Tekstgjennomgåelse for: 31. august 2025 - 

12. søndag i treenighetstiden

Søndagens tekstar: 4 Mos 13,17–27 / Rom 1,16–17 / Joh 4,27–30.39–43

Tekstane for dagen reiser det grunnleggjande spørsmålet om jødisk identitet som utvald folk, og dei løfta som er knytt  til dette. Det handlar om landlovnad og velsigning, Messiaslovnad og frelse, gåver og oppgåver. Jesus kjem med ei stadfesting, men også nye perspektiv på kva som skal prege den messianske tida: Ein grensesprengjande bodskap både etnisk og geografisk. Han som er jødane sin Messias, er også verda sin Frelsar.

Tekstane og lovnadene

Teksten frå 4 Mos 13 handlar om det landet Herren har lova Jakob sine etterkomarar, og den velsigning som skal møte dei der. Det er ei stadfesting av den lovnaden Abram fekk, og som er stadfesta mange gonger i Toraen og hjå profetane – også i den tida jødane har vore drivne i eksil, jfr. 5 Mos 30,1-5. Gjennom kyrkja si soge har landlovnadene blitt spiritualisert og avkledd geografisk tyding, til fordel for ein teologi om Guds rike som har gjort jødisk identitet og tilknyting til landet irrelevant.

Men dei fysiske lovnadene om land har aldri blitt oppheva. Heller ikkje i Nytestamentet. Når Paulus seier at alle lovnader har fått sitt «ja» i Kristus (2 Kor 1,20), inneber det ei stadfesting – også av landlovnadene – og ikkje ei oppheving eller omtolking.

Samstundes er det viktig å merke seg at desse lovnadene er nært knytt til ei åndeleg fornying i den messianske tida. Sjølv Moses talar om ei «omskjæring av hjartet» (5 Mos 30,6). Lovnad om land, folk, velsigning og frelse kan difor ikkje sjåast isolert frå kvarandre.

Det er i ein slik kontekst vi også må forstå Paulus sin kjende bodskap i Rom 1,16. Når Paulus seier at «Evangeliet er Guds kraft til frelse», gjeld det alle folkeslag. Likevel legg han til «for jøde først». Dette tillegget blir ofte utelate i forkynninga, men det understrekar at det universelle evangeliet om Jesus Messias først og fremst (gradsadverb) gjeld jødane. Altså ikkje berre «først» som tidsadverb – noko vi no er ferdige med. Paulus går djupare inn i denne tematikken i Romarbrevet 9-11. Der startar han med å nemne jødane sine fortrinn og held fram me å seie at Gud ikkje har forkasta det folket han først vedkjende seg. Difor står også lovnadene ved lag.

Finn «3 feil»

Den kjende forteljinga om Jesu møte med den samaritanske kvinna er godt kjend. Jesus overraskar ikkje berre kvinna, men også læresveinane. Han braut både sedvanen og lova, slik den var forstått.

For det første tok han kontakt med ei framand kvinne. Rett nok påbyr lova jødane å vise omsut for innflyttarar og framande (3 Mos 25,35), men omgangen med ikkje-jødar, og særleg kvinner, var svært avgrensa. Slik er det også i dag for dei mest ortodokse jødane. Det vart mellom anna stort oppstyr då ein ultraortodoks mann skulle ha skyss med sheruten til flyplassen i Tel Aviv, og det berre var eitt sete ledig i ni-setaren: Ved sida av ei kvinne. Ikkje kunne han ta imot det setet, og ikkje ville han sitje ved sida av ein  «heidning» heller. Det vart full rokkering for å gjere mannen til lags.

For det andre var denne kvinna samaritan. Samaritanane var truleg eit blandingsfolk av israelittar og framande folk som assyrarkongen busette i Nordriket Israel då han erobra landet  722 f.Kr. (2 Kong 17,24 ff). Desse «halvjødane» vart difor av judearane sett på som synkretistar som tok opp i seg framande skikkar og tilbad framande gudar, og som jødar ikkje skulle ha omgang med (Joh 4,9).

På den andre sida var det ifølgje dei lærde i Samaria berre deira versjon av Toraen som kunne aksepterast som heilag Skrift og autoritet. Dei avviste såleis andre delar av GT og den munnlege Tora som var viktig for til dømes farisearane si lovtolking, og som seinare er nedskrive i Talmud.

Avvisinga var altså gjensidig. Jesus ville ein gong søke husly i Samaria, men blei avvist fordi «andletet var vend mot Jerusalem» (Luk 9,53). Både samaritanar og jødar hadde likevel ei sterk Messiastru og Messiaslengt, basert i Toraen, sjølv om sentrum for deira tru og offerpraksis var knytt til ulike stader (5 Mos 18,15).

For det tredje er det grunn til å tru at denne kvinna var prostituert, eller i det minste utstøytt frå eige samfunn. Det veit vi av Jesus sin profetiske utsegn (Joh 4,18), men også fordi kvinna kom til brønnen midt på dagen (Joh 4,6). Normalt ville kvinnene hente vatn om morgonen, før sola steikte altfor sterkt.

Jesus, apostlane og folkeslaga

Vi ser fleire døme på korleis Jesus utfordrar sedvanen og lovtolkinga med samaritanane som døme. Jødane visste vel at utveljinga primært var eit kall til lydnad og teneste. Jfr. Jes 49,6. Den tidlegare professoren ved Bar Ilan universitetet, Chaim Pearl, minna for nokre år sidan norske prestar på den jødiske sjølvforståinga: «Utveljing er ein farleg tanke om den tyder privileger og ikkje utveljing til oppgåver. Jødane er ikkje utvald mot verda, men for verda»

Både i teksten om den varmhjarta samaritanen (Luk 10,25 ff) og den takksame samaritanen (Luk 17,15 f) viser Jesus at ei ny tid bryt fram. På Jesu siste veg til Jerusalem søkjer han husly i Samaria (Luk 9,51 f). Dette er meir enn eit korrektiv til motsetningar og oppmoding til ny lovtolking. Det handlar om den nye tida då jødar og folk som er sameina med dei i ei felles tru på Jesus Messias, har del i same oppdraget: Å vere eit lys for alle folkeslag så Guds frelse kan nå ut over heile verda.

Eit misjonsprogam

Når Jesus etter oppstoda gjev læresveinane arbeidskontrakt og mandat (Apg 1,8), nemner han først Jerusalem og deretter Samaria og heile verda. Dette handlar ikkje om pedagogikk der ein byrjar i nærmiljøet, men om ein missiologi der jødane alltid har ein forrett til evangeliet. Dersom det ikkje dei, kven gjeld det då?

Europaleiaren til Jews for Jesus, jøden Avi Snyder, peikar på to motivasjonsfaktorar for tenesta si: Før det første at hans eige folk skal bli frelst, og for det andre at dei skal dele Guds frelse med andre folkeslag. Det første må skje for at det andre kan fullførast.

Mellom apostlane var det ein avtale om arbeidsdeling, slik Jesus også instruerer i den delen av teksten som er utelate i preiketeksten (vers 37 f). Peter skulle gå til jødane, medan Paulus var apostel for folkeslaga (Gal 2,7 f). Likevel var Filip, Peter og Johannes tidleg ute med å gjere Jesus kjend i Samaria. Det braut ut vekkjing! (Apg 8,5 og 14). For Paulus var det naudsynt å vitne i synagogene før han vende seg til folkeslaga (Apg 13,46 og 14,1).

I Noreg har vi mange misjonsorganisasjonar med ulike målgrupper og arbeidsprogram. Perspektivet «for jøde først» kan likevel ingen seie frå seg og kyrkja aldri gløyme.

Erkjenning og vedkjenning

Møtet med Jesus avslører. Kvinna kom til brønnen for å unngå nedsetjande kommentarar og hatske blikk. Jesus veit alt og minner henne på det som ikkje samsvarar med eit rett liv. Han er den heilage og rettferdige som kvart kne må bøye seg for.  Syndserkjenning er difor føre-setnaden for tilgjeving, vedkjenning og tilbeding.

Kvinna ved brønnen fekk livet brått endra. Ho let vannkrukka stå (vers 28), og sprang straks inn i byen med eit sterkt vitnemål og misjonerande oppdrag. Ho hadde møtt han som også tala til flokkane på tempelplassen i Jerusalem under Lauvhyttefesten. Kanskje var det dit han var på veg? Eit nytt liv finn ein korkje i lovgjerningar eller i vatnet frå Siloadammen, men i trua på han som eig kjeldene til livsens vatn (Joh 7,37 f).

Ho som ville løyne seg for folket gjekk inn i byen og fortalde folket om det ho hadde opplevd: Han skulle vel ikkje vere Messias? Det enkle og vaklande vitnemålet skapte ei ny rørsle: Folket drog ut av byen for sjølve  å møte han som viste seg som den store profeten Moses hadde tala om. Dei såg, høyrde og trudde, og det blei «ettermøte» to dagar til endes. Dei skjøna at profeten måtte vere Messias og verda sin Frelsar.