Tekstgjennomgåelse for: 25. desember 2023 - 

Juledag

Prekentekst: Joh 1,1-14
Lesetekst I: Ord 8,1-2; 22-31
Lesetekst II: Hebr 1,1-6

Gledeleg jul!

I jula ser me Herrens herlegdom! Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss. Han kom til oss, og vart som ein av oss, som far, som mellommann, som bror, som frelsar og forsonar. Han er med oss, framføre oss, bak oss, over oss, under oss, ved sida vår. Det er all grunn til å heva røysta i lovsong!

Juledagen er i kyrkjeåret,  g når det gjeld preiketekst, ulik alle andre søndagar og høgtidsdagar. Kvart år er det den mektige og visjonære prolog-teksten i Johannesevangeliet kap 1 som er preiketekst. Slik også i år! Men denne gongen vil me her i tekst-verkstaden også ha litt fokus på innleiingane av dei tre andre evangelia. Det er både oppbyggeleg og fascinerande lesning.

Forteljinga om Jesus har me altså i fire variantar. Dei gir oss ulike perspektiv. Ofte når ein les slik kan ein leita etter fellesnemnarar. Men ein kan like gjerne sjå etter ulikskapar. Kanskje ein då ser rikdomen i mangfaldet endå betre? Det er på same måte som fire ulike perspektiv av eit landskap. Den som har vandra litt i terrenget, kjenner til dette. Eller noko så konkret som ein husteikning – som kan syna oss bygningen frå fire sider, og ovanfrå og nedanfrå. Dei som syng i kor, veit også litt om ulikskapar ved dei fire stemmane, og kor vakkert det er når dei får klinga saman!

Jesu ættesoge

Matteus tek til med Jesu ættesoge, det heilt basale. Han syner oss at Jesus Messias vart fødd inn i menneskeslekta, og ikkje berre det, men inn i den jødiske storfamilien. Her er banda til den gamle pakta sterke og tydelege, og seinare les me at frelsa kjem nettopp frå jødane. Bak Jesus finn me ei lang rekke kjente namn, Abraham, David, Isak, Boas, Uria, Manasse og mange fleire. Men akkurat Matteus-prologen har opna augo på ein del jødar som har trudd at Det nye testamente var noko heilt anna enn det er. Dei ser at Jesus er jødisk, og at han stammar frå Abraham, Jakob og David. Då er han jo ikkje vår fiende, men ein av oss!

Jesu dåp

Markus er ein ganske nøktern forteljar. Han går meir eller mindre rett på forteljinga om døyparen Johannes og korleis det bar til då Jesus vart døypt. Og dermed starten på Jesu underfulle virke blant menneska. Markus legg vekt på det Jesus kom til jorda for å utføra, og at han var meir enn eit vanleg menneske. Jesus er Guds son, den som Herren hadde hugnad i.

Jesu liv

Lukas skriv biografien til denne mannen. Han tek føre seg fødsel, barneår, ungdomsår, og me les om Jesus som vaksen, som ein mann og einskildperson ein kan identifisera seg med. Lukas går historisk og grundig til verks, det fortel han til Teofilus. Lukas legg vekt på at dette ikkje er eventyr, men at alt er plassert i eit land i ei tid, med styresmakter og mykje anna som skjedde i samtida. Det er etterprøvbart og truverdig.

Og så kjem Johannes, med ein noko meir filosofisk, ja endåtil spektakulær stil. Han tek til med skapinga, med den kosmiske Kristus, han som var før alt anna vart til, og som saman med dei andre personane i guddomen var der frå opphavet, frå starten. Starten av dette evangeliet er lausrive frå jordisk tid. Jesus var til før noko anna. Også Johannes legg vekt på at Jesus var meir enn eit vanleg menneske då han kom til jorda. Han var sanning og kjærleik til og frå alle tider. Og ved å sjå han ser me Herren sin herlegdom, som sann Gud og sant menneske. Johannes fangar inkarnasjonen sitt mysterium til det fullkomne ved å skriva det på den måten han gjer. Derfor er det noko vakkert ved at evangeliet etter Johannes er det fjerde. Det passer liksom best å lesa dei tre andre først!

Visdom

Korkje på juledag eller nokon annan søndag eller heilagdag skal ein oversjå lesetekstane. I Ordtøka 8,12 vert visdomen personifisert. Frå der av er det ei Eg-røyst som talar. Og i vers 11 er det eit ord som eg trur me alle har føresetnad for å forstå: Visdom er betre enn perler, ingen skattar kjem opp imot den! I dette tekstavsnittet er det visdomsmøya som ropar ut sin bodskap til oss. I andre omsetjingar er nytta ordet Visdomen. Men enten ein nyttar eit hokjønnsord eller hankjønnsord, er det tydeleg at denne visdomsbodskapen skal nå langt ut. Ein står på toppen av haugane, der vegane møtest – for at bodskapen skal nå ut til mange! Høyr – er det første ordet. Det gjeld også oss i dag. Høyr Guds visdom. Høyr Guds røyst. Høyr Guds ord! Og som antyda i 8,12; Gud er eitt med sitt ord.

Kunstnar og byggmeister

I hovudavsnittet (8,22-31) er det Visdomen som talar om seg sjølv, utan tiltale eller formaningar til nokon. Visdomen var der alt frå skapinga, ja før skapinga. Han var i Herrens eige då hans veg tok til. Frå æva har visdomen vorte til, frå opphavet, før jorda var. Når ein les Johannes-prologen samstundes med dette, ser ein kor mange likskapar det er. Det er nesten slik at Salomo og Johannes skriv om same sak, men berre nyttar litt ulike ord og vektleggingar.

Teksten frå Ordtøka 8 framhevar også Visdomen som ein kunstnar (8,30). Det er ein fascinerande tanke. Andre omsetjingar nyttar ordet byggmeister eller handverkar. Hebraisken opnar tydelegvis for litt ulike forståingar her, noko som berre gjev større breidde og fylde for oss som les – og skal ta imot denne bodskapen.

Skapinga

Når ein les Ordtøka 8, kjennest det også naturleg å lesa heilt i starten av Bibelen, frå skapinga. Ordtøka 8,27 fortel om korleis det gjekk til då Han – Gud Herren – bygde himmelen. Og då han teikna ein kvelv over djupet. Då var Visdomen der. Lat oss skapa, les me i skapingstekstane fremst i Bibelen. Dei var der, alle tre personane i guddomen, Herren, Jesus og Heilaganden. Alt det skapte var godt – det var jo bygd av ein særs dyktig byggmeister og framifrå kunstnar! Og då menneskeborna var skapte, les me at Visdomen hadde si glede i dei.

Det kan svimla for tanken av mindre. Denne veldige Gud – Han ser oss, han har møtt oss, han er komen til oss, han er midt mellom oss. Og bodskapen no på juledag er nettopp dette: Gud har synt oss visdomen. Han er ei gåve til oss alle!

Guds herlegdom er også omtala i leseteksten frå Hebrearbrevet. Guds son, Jesus Messias, er avglansen av Guds herlegdom. Etter at Gud i lang tid hadde tala til menneska gjennom profetane, møter han oss no gjennom sin eigen son. Desse versa i starten av Hebrearbrevet er uhyre komprimerte. Me les om Sonen at han er arving til alle ting, han var med ved skapinga, han syner oss Guds vesen, han held alt oppe ved sitt ord, han fullfører reinsinga for alle syndene våre, og no sit han ved høgre handa åt far sin. Gjennom han og ved han ser me Guds herlegdom!

Vise menn og vise kvinner

Ved juletid les me også om dei vise menn. Dei kom austfrå og leita etter barnet som var fødd. Kloke var dei heilt sikkert, kva land og bakgrunn dei enn kom frå. Noko av visdomen deira kom til syne då dei ikkje let seg lokka og narra av Herodes og alle skriftlærde og overprestar som han rådførte seg med. Då Herren minna dei om dette i ein draum, gjorde dei det einaste rette – dei tok ein annan veg heim att frå Betlehem.

Men den djupaste visdomen synte dei då dei fall ned og tilba Jesus-barnet. Kva var det dei såg der inne i den enkle jordhytta, grotta, eller stallen? Jau, det som står i Johannesprologen: At Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss. Dei såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå far sin, full av nåde og sanning (Joh 1,14).

For oss menneske, jødar og heidningar, er det den djupaste og sanne jule-visdom; å bøya seg for Barnet. Lat oss difor vera vise – både menn og kvinner!

Skrevet av: Paul Odland

Pensjonist. Tidlegare misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon, Stavanger krets