Tekstgjennomgåelse for: 13. september 2026 - 

16. søndag i treenighetstiden

Sundagens tekstar: Sal 40,2–6; Rom 8,19–23; Mark 7,31–37

Denne sundagen har ofte vorte kalla tale-sundagen, eller endåtil Effata-sundagen! Det er naturlege og dekkande ord, ut frå tekstane for dagen. Dei handlar både om Guds tale til oss, Guds omsorg for einskildmennesket og ei verd som er forgjengeleg og som ventar på utfriing.

For bare to dagar sidan var det 11. september – Nine eleven. Ellevte september 2001. Tvillingtårna. Katastrofen. Akkurat 25 år sidan denne veka. Sjølv om me i vår samanheng for femten år sidan fekk vårt eige 22. juli – som vart markert på mange måtar i sommar – er det ikkje fort gjort å gløyma Nine eleven!

Me lever i ei uroleg tid, og mange sånne tankar ber me med oss når me no er i full sving med arbeid og teneste i kyrkje og misjon!

Makt til å utfri

Vår tekst er ramma inn av to andre forteljingar der det også skjer eit mirakel. Rett før er det ei syro-fønikisk kvinne som tryglar og ber for dotter si. Mora gjev ikkje opp og ho vert høyrd, og dottera utfria. Etterpå er Jesus i møte med fleire tusen, som ikkje har mat med seg. Han sørger for det dei treng, alle saman, om lag fire tusen les me.

Teksten vår set fokus på eit handikap som me ikkje på same måten som før, reknar som sjukdom. På Jesu samtid var det meir slik at folk som enten var blinde, døve eller stumme, vart sett ned på og ofte hamna utanfor fellesskapet. I dag er det heldigvis gode hjelpemidlar for folk som har lite eller ingenting att av høyre-evna. Sannsynlegvis var sjølve taleevna intakt hjå denne mannen. Men det er slik i dag og, at hvis ein ikkje høyrer, så høyrer ein heller ikkje si eiga røyst, og då er det vanskeleg å læra seg å tala. ”Han hadde vondt for å tala”, heiter det om mannen i teksten.

Effata! Lat deg opp!

Fleire gonger i Det nye testamentet les me om at Jesus nyttar spytt når han skulle lækja ein sjukdom. I Mark 8,23 står det at Jesus spytta i augo til ein blind mann. I Joh 9,6 les me at han spytta på jorda og laga ein deig av spytt og støv som han smurde på augo til ein blindfødd. I vår tekst i Mark 7 står det berre at Jesus spytta. Men også at han stakk fingrane inn i øyra og rørte ved tunga til mannen. Alt dette kan virka framandt for oss, men må forståast som symbolhandlingar som er samanknytte med Jesu eigne ord, og som difor også inneheld himmelkraft til å utføra det som orda seier.

I Mark 5,41 møter me også eit arameisk ord (Talita kumi), nettopp slik det vart talt av Jesus på hans eige språk. Her i vår tekst får me eitt til: Effata! Lat deg opp! Sterke og virkekraftige ord begge! Og mannen får både øyrene opna og taleevna på plass! Rundt om i landet finst det eit og anna bedehus som har dette sterke og forkynnande Effata-namnet, og i Stavanger var det faktisk namnet på byen sitt døvekapell i perioden 1908-1937.

Når Jesus tek seg av denne mannen og gjev han hjelp så han både kan høyra, og dermed også tala reint, skal me lesa det med stor glede og tenkja kor glad han må ha vorte! Og så skal me tenkja på at Jesus er den same i dag. Han kan, om han finn det tenleg, gripa inn i alle sider ved livet, og gje hjelp og lækjedom.

Hjelp med alle ting

Det er ikkje så sjeldan at Jesus gjer eit under. Folk vert friske frå både smerte og plager og stundom også dødeleg sjukdom eller får overnaturleg hjelp på andre måtar. Lat oss ta Jesus på ordet når han seier at me kan koma til han med alle ting! Me kan ikkje koma med krav, men med tome hender. Av og til lyt ein be om tolmod og styrke til å bera det som er smertefullt og tungt.

Både Nine eleven og 22. juli – og 07. oktober også for alle oss som er glade i det jødiske folket – er datoar der me kjenner på både sorg, smerte og såre minne, kanskje også hat og hemntankar. Smerte handlar ikkje berre om det som i direkte forstand set seg i kroppen grunna sjukdom!

Det er så fint å lesa om desse som på sett og vis er det handlande subjektet i teksten, nemleg ”dei”. Altså nokre vener eller slektningar som tek mannen med seg til Jesus. Dei må ha høyrt om Jesus; kanskje møtt han sjølve, kanskje erfart noko av det Jesus kunne gjera, eller i det minste ha høyrt om andre som hadde fått hjelp. At Jesus kunne hjelpa, virkar det som om dei var overtydde om, sidan dei ber Jesus konkret om å leggja hendene på mannen (vers 32).

Er me slike diakoner som er med og fører andre til Jesus, enten det er heilt bokstaveleg, og/eller på bønevegen? Mange er avhengige av deg og meg, for at dei skal få møta Jesus!

For heidningar og jødar

Forteljinga rett før vår tekst går føre seg i områda rundt Tyrus og Sidan. Dette er kystbyar i det som er Libanon i dag, eit stykke nord for grensa mellom Israel og Libanon. Området var gamalt fønikisk land, eller heidninge-land om ein vil. Etter at kvinna der har fått hjelp, går Jesus sørover att og inn i Dekapolis-området, inn i eit jødisk område. Dekapolis var eit samband av ti byar, oppretta av romarane, primært for å vera eit vern mot moglege åtak frå aust. Midt inne i Dekapolis-området ligg Galilea-sjøen. Her møter Jesus mannen utan tale- og høyre-evna. Det er flott å sjå at Jesus gjev hjelp til både jøde og heidning! Slik er han også i dag!

Personleg er eg dessutan så glad for ein detalj i teksten, nemleg denne: Medan Jesus tek seg av denne mannen, fortel evangelisten Markus at Jesus sukka (vers 34)! Tenk det! Ja, då les eg om ein frelsar og redningsmann som er så nær oss, så menneskeleg, så heilt lik oss. Men samstundes har han makt og kraft og vilje til å utfri og berga. Også andre gonger høyrer me om at Jesus sukkar. Ved eit par tilfelle står det endåtil at han gret! Jau, han veit sanneleg korleis det er å ha det smertefullt og tungt, på alle måtar!

Usunn reklame

Jesus bad folket som var der om å lata vera å fortelja dette vidare. I Mark 8,30 står det endåtil at Jesus baud venene sine strengt at dei ikkje skulle seia vidare at han var Messias. Men slik gjekk det ikkje. Rykta spreidde seg. Undera Jesus gjorde, var teikn på at Messias-tida, frelsestida, no braut inn. Folket kjende att det som skjedde frå mellom anna profeten Jesaja (kap 35,5 til dømes). Men Jesus var redd for at hjelpa til sjuke og forkomne på feilaktig måte kunne brukast som reklame for himmelriket. Det er i sanning noko å tenkja på også i dag!

Elles skal me sjølvsagt ikkje lata vera å fortelja om storverk som Jesus gjer i dag, både til frelse og utfriing frå sjukdom, smerte og plager. Me er ikkje bundne til å teia, slik han sa til læresveinane den gongen. Tvert om. Han har gjeve oss bod om å vera hans vitne, hans ambassadørar, både til jødar og heidningar, både heime og ute.

Undringa me les om i siste verset, kan me gjerne be om å få meir av! Han har gjort alle ting vel, står det. Ja, det har han sanneleg!

Hallelujah!

Skrevet av: Paul Odland

pensjonist, tidlegare misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon