Tekstgjennomgåelse for: 2. april 2023 - 

Palmesøndag

Preiketekst: Joh 12,12-24
Lesetekst I: 2 Mos 12,21-28
Lesetekst II: Ef 2,12-18

Palmesøndag er ein stor fest i fleire kyrkjelege tradisjonar. Også i Norge har den vore stor og gjerne markert som storfamiliegudsteneste med aktiv involvering inntil nyleg. Inntrykket er at desakraliseringa av påska, der også aktive kristne prioriterer fritid framfor høgtid, har svekka palmesøndags plass som fest i kyrkja vesentleg. Dei som kjem til Guds hus denne søndagen, må likevel ikkje bli møtt med mismot eller mishagsytring om dette. Vi som samlast, skal feire han som rir inn med fred.

Leseteksten frå 2 Mos om jødane sitt påskemåltid og blodet på dørstolpane før utgangen av Egypt går rett til preiketeksten si avslutning, om han som må døy for å gi liv. Ef 2 tener til å seie at det som den gongen skjedde med og for jødane, no, i Jesus Messias, skjer for alle, også for heidningane.

Palmeblad, klede og hyllest

Palmeblada denne søndagen kjem faktisk berre frå denne teksta. Matteus skriv om greiner generelt, Markus om greiner henta inn frå markene, og Lukas nemner det ikkje. Det dei derimot nemner, er at folk la kappene sine på vegen framfor Jesus og eselet. Uansett er det snakk om teikn på ære, og på seier. Å legge greiner, palmeblad og klede på vegen var som å koste og feie reint og rulle ut løparen når ein ærefull person gjer entré.

Palmeblada var frå fikentreet. I den jødiske festkalenderen var slike blad ikkje knytt til påska, men til haustens lauvhyttefest. I samtida si generelle forståing var palmeblad symbol på seier og fred.

Eselet – symbol på fred

Palmesøndag er også eselets store dag. Truleg må eit esel ha bore den høggravide Maria frå Nasaret til Betlehem ein generasjon tidlegare. No rir Marias son inn i Jerusalem, der Herodes den store tretti år tidlegare hadde gitt ordre om å drepe ei mengde barn i Jesu fødeby for å bli av med den nye kongen. No rir Jesus inn til sin død for dei mange, ikkje fordi makta endeleg lykkast i å ta han av dage, men fordi han gir livet sitt frivilleg (Joh 10,18). Når Jesus i v.23 for første gong erklærer at «tida er komen», markerer det at han også er denne situasjonens herre.

Eselet er i austleg tradisjon eit symbol på fred, slik hesten er eit symbol på krig. Jesus rir inn i kongens by som «fredsfyrsten» frå Jes 9. Dei gamaltestamentlege tilknytingane er klare. Allereie Israels stamfar Jakob profeterte om kongen av Juda og eselet hans (1 Mos 49,10). David let Salomo ri fram på kongens muldyr då han blei kåra til ny konge (1 Kong 1,33). Teksten på palmesøndag viser til profeten Sakarja sitt frampeik på kongen som skal kome, fattig og ridande på eit esel og skape fred (Sak 9,9f).

Uro og ambivalens: Kven er han?

At disiplane først etter oppstoda tok alle desse poenga, er forståeleg nok. Kanskje var dei ambivalente. Kva ville skje om dei romerske styresmaktene oppdaga hyllinga av den etter kvart berømte Jesus midt i opptoget til høgtida? Kva ville dei religiøse leiarane gjere når dei oppdaga folkets begeistring for han som nyleg hadde vekt opp Lasarus etter fire dagar i døden? Disiplane var klar over uroa. Elles hadde ikkje Tomas eit kapittel tidlegare resignert eller kynisk sagt at dei berre fekk vere med til Jerusalem og døy med Jesus (Joh 11,16).

Mange visste kven Jesus var, og det var ikkje berre den jødiske allmugen som syns vel om han. Jamvel nokre fromme, Guds-truande grekarar som hadde reist langt for å feire høgtida saman med jødane, spurte etter Jesus. Som i starten av Johannes sitt evangelium er det ved slutten av Jesu liv Filip og Andreas som har oppgåva med å introdusere folk for Jesus.

Grensesprengande bodskap

I dette ligg noko grensesprengande, eit signal om at det som skal skje heretter, vil gjelde både jødar og heidningar. Dette er signalisert i kapitla før. «Eg har òg andre sauer [enn dei jødiske disiplane] … Dei òg må eg leie» (Joh 10,16). «Ja, han skulle ikkje berre døy for folket [jødane], han skulle òg samle til eitt dei Guds born som er spreidde rundt om kring» (Joh 11,52). Leseteksten frå Ef 2 understrekar dette ganske kraftig når den viser korleis jødar og heidningar blir til eitt ved trua på Jesus Messias.

Folket ropar «hosianna» («Herre, frels!»), med direkte sitat frå ein salme Jesus brukar mykje om seg sjølv (Salme 118,25). Her er det folket som brukar den om Jesus når dei ropar til Gud om frelse. I den følgjande velsigninga ligg det ingen tanke om at menneske kan tilføre Gud gode som han sjølv ikkje har. Det er meir ei konstatering av at han sjølv ber med seg alle gode og derfor er verd pris og ære.

Kveitekornet

Teksten endar i bildet om kveitekornet som må døy i jorda for å gi liv. Det er eit vers som rommar ei preike i seg sjølv. Samtidig gjer det preiketeksten denne søndagen veldig fyldig. Han som rir inn som fredens konge og med seier, kjem til å vinne ved å gi sitt eige liv. Vi treng ikkje spekulere i om dei som hylla Jesus ved dette inntoget, også ropte «krossfest!» nokre dagar seinare. Truleg er overlappen ikkje så stor mellom dei folkemengdene. Dei som hylla han palmesøndag, gjorde vel helst som disiplane langfredag og skjulte seg.

Vi må ta Jesus på alvor når han med reine ord seier at han har situasjonen i sine hender. Han vann ved å tape. At han kom ridande på eselfolen er altså ikkje tilfeldig. Det var fredsfyrsten, ikkje krigsherren, som reid inn. Slik blei han vår fred (Ef 2,12), slik forkynte han fred for oss (Ef 2,17), og berre slik har vi fred med Gud (Rom.5,1)

Om preika

Om denne teksta skal brukast i familiegudsteneste, må det plukkast få, men gode poeng. Gudstenesta må gjerne få fram festen ved inngangen til høgtida. Det er likevel viktig at vi ikkje røvar frå borna den djupe samanhengen i at Jesus vann seier ved å døy, og at det var ein død for syndene våre. Altfor mykje kristen formidling til born har tatt farge av det moderne «evangeliet» at eg er god nok som eg er. Dersom det er slik, var det fullstendig overflødig at fredskongen vann freden for oss ved sitt blod på korset.

I ei preike primært retta mot vaksne, er det nødvendig å då enda djupare i dette. Det er framleis fastetid og vandring mot korset. Ei enkel tredeling som følgjer teksta, kan vere:

  1. Kongen som skapar forventning
  2. Kongen som skapar uro
  3. Kongen som skapar fred