Tekstgjennomgåelse for: 25. oktober 2026 -
Søndagens tekstar: Jer 18,1–10; Rom 2,1–11 og Luk 13,22–30
Bots- og bønedagar har ei lang historie i kyrkjene. Slike dagar kunne bli sett opp ved ekstraordinære hendingar som ulykker, men dei var og del av kyrkja sin ordinære rytme. Den dansk-norske kyrkja fastsette tre slike påfølgande dagar i advent frå 1551, men frå 1686 samla dei tre dagane seg i éin faste-, bots- og bønedag, fjerde fredag etter påske. Fredag var sjølvsagt ikkje tilfeldig. I kyrkja sin lange tradisjon har den vore fastedag til minne om langfredag.
I Danmark blei dagen kalla Store bededag og var fridag til og med 2023. Då blei den gjort til arbeidsdag for å auke produktiviteten i samband med høge statlege utgifter til krigen i Ukraina. I Norge har dagen sidan 1915 lagt i oktober og sidan 1950 til siste søndag i oktober. Det gir tidsmessig nærleik til den store jødiske faste-, bots- og bønedagen Jom Kippur. No er nok det meir tilfeldig enn intendert, men det kan gi refleksjonen vår over dagen ein ekstra dimensjon å knytte den opp mot jødane sin store forsoningsdag.
Profetisk kall som gjeld alle
Alle tre tekstane for dagen har eit preg av profetisk forkynning som omfattar både jødar og heidningar. Jeremia fortel likninga om pottemakaren og leira og gjer klart at både frelse og dom kan råke både folket og folkeslaga. Derfor treng alle bodskapen om å vende om.
Jesus får i Luk 13 spørsmålet om mange blir frelst. Han svarar med kallet til å kjempe og vende om får å nå Guds rike og åtvarar sine jødiske tilhøyarar mot at dei kan bli verande utanfor mens folkeslaga går inn.
Paulus i Rom 2 underviser, men med ganske skarp profetisk brodd, om at ingen har noko å orsake seg med innfor Gud. Han bygger opp argumentasjonen om at alle, både jødar og heidningar, er sett sjakk matt av synda. Samtidig er alle, også her «jøde først og så grekar», kalla til herlegdom, ære og fred. Denne argumentasjonen finn sluttpunktet sitt i Rom 3,24 om den frelsa som blir gitt oss, jødar og heidningar, når vi «ufortent og av hans nåde blir [..] kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus» (Rom 3,24).
Alle tre tekstane for dagen ber altså i seg eit tydeleg aspekt av forholdet mellom jødar og heidningar og peikar samla i retning det Paulus konkluderer med i Rom 2-teksta for dagen: «Gud gjer ikkje forskjell på folk!» Det viskar ikkje ut jødane sitt frelseshistoriske «først». Guds kall og løfte står fast. Om ikkje frelsesløftet til jødane står fast, er det usikkert også for oss heidningar. Samtidig fortel det oss at akkurat slik det utvalde folket med alle privilegia kunne vende seg bort frå Guds nåde og frelse og til synda og avgudane, kan også vi som er komne til tru på Jesus mellom folkeslaga, kome bort frå Guds frelse og nåde. Profetkallet til å vende om gjeld oss alle.
Invitasjon, ikkje trussel
Eit kjernevers i tekstane våre for denne søndagen er Rom 2,4: «Foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?» Vi markerer ikkje bots- og bønedag fordi vi trur at Gud grunnleggande sett vender seg mot oss. Tvert om, vi skal høyre kallet til å vende om til han, Den heilage, som vil oss alt vel. Kallet er ein invitasjon, ikkje ein trussel.
Begge tekstane frå NT snakkar med alvor om eit innanfor og eit utanfor. Det er eit apropos til uroa etter kongens gravferd i haust då preses strauk «kvar den som trur på Han» frå lesinga av Joh 3,16 og forsvarte det med at det ville skape eit «vi» og «dei», eit innanfor og utanfor. Han hadde sjølvsagt rett i at vi lett tar på oss rolla med å dømme ut og inn, ei rolle som berre høyrer Gud til, men det opphevar ikkje at skiljet finns og at Gud sjølv vil markere det på dommens dag. Det må forkynninga gjere klart ikkje berre denne særlege søndagen, men ofte nok til at vi tar det på alvor både i eigne liv, i kyrkjene si evangelisering og i misjon til jødane og til folkeslaga.
Bots- og bønedag handlar likevel ikkje primært om kallet til omvending for den som i utgangspunktet står på utsida. Profetens forkynning hadde gudsfolket som særleg adresse. Om vi tenker oss at evangelisten er vekkingsforkynnaren som kallar til tru dei som ikkje kjenner Jesus, er profeten vekkingsforkynnaren som kallar gudsfolket til bot; det som i følgje katekisma er anger og tru. I møte med enda ein bots- og bønedag treng vi å be om at vi som forkynnarar blir salva med profetisk ånd så gudsfolket på ny tar imot kallet, invitasjonen til å få lagt av synd, skam og sorg, og vende seg til han som i sin godleik driv oss til omvending.


