Tekstgjennomgåelse for: 17. mai 2026 -
Søndagens tekster: Salme 127,1–3; Apg.17,22–25.26–31; Luk 1,50–53
Om å preike på grunnlovsdagen
Sjølv i det sekulære Norge er det framleis naturleg mange plassar å samlast til gudsteneste 17. mai, som i år altså fell på ein søndag. Eg tippar at datoen eit slikt år veg tyngre enn vekedagen også i kyrkja. Barnetoget eller folketoget endar mange plassar utanfor kyrkjebygget og ein del som elles går lite til gudsteneste, hamnar denne dagen gjerne i kyrkjebenken. Slik blir vi minna om den tette relasjonen mellom kulturen vår og dei kristne verdiane, og at den politiske fridomen som lovverket vårt bygger på, står på kristen grunn reint tankemessig. Dei 112 mennene på Eidsvoll kunne ha ulikt personleg forhold til trua, slik folka i kyrkjebenken på 17. mai også vil ha, men rammeverket for tankane var kristent i arbeidet deira. Kanskje var det ikkje tilfeldig at arbeidet skjedde i førti-dagars-perioden frå påskedag 10. april til Kristi Himmelfart 19. mai og heimreise dagen etterpå den gongen i 1814.
Korleis forkynner vi på grunnlovsdagen? 17. mai-festar er gjerne prega av litt kåserande forkynning med takksemd for Guds velsigningar, litt stolt – jamvel svulstig – nasjonspreg. Nokre talarar finn høve til å minne om at nasjonen må vende tilbake til den Gud som har velsigna oss så rikt, sjølv om profetformaninga nok er mildare ein slik dag enn den elles kunne vere i vekkingstradisjonen.
Gudsteneste er ein litt annan kontekst enn 17. mai-fest, men også i kyrkja vil vi vere oppstemte og prega av dagens feiring. Det må forkynnaren ta høgde for i si relativt korte preike. Her gjeld det å finn ein balanse som kler dagen mellom takksemda for det nasjonale og påminninga om sjølve evangeliet slik det kjem fram i bibeltekstene. I eit Europa prega av usunne nasjonalistiske rørsler i mange land, med polarisering mellom sosiale grupper og folkegrupper, kan dette vere ei krevande øving. Som kristne er vi naturleg engasjerte i samfunnsliv og verdiformidling. Nokon kan derfor bli freista til å hamne i ei politisk markering som lett skapar reaksjonar. Andre blir så varsame at dei ikkje vågar å sette ord på det vi nasjonalt kan vere takksame for.
Salme 127,1–3
Tekstene for dagen gir rikeleg høve til å gjere seg sjølv aktuell. Den klassiske teksta frå Salme 127 minner oss på det viktigaste, at vi – som Israels folk frå gamal tid – er fullt ut avhengige av Guds vern og velsigning for vår sanne velferd. Politikarar og andre samfunnsbyggarar treng å vere medvitne om at dei styrer under eit høgare mandat og innanfor dei rammer som Skaparen sjølv set. Salme 127 minner oss jamvel på ei sak som nokre politikarar med jamne mellomrom minner oss på, at vi treng at det blir født fleire born i riket. «Ligg dokkar sammen,» oppfordra Arbeidarpartiets ordførar i Bergen, Harry Hansen, på 1960-talet, og blei følgt opp av Høgres bergenske statsminister Erna Solberg eit halv hundreår seinare. Bibelteksten er likevel ikkje nytteorientert. Den fortel oss verdien av barnet, at det er ei velsigning, at det er ei naturleg frukt av ekteskapeleg samliv som skal takast imot med takk. Korleis vil vi sette ord på det på ein 17.mai med god stemning?
Apostelgjerningane 17,22–31
Leseteksta frå Apostelgjerningane kan også vere utfordrande som 17. mai-tekst. Den minner oss på at vi ikkje så lett blir kvitt Gud. Sjølv i det sterkt sekulære Norge er folk framleis religiøse, eller spirituelle, gjerne nyåndelege, som er meir gangbare ord i vår kultur. Mens Paulus var opprørt over dei mange avgudsbilda i Aten, og også ville vere det over vår tids sekulære avgudar (vers 16), peikar han på eit lite teikn i kulturen som røper at folk ikkje veit kvar dei skal leite, kva dei skal tru. «For ein ukjend Gud». Om nokon vil preike over denne teksta i år, er dette eit tilknytingspunkt for å peike mot evangeliet og mot han som møter våre djupaste lengsler.
Teksta frå Paulus sin tale på Areopagos har i seg eit element som også har vore nasjonalistisk misbrukt. Vers 26 snakkar om dei mange folkeslaga på jorda, som er eit berande misjonsperspektiv hos både Jesus og Paulus, og om Guds vern som Skapar ved å gi folka grenser som dei mektige herskarane er kalla til å respektere. I konteksten kan verset også forståast som eit korrektiv til dei «kultiverte» atenarane om at dei ikkje har noko anna og meir guddommeleg opphav enn andre.
I dei kvite kyrkjene si historie, og også i vår samtid, har dette likevel vore brukt til å lukke menneske ute, ja, jamvel halde menneske nede, til å finne seg i sin avgrensa plass. Dette blir brukt i dag i usunn nasjonalistisk kontekst, heilt rive laus frå den konteksten Paulus talte inn i. Verkemiddel i innvandringspolitikken kan vi ha våre diskusjonar om, men denne teksta har ikkje nokon bodskap til våre nye landsmenn om å kome seg «heim». Den som talar over teksten 17. mai, bør kanskje nemne noko om dette med tanke på den vonde verknadshistoria som dette verset har hatt.
Luk 1,50–53
Evangelieteksten er frå Marias store lovsong, Magnificat, då ho bar Jesus under barmen sin. Den svarar godt til nasjonaldagen si påminning om Guds truskap frå slekt til slekt. Dette var og er berande for all jødisk tru; påminninga om Guds gjerningar i historia; erfaringa av Hans truskap, også når folket var utrue. 17. mai er ein dag å sjå tilbake for å sjå fram.
Samtidig ligg det ei veldig aktuell utfordring i Marias lovsong. I mitt bøneliv har eg tatt den i bruk dei siste åra, ikkje berre som ei konstatering av at «Han støytte stormenn ned frå trona og løfta opp dei låge», men som ei bøn om nettopp det; at Gud skal vise seg som historia sin Herre og gripe inn med rettferd, med rettferdig fred. «Gud, støyt ned dei mektige som vil herje og herske, og løft opp dei låge og audmjuke.» Den gamle kyrkjebøna er aktuell både nasjonalt og globalt: «Gi verdas statsleiarar vilje og visdom til å fremje rettferd og fred, la samarbeidet mellom folka ha framgang. Hald di vernande hand over alt du har skapt.»
Slik er evangelieteksta svært aktuell. Ukraina treng rettferdig fred og vern frå sin aggressive fiende. Det kompliserte konfliktbildet i Midt-Austen treng modige leiarar som søker forsoning, ikkje korrupte maktmenneske som tviheld på posisjonar og held folk nede i undertrykking.
Kva er evangeliet på nasjonaldagen?
Ein dag som denne kan lett hamne i moralisme, nasjonale verdiar eller pleie av gode kjensler. Sjølv om det ikkje er dagen for å gå i djupna i forkynninga, må alle forkynnarar likevel spørje seg sjølve korleis vi løftar fram evangeliet. Det er forkynninga sitt mål denne dagen som alle andre, og det ligg i alle tekstene sitt motiv av at Gud er den som gir, den som strekker seg mot oss med sine velsigningar. Han vil oss vel. Derfor må forkynninga frå Marias lovsong få med at ho som takkar Gud, nettopp har fått høyre at ho har fått nåde frå Gud. Når Paulus talar i Aten, må ikkje vår avgrensa tekst hindre oss i å få med kallet i talens slutt til å vende oss til Guds nåde slik han har vist den i Jesus Messias.

