Tekstgjennomgåelse for: 30. november 2025 -
Søndagens tekster: Salme 24,1-10; Rom 13,11-12; Matt 21,1-11
Igjen skal vi ri inn i advent. Teksta nærmar seg påske mens vi nærmar oss jul. Det minner oss på kor tett dei to høyrer saman. Han som kom i krybba, fullendte si gjerning på korset og i oppstoda. På denne søndagen skal inntoget i Jerusalem minne oss om adventstida sitt motiv, at vi tar imot han som kjem til oss.
Han kjem til oss
Reisa startar i Betfage, Jerusalem si kultiske yttergrense. Ein måtte vere innanfor den grensa for å ta del i festane som lova fastsette. Jesu reise denne dagen skal føre han til byportane, der vår historie endar, og vidare inn på tempelplassen der han i teikn og tale førebur det som skulle hende den siste påska. La oss likevel stanse ved portane der dagens tekst frå GT oppheld seg.
Salme 24 er ein mektig salme og har fått direkte gjenklang i vår eigen adventssalme, Gjer døra høg, gjer porten vid. Få salmar blir misbrukt meir enn denne. Den handlar ikkje om at kyrkja skal rive ned dører, tak og veggar for å gjere kyrkja open nok for alle slik at vi og folk flest skal sleppe å bøye oss innfor Guds makt og vilje. Tvert om handlar den om at vi – som kyrkje og som menneske – opnar opp våre liv for Han. I Salme 24 kjem han med all rett som den herlege, den sterke, den mektige, kanskje symbolisert med ein storslagen prosesjon, til Jerusalem. Ingen by – om aldri så heilag – og ingen tempel kan likevel romme han.
På same måten skulle ingen av oss forvente at han vil ta inn hos oss. Så er det likevel det som skjer, eller den invitasjonen som kjem. Utan heilt å forstå det sette folket i prosesjonen ord på akkurat dette gjennom hyllingsropet til Herren i Salme 118,25, «hosianna! – frels oss!». Slik var Jesu første kome. Han kom med frelse, som namnet Jesus betyr – «Herren frelser».
Han kjem med frelse
Hendingane på palmesøndag skulle vere kjente nok. Rett nok er det berre Johannes som skriv om «palmegreiner». Matteus nøyer seg med «greiner» – og kapper. Med det dei hadde for handa, ville dei gjere stas på rabbien. Symbola i historia er fleire. Jesus rir inn på ein eselfole, i Matteus sin versjon truleg med eselhoppa ved sidan av. Eselet var arbeids- og transportdyret. Truleg sat fleire i same følget på sine eigne esel der dei kom farande frå langt utanfrå Judea. Hestar var krigsdyr. Jesus kom ikkje i krig og med ytre makt. I samsvar med det han sa om seg sjølv som mild og audmjuk, understrekar den profetiske bruken av Sak 9,9 at Jesus kom som fredens Messias. Eselet er knytt til profetiar om Messias i GT heilt bakover til Jakobs velsigning av Juda, han som skulle bere kongesepteret i Israel, «til eigaren kjem, han som folka skal lyde. Han bind eselt til vinstokken, eselfolen til den edle ranka» (1 Mos 49,10f).
Truleg bør vi ikkje sjå for oss veldig stor offentleg virak rundt denne eine mannen i festtoget. Ved alle høgtidene var den romerske vaktstyrken skjerpa. Alle tilløp til oppstand ville ha blitt slått brutalt ned. Det skjer ikkje. Truleg var det læresveinane og ein del folk framom og bak dei i inntoget som skapte engasjement. Liksom det var fleire esel på vegane under innfarten, var det mange som var fulle av glede og forventning. Kanskje song dei av full hals songane ved festreisene slik vi har dei Salme 120-134. Romarane hadde god trening i å sjå skilnad på opptøyar og glade menneske i prosesjon.
Det svarar også til at Jesus kom audmjukt ridande. Hans hensikter var ikkje oppgjer med jordiske makter. Han reid framover og innover med frelse i Herrens namn. Slik presenterte engelen saka for Josef. Slik tilbad Sakarja i sin lovsong då Johannes var fødd. Dette var kjernebodskapen frå englane til gjetarane. Og slik vitna Simeon i tempelet då han såg det vesle barnet. Frelsaren.
Til preika
Så bør vel også vekta på forkynninga første søndag i advent ligge der: Jesus kjem til oss med frelse. Seinare i advent skal vi minnast på at han kjem igjen med makt og herlegdom. Då duger ingen jordiske byar eller tempel. Då blir det inntog i det nye tempelet, i den evige, heilage byen som ikkje er gjort med menneskehender. I advent 2025 blir vi invitert til å «vakne av søvnen» fordi frelsa er nær, slik brevteksta for søndagen minner oss om.
Preiketeksta endar med eit spørsmål: «Kven er dette?» Folk i dag har ein tendens til å svare slik mange gjorde då; ein profet, ein dyktig lærar, ein undergjerar. Du som forkynnar må seie meir. Han er Guds eigen Messias. Han er Israels frelse. Han er verda sitt håp. Han er med rette både Davids son og Guds son.

