Tekstgjennomgåelse for: 26. januar 2025 - 

4. søndag i åpenbaringstiden

Søndagens tekstar: Ord 14,21-22, 25, 31 / Fil 1,20 / Luk 13,10-17

Lukas er åleine om å fortelja om denne hendinga, men ho føyer seg inn i ei rekke av kontroversar om korleis Jesus handlar på sabbaten (sjå også Luk 6,6-11 og 14,1-6). Sidan denne søndagen er 4. søndag i openberringstida, skal vi sjå nærare på tre ting som blir avdekt og tydeleggjort for oss i denne teksten.

Satans destruktive makt

Kvinna har vore bunden av Satan i 18 år og sjukdommen er forårsaka av ei sjukdomsånd. Vi får ikkje vita detaljane om dette, men det ser ut til å vera noko som har råka henne på eit eller anna tidspunkt i livet. Dette er det einaste tilfellet der Jesus rører ved nokon som er plaga av ånder. Det ser ikkje ut til at ho er besatt slik vi les om andre stader, men likevel har ånden ei øydeleggjande makt over helsa hennar på same vis som Satan kunne slå Job med sjukdom.

Satan er Guds motstandar og tjuven som ikkje har komme for å gjera anna enn å stela, drepa og øydeleggja. Han går rundt som ei brølande løve på jakt etter nokon å sluka (1 Pet 5,8).

Jesu guddomsmakt

Jesus viser si guddomsmakt gjennom å lækja den sjuke kvinna. Satans band er makteslause når Jesus kjem med sitt guddomsord. Vi skal leggja merke til at Jesus både talar og legg hendene på kvinna. Slik kombinerer og demonstrerer han både si makt og omsut, og gjennom dette minner han oss om at desse alltid går hand i hand når Gud handlar.

Resultatet av Jesu gjerning er lovsong og glede, både frå kvinna og dei som var samla i synagogen.

Det harde menneskehjartet

Men ikkje alle gleda seg over Jesu under. Synagogeforstandaren blei forarga, kan vi lesa. Det står også om fleire motstandarar (vers 17), men dei var truleg passive. Reaksjonen til synagogeforstandaren illustrerer menneskehjartets motstand mot Gud og hans godleik. Vi får ikkje vita om det fanst andre motiv i hjarta hans enn religiøs forarging over at Jesus lækjer om sabbaten. Eit hardt hjarta blir kamuflert av å visa til rett tru og teologi. Det bør vera til ettertanke for nokon og einkvar av oss. Sabbatsbodet er ikkje eit forbod, men eit påbod. Farisearane og dei skriftlærde snudde diverre alt på hovudet og var meir opptekne av å laga forbod. På den måten blei sjølve intensjonen med bodet undergrave. Sabbaten er dagen sett til side for eit fokusert fellesskap med Gud. Sjølvsagt sømer det seg å løysa Satans band på denne dagen! Det ligg så lett for handa å villa vri og venda på Guds bod.

Gå dit Jesus er

Ei preike over denne teksten kan kanskje enda med ei innbyding om koma til Jesus. Den sjuke og bundne kvinna hadde all mogleg grunn til å halda seg langt borte frå synagogefellesskapet og Jesus. Men ho kom. Og den som kjem til Jesus blir ikkje støytt bort.

Skrevet av: Knut Kåre Kirkholm

Førstelektor og undervisningsleiar ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole og redaktør av magasinet Fast Grunn