Tekstgjennomgåelse for: 16. mars 2025 - 

2. søndag i fastetiden

Søndagens tekstar: Jes 55,1-7 / 2 Kor 6,1-10 /  Luk 13,22-30

For kort tid sidan var det verdsmeisterskap både i skiskyting og ski, nordiske greiner. Mange store prestasjonar fekk me oppleva. For dei av oss som er interesserte i sånt, har dette vore ei festtid. Samstundes har våren teke til å bryta seg fram, i alle fall her på Jæren der eg bur. Potetene kom i jorda i Randaberg ei dryg veke inn i februar! Ljos og varme har vorte stadig sterkare, og nytt liv kome til syne. Og for oss idrettsinteresserte er det overgang frå vinter- til sommaridrett! I kyrkjeåret er denne tida prega av fokus på Jesus sin lange og tunge veg mot kross, liding og død. Ja, teksten startar med orda: «På ferda si mot Jerusalem…» (vers 22). Meir ljos i naturen, altså, men stadig mørkare i det åndelege livet.

Fastetid

Ikkje så mange praktiserer faste i bokstaveleg tyding. Faste kan også innebera at ein lever enklare. Ikkje for at ein skal verta verken frommare eller betre, men for å gje tid og rom for åndeleg konsentrasjon. Faste skulle ikkje vera framandt for nokon av oss. Det er ikkje berre i Det gamle testamente ein les om dette. Også i Det nye testamente står det om faste. Til dømes hjå Matteus. Legg merke til 6,16-17. Der står det ikkje: Om de fastar. Nei, det står: Når de fastar. Det syner oss at det truleg var ganske vanleg at Jesu vener heldt faste.

I teksten denne søndagen er Jesus i møte og samtale med mykje folk, både alminnelege jødar og farisearar og skriftlærde. Ikkje berre i dei versa som utgjer preiketeksten, men i heile kapittel 13 hjå Lukas, ser me dette. Han ber folk om å venda om. Me les om fikentreet som ikkje ber frukt, og gartnaren som ber om at det kan få stå eit år til. Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten. Då var det ein synagogeforstander som reagerte. Denne delen av Lukas 13 var forresten preiketekst siste søndag i januar i år.

Og etterpå kjem likningane om sennepsfrøet og surdeigen. Det som er så lite, kan veksa til noko veldig stort. Det er også sanninga om Guds rike. I det heile tatt; nokre dagar der Jesus møter folket med utfordrande forkynning. Ikkje alle taklar det. Nokre reagerer heftig. Slik sett kunne like gjerne dette kapitlet vore henta frå vår eiga tid.

Jesus i samtale med den eine

Det blir utfordrande når han så stoppar i ein ny landsby og samlar folk rundt seg som vil lytta. Det er ein der som undrar seg: Herre, er det få som blir frelste? Me veit ikkje motivet for spørsmålet. Er det frykt for at det skal bli få, og at han sjølv kanskje ikkje får del i frelsa? Eller er han ute etter å setja Jesus fast?

Det er uansett fint å sjå at denne mannen, temmeleg sikkert ein jøde, er oppteken av Jesus og frelse. Det er så visst inga sjølvsagt sak – korkje i NT-forteljingane eller i dag, korkje i jødiske miljø eller hjå oss her i vest-Europa. Jesu svar er krevande. Det er ganske vanleg at Jesus ikkje svarer direkte når han får spørsmål, men enten ved motspørsmål eller ved bilete eller likningar. Her seier han: Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange skal freista, men ikkje greia det.

Så nemner Jesus herren i huset som har reist seg og stengt døra, frå innsida. Då hjelper det ikkje om ein står utanfor og bankar på og vil inn.

Her er det mange vanskelege punkt. For det eine står det om døra at ho er trong. I andre bilete i NT er det så vrient å få del i frelsa at det er som om ein kamel skulle krypa gjennom eit nålauge. Alle skjønar jo at det går ikkje. Men sjølv om det ikkje er dette biletet som er nytta her, så står det fast at døra er trong. For å seia det med eit populært omgrep: Det er ikkje bare å koma her og koma her, og tru at alle slepp inn!

Høg dør i advent

Men – om så døra hadde vore stor og høg og brei, så hjelper ikkje det heller om herren i huset står på innsida og låser att. Når døra altså både er trong og låst, då er det dobbelt umogleg å koma inn. Og medan me les dette, er det kanskje ein og annan som hugsar tre månadar tilbake, i adventtida. Då song me, i kontrast til teksten denne gongen: Gjør døren høy, gjør porten vid. Se, ærens konge kommer hit!

Vil Han inn til oss berre når det er advent og jul, men ikkje i fastetida?

Dei som bankar på, syner til måltidsfellesskap med Meisteren og at dei har høyrt på han medan han underviste på gatene. Men han avviser dei. Her kjem det to grunnar til denne avvisninga. Dels at han ikkje kjenner dei. Han veit ikkje kvar dei er ifrå, vers 25. Og dels at dei gjorde urett, vers 27. At me har gjort Han urett, og må ta konsekvensen av det, er det jo  ein logikk i. Men han kjenner jo alle, og veit kvar me budde og bur. Kva slags grunn er det for å bli avvist? Til sist vil dei verta kasta utanfor og gråta når dei ser at patriarkane frå den gamle tida – Abraham og Isak og Jakob – er på innsida. Og ikkje berre dei, men folk frå alle himmelretningar vil vera samla der. Medan dei som bankar på den umoglege døra, ikkje slepp inn.

Alt er gratis

Kontrasten er også ganske stor til det som er bodskapen i leseteksten frå Det gamle testamente. Der er alt gratis. Alt er ope og fritt. Ingen stengde dører. Me kan få del i ei evig pakt, og motta Davids rike nåde. Høyrer me Herrens ord, så får me leva! Søk Herren medan Han er å finna. Og no er Han å finna!

Kanskje me tenker – både jødar og ikkje-jødar  – at me kan ta imot frelsa og sæla for ein billig penge? Er det kampen for å koma inn me skyr? Me vil helst berre åka rett inn, utan å endra korkje på innstilling eller haldning? Eller sagt med endå andre ord: Er det erkjenninga av at me er syndarar alle saman, som er det eigenlege hinderet? For erkjenner me ikkje det, så kan vegen til frelsa fort vera stengt for oss. For då ser me heller ikkje klart at me treng hjelp utanom oss sjølve, om me skal vinna frelse og sæle for tid og æve.

I forteljinga om kamelen og nålauget står det lukkelegvis også at dette er umogleg for menneske, men for Gud er alt mogleg! Var det for å hjelpa både mannen som spurde, og dei andre tilhøyrarane til å få fram denne erkjenninga, at Jesus var så krass og avvisande? Kanskje tekstane denne mars-søndagen kan hjelpa også oss, både predikant og forsamling/kyrkjelyd til auka medvit om dette!? Fastetida hadde etter gamalt eit visst preg av bot og sjølvprøving.

Purim

No rett før denne søndagen, frå 13.-15. mars etter vår tidsrekning, har jødar over heile verda feira purim. Då minnest dei korleis det bar til at jødane vart berga frå den vonde Haman, etter at dei var truga på livet. Alt dette står å lesa i Esters bok. Der står det også at dette skal ein minnast og markera kvart år til æveleg tid. Me som lever i dag, både jødar og andre folkeslag, kan meir enn gjerne vera med og markera purim. Antisemittismen er så visst ikkje utrydda!

Kampen mot antisemittisme står ikkje i motsetning til å formidla den gode bodskapen, korkje til jødar eller folkeslaga. Med stort frimot kan me vitna om at evangeliet er ei Guds kraft til frelse, for jøde først og så for oss grekarar. Jødane har førsteretten til evangeliet, men ikkje einerett. Me skal alle kjempa for å koma inn gjennom frelsesdøra. Denne døra er eigentleg Jesus Messias sjølv; vegen, sanninga og livet. -Du kjem ikkje utanom Jesus, heiter det i ein song. Trur kanskje ikkje han vert sungen like mykje no for tida som før. Men innhaldet er like sant i dag, for oss alle.

Skrevet av: Paul Odland

Pensjonist. Tidlegare misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon