringa på kvifor så mykje folk samla seg om han då han kom heim att til Kapernaum. Det var nok både spenning, forventning, undring og forvetenskap. Kanskje det kom til å skje noko spektakulært også i dag? Det er attkjennande frå vår tid og, dette!
Tru, sjukdom og synd
Det som foregår denne dagen, skjer tydelegvis i ein heim, og ikkje i synagoga. Dermed kan me gå ut frå at det er ein vanleg kvardag. Men det hindrar altså ikkje at det er mykje folk samla. Mange fekk ikkje plass, ikkje eingong ved døra, vert det presisert (vers 2).
Ofte når ein les denne teksten, kjem spørsmålet om tru fram. Er det trua til dei fire som bar som er viktig her? Eller kan ein forresten snakka om å tru på andre sine vegne? Den sjuke har neppe sett seg imot å verta boren fram for Jesus. Kan henda har han endåtil bedt om det, og lykkelegvis for han var det fire vener som sa ja. Men kva håpa dei på? Hadde den sjuke og/eller dei fire møtt Jesus eller sett kva han hadde makt til? Hadde dei alt høyrt om mannen som Jesus dreiv den vonde ånda ut or?
Så er det altså at desse fire i ei blanding av fortviling over kor trongt det var rundt Jesus, og med ein sterk iver etter å hjelpa mannen dei bar, at dei ikkje ser anna utveg enn å gå laus på taket, og fira mannen ned.
Jesus seier ikkje noko direkte til dei fire som bar. Men det var då han såg trua deira, at han sa desse forunderlege orda til den lamme: Son, syndene dine er tilgjevne. Og me undrast litt, for det var jo ikkje på grunn av syndenaud at dei sørga for å få mannen fram til Jesus! Men fordi han var sjuk og trong hjelp!
Spotta Jesus Gud?
Me merker oss at det sat nokre farisearar og skriftlærde der og høyrde og såg på. Dei hadde altså tidleg sørga for å koma seg inn i huset, på orkesterplass. Var det for å høyra den fascinerande forkynninga til Jesus? Eller var det primært for å finna noko dei kunne klaga han for? Kanskje er det stygt tenkt. Men eg er redd for at det er mest det siste. Men på den andre sida – begge deler. Alle som høyrde Jesus, reagerte på bodskapen. Guds ord nådde inn. Men mange støytte han frå seg, men det var også mange som opna hjarte og sinn for bodskapen hans – og kom til tru. Slik var det då – slik er det i dag.
Det kan nesten sjå ut som om Jesus både lækjer mannen og tilseier han forlating for syndene, for å setja dei skriftlærde på plass. Det er i alle fall nokre av dei som tenkte at Jesus spotta Gud, då han sa til den lamme: Son, syndene dine er tilgjevne. Jesus merka tankane til desse skriftlærde, og så seier han: Kva er lettast, å lækja eller tilseia forlating for syndene? Så talar han direkte til den lamme: Stå opp, ta senga di og gå heim til ditt hus. Og mannen så gjorde, framføre alle som sat der og stod der, inkludert dei fire som sat på taket og kikka ned i holet og fekk med seg det som skjedde. Dei var alle ute av seg av undring. Noko slikt hadde dei aldri sett!
Nei, sanneleg. Det hadde dei ikkje. Og dei som gjekk i fotspora etter Jesus, skulle etter kvart få sjå endå meir. Han hadde makt til å setja menneske i fridom, lekamleg og åndeleg. Mannen fekk eit nytt liv i alle meiningar av ordet. Jesus var Guds son, og han bar med seg alle himmelens og gudsrikets gåver og ressursar.
Diakoni
Det er eit tydeleg og sterkt diakonalt preg ved forteljinga. Å hjelpa kvarandre når ein er i naud, det er både ei kristenplikt og ei diakonal oppgåve. I luthersk samanheng er me vane med dåp av små barn. Ofte er dei så små at me må bera dei fram, for at dei kan verta døypte og velsigna. Ber kvarandre sine bører, heiter det ein stad. Og me ber kvarandre fram for Herren i forbøn; nær familie, vener, naboar, styresmakter, medarbeidarar i kyrkje og misjon, sjuke og vanskelegstilte. Mange har lange bønelister! Nokre har også med seg oljeflaske, og er opne for å vera med å salva og be for ein sjuk som ber om det. Av og til skjer overnaturlege helbredingar! Gud til ære!
Me lovar Han fordi han er den same i dag, med makt og vilje til det same som det me fekk sjå i Kapernaum. Han reiser menneske opp, jøde og grekar. Guds rike veks, mellom det jødiske folket, og mellom folkeslaga. Jesus har gripe inn også i våre liv, me som trur på Jesus Messias til frelse og sæle. Slett ikkje vert me alltid lækte av sjukdomar og plager, eller andre ting som kan gjera livet vanskeleg. Men me får ha våre liv i Han, me får vera hans læresveinar og tena i hans gode rike.
Snekkersonen
Kor glad den mannen vart som åtte huset, fortel ikkje teksten noko om. Heller ikkje om det var ein flokk som hjelpte til å byggja opp att det som vart rive ned. Me får håpa at det var nokre villige som tok etterarbeidet! Det er rart med arbeidet i Guds rike. Ein ting er møta, gudstenestene, stemna, storsamlingane, arrangementa – det krevst mannskap og ressursar. Men like viktig er førebuingane – og etterarbeidet.
Det er mange gonger når eg les Bibelen at eg seier med meg sjølv: Tenk om det hadde funnest videokamera der og då!? Dette er ein slik tekst!
Til slutt: Det står i vers 13, rett etter vår tekst, at Jesus gjekk ned til sjøen (Gennesaretsjøen). Det er jo ikkje lange biten. Også der samla folk seg rundt han. Så gjekk han vidare og møtte Levi, som han kalla til å vera ein av dei tolv (vers 14). Men kva skjedde så? Me veit ikkje, men kanskje dette: Han gjekk tilbake til Kapernaum og var med og reparerte taket! Snekkerson som han var!
God søndag!
Skrevet av: Paul Odland
Pensjonist. Tidlegare misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon