Tekstgjennomgåelse for: 4. desember 2022 - 

2. søndag i adventstiden

Preiketekst: Joh 14, 1-4
Lesetekst I: Salme 33, 18-22
Lesetekst II: Hebr 6, 13-19a

Det er verd å leggja merke til at preiketeksten både for denne søndagen og sist helg – første søndag i advent – er henta frå påskeforteljinga i Det nye testamente. Sist helg var det inntoget i Jerusalem, ut frå Matteus 21,1-11. Og no er me framleis i påskemodus, med tekst frå Johannes 14. Om lag halve Johannesevangeliet handlar om det som skjedde den påska då Jesus døydde for syndene våre, og stod opp att frå dei døde. Men før han vart sviken av Judas, og vegen gjekk til forhør og pinsler, var han mykje i lag med venene sine og underviste dei om kva som skulle koma til å skje, og han trøysta dei. Jesu avskilstale kallar me den delen av Johannesevangeliet som teksten i dag er henta frå.

Denne dagen i kyrkjeåret er elles prega av tekstar om Jesu attkome, og kva forventningar me kan ha som trur på han. Først når han kjem att, vil himmelriket bryta fram i sin fullnad og herlegdom. Då skal me sjå han som han er.

Uro og angst

Tekstavsnittet vårt tek til med at Jesus seier: Lat ikkje hjarta dykkar uroast. Og på menneskeleg vis kan me godt forstå at han seier akkurat det. For rett før har han sagt til venene sine at han skal gå bort, og dit han går kan dei ikkje koma. Peter spør ei ekstra gong kvar Jesus skal gå (13,36f). Men han får eit rystande svar. -Hanen skal ikkje gala før du har fornekta meg tre gonger. Dei andre læresveinane høyrde det same.

Somme omsetjingar nyttar ordet angst. Angst og uro kan ein definera likt, men i helsemessig og medisinsk forstand er nok angst ei verre liding. Kan i alle fall vera det. Olav Skjevesland (Den gode jord, Verbum 2013) skriv at det greske ordet som her er nytta – tarasso – er brukt  tre gonger der Jesus sjølv vart djupt opprørt. Nemleg ved Lasarus’ grav (11,33), innføre tanken om at han sjølv skulle døy (12,27) og i samband med Judas sitt svik (13,21). Enten ein då nyttar uro eller angst, forstår me at dette bryt på djupt vatn hjå læresveinane.

Prøvd i alt

Det fine og gode er jo at Jesus forstår læresveinane sin uro og angst. Han har kjent på dette sjølv – fleire gonger. Ja, me veit frå Bibelen elles at det står at Jesus er prøvd i alt, som oss, men utan synd. Men akkurat her kjem det så nær oss. For me er som læresveinane. Me kan kjenna på redsle, uro eller angst. Me kan setja mange ord på slike kjensler. Etter eit par år med pandemi og no tre kvart år med krig i Europa og stor uro i mange land, med rekordhøgt tal flyktningar i og frå land som Myanmar, Yemen, Syria, Afghanistan, Nord-Korea, Etiopia, og fleire med, så går det knapt ein dag utan at me spør oss: Kvar ber det av? Kvar er du, Gud? Kvifor grip du ikkje inn? Ikkje alltid så lett då å gjera som Jesus seier til venene sine her: Tru på Gud og tru på meg!

Jesus tek opp att i samtalen med dei at han går bort. Ikkje for å bli borte for evig og alltid. Nei, eg kjem att. I mellomtida skal eg ordna bustad for kvar einskild av dykk i huset åt far min. Når eg er ferdig med dette, kjem eg att. Då tek eg dykk med meg, slik at de og skal vera der eg er.

Eit stort hus

Det må sanneleg vera eit stort hus, som skal romma så mange frå alle tider og alle ætter og tungemål. I Lukas 16,9 står det om dei evige bustadane. Olaf Moe (Bibelverket 1969) opnar for tanken om at romma i Guds hus er ulike, slik at dette huset skal kunna romma alle som trur. For me er jo så ulike, me som trur, i alle fall her i jordelivet. Men kanskje også slik at me kan halda på vår personlegdom og ulikskapar i himmelen. Men ikkje så ulike at det vert bygt einebustader eller rekkjehus i himmelen, for å dvela litt i bustad-biletet. Alle saman skal få plass i Guds hus. Både Jesustruande jødar og oss kristne av folkeslaga. Kor storarta det må bli!

Men at læresveinane heilt sikkert klødde seg i hovudet av ein sånn tale, det er eg overtydd om. Kven kunne skjøna sånt? Me skjønar det heller ikkje, etter to tusen år, og etter at me har studert Bibelen og lytta til kristne røynsler frå mange tidsepokar.

Denne dagen er veldig spesiell for denne skribenten. For mange år sidan miste me ei lita dotter på under eitt år. Datoen var 04. desember, og den fall på andre søndag i advent som i år. Gravferda var på fredagen etter, den 09. desember. Kva så med Jesu ord: Lat ikkje hjarta dykkar uroast? Og adventtida med ljos og glede og forventning? Eg trur læresveinane for så lenge sidan stod framføre heilt eksistensielle opplevingar og erfaringar av det å tru og det å vera i Herrens nærleik. Men dei var opne og ærlege om kor lite dei forstod og klarte å gripa av alt det forunderlege Jesus sa til dei. Dette er til å kjenna att for oss alle, som også opplever at grunnen under oss kan svikta og at Jesus kjennest langt borte, ja endåtil med ei redsle for at han har forlatt oss.

Håp og forventning

Begge lesetekstane har innhald som samsvarer godt med hovudteksten. Dei talar om håp og forventning, om hjelp, tryggleik og lovnadar, alt frå Abraham si tid. Salmisten syng ut at Herrens auge ser til dei som ottast han. Og Han er vår hjelp og vårt skjold. Godt å vita, sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å finna sjelero og kvile i sånne gode ord.

Og dit eg går, veit de vegen, held Jesus fram. Men ingen grunn til å undrast over at ein av venene  – Tomas, i forlenginga av teksten – bryt ut og vedgår: Me veit korkje kvar du går av, og dermed heller ikkje kvar vegen går.  Teksten denne dagen inviterer til å lesa vidare, og slik få betre samanheng i Jesu undervisning. Mellom anna og ikkje minst dette med einskapen mellom Jesus og Far i himmelen. Og Den Heilage Ande som Jesus talar om, frå 14,16 og vidare. Då ser ein også noko meir av korleis jul, påske og pinse heng saman.

Andre søndag i advent. Me tenner dei to ljosa, i takksemd, glede og forventning. Eg er sikker på at alle romma i det store himmelhuset også vil vera godt opplyste. Ingen energikrise der i garden! Det er Guds eigen herlegdom som skal stråla på oss og over oss!

Skrevet av: Paul Odland

Pensjonist. Tidlegare misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon