Tekstgjennomgåelse for: 9. juli 2023 -
Preiketekst: Luk 5,1-11
Lesetekst I: 1 Mos 12,1-4
Lesetekst II: Rom 1,1-7
Sjette søndag i treeiningstida blir òg kalla aposteldagen. Apostel betyr utsending, og vi høyrer i preiketeksten for dagen at Jesus kallar dei første læresveinane som han lærte opp og seinare sende ut som apostlar. Sjølv om apostlane sto i ei særstilling som dei augevitna dei var, er alle kristne kalla til å ta del i vitnetenesta om Jesus som vegen til forsoning med Gud. Det handlar om Guds store redningsplan for verda. Denne planen er hovudtema gjennom heile Bibelen, frå 1 Mosebok av.
Peters fiskefangst
Forteljinga om Peter sin fiskefangst er ei kjend og kjær bibelhistorie som sikkert blir hugsa av alle som har gått på søndagsskolen. Det er ein takknemleg tekst å forkynne både for barn og vaksne. Men bodskapen er òg utfordrande. Mykje av Jesu verksemd i Galilea skjer i området omkring – og på! – Genesaretsjøen. Her budde han i Kapernaum, her kalla han læresveinane sine, her forkynte han Guds rike, og her viste han omsorg for menneska ved å lækje sjukdomane deira, drive ut vonde ånder og gjere andre mektige gjerningar.
Teksten opnar med at folk stimlar saman om Jesus for å høyre Guds ord. Jesus får låne fiskebåten til Peter som talarstol, og dei legg litt ut frå land. Jesus har då tilhøyrarane framfor seg på stranda, og dei kan ikkje trengje forstyrrande inn på han. Her ved nordenden av Genesaretsjøen skal det vere ein stad der lyden ber godt frå sjøen inn på land, og ein tenker at Jesus har nytta seg av dette. Vi får ikkje referat frå talen, men får berre vite at Jesus underviste folket.
Deretter bed Jesus Peter om å setje garna – igjen. Den erfarne fiskaren, som har hatt ei lang nattleg arbeidsøkt utan fangst, må ha hatt sin tvil om nytta av dette. Men han handlar på Jesu ord, og resultatet er overveldande. Kven skulle tenkt det – midt på lyse dagen? Dette underet får Peter til å innsjå kor han sjølv står i forhold til Jesus. Han er ein syndar som ikkje passar saman med Jesus, Herren.
Då får han det oppmuntrande ordet frå Jesus, «Ver ikkje redd», og så kallet til å «fange menneske». Dette blei avgjerande for heile livet vidare for Peter. Både han og dei som var saman med han, forlét fiskebåtane og blei med i Jesus sitt følgje.
På kva måte er dette aktuelt for oss?
- Folket trengde seg på for å høyre Guds ord! Gjer vi det same? Eller går vi berre av gammal vane til Guds hus? Og trur vi at vi alltid vil kunne velje og vrake blant flust med forsamlingar og formidlarar? Lat oss be om fornying og vekking slik at det blir maktpåliggande for oss og for vårt folk å høyre Guds ord!
- Peter har tillit til Jesus. Etter først å vise til den mislukka jobben og dei dårlege oddsa for eit nytt forsøk, seier han: «Men på ditt ord, Herre, vil eg setje garna» Vi blir òg utfordra til i alle ting å stole på at Gud veit best og innrette liva våre etter det. Er vi villige til å la vår eigen logikk og denne verda sine tankar vere underordna Guds ord?
- Jesus nyttar underet med fiskefangsten til å vise kven Han er – berre Gud kan gjere slike mektige gjerningar, som skapte otte og undring hos alle dei som var til stades. Jesus er Gud og har all makt!
- I møte med denne storleiken ser Peter sin eigen usseldom. Når han audmjukt vedkjenner synda si, får han oppreising av Jesus og er klar for det kallet han nå får. Vi veit at han kom til å trenge oppreising fleire gonger, sjå t.d. Matt 26,69 ff, Joh 21,15 ff. Men vi veit òg at han enda med å gje livet sitt i aposteltenesta for Jesus.
- Jesus nyttar òg fiskefangsten som symbol på den tenesta han kallar Peter til: å samle menneske inn til Guds rike ved å forkynne evangeliet for dei. Dette kan nok òg ofte verke nyttelaust, men det skjer på den allmektige Gud sitt ord!
- Matteus siterer Jesus slik i 4,18-22: «Følg meg, så skal eg gjere dykk til menneskefiskarar!». Det handlar om å følgje Jesus med tankar, ord og gjerningar, så Han kan vere Herre i livet og vidare utføre under i andre menneskes liv gjennom oss. Slik ser Han til at arbeidet som menneskefiskar lukkast.
- Leseteksten frå 1 Mos 12 minner oss om at allereie Abraham, stamfaren til jødane, fekk løfte om at slekta hans skulle bli til velsigning. Gjennom historia deira i Det gamle testamente førebur Gud den største velsigninga, som blir utrend når løftet blir oppfylt ved Jesus. Dette blir Peter eit mektig vitne om, spesielt for sitt eige folk, jødane, som så har gjeve vitnesbyrdet vidare til folkeslaga, jf. Rom 1,16: «…for jøde først, og så grekar.»
- I leseteksten frå Romarbrevet peikar òg Paulus på Guds plan, som var der «på førehand», og som det jødiske folket er utvald til å ha ei avgjerande rolle i. Som kristne ikkje-jødar, av folkeslaga, skuldar vi jødane stor takksemd for at dei har gjeve evangeliet ut til verda! Vi skuldar òg å vise dei godheit og bringe evangeliet om Jesus tilbake til dei slik at dei som folk kan sjå at han er den som er lova i Skriftene, og ta imot han i tru!