Tekstgjennomgåelse for: 10. august 2025 - 

9. søndag i treenighetstiden

Søndagens tekstar: 1 Mos 4,8-15 / Rom 14,10-13 / Luk 6,36-42

Dagen

Denne søndagen fell i år på same dato som ‘Larsok’.  Larsok er ein gamal merkedag, som lokalt kanskje mest blir forbunde med stølslivet.  10. august samlast før i tida budeier og gardsfolk på stølen, og gjorde seg klar til å flytta buskapen næmare heimegarden.  Dei heldt fest i takk for sommarbeite og andre signingar for folk og dyr.  Elles er Larsok mest ein minnedag for den hlg Laurentius, erkediakon i Roma  Han som med fare for eige liv gav alt sitt til dei fattige; han stod under dom frå keisaren, men tenkte meir på å utnytta dei dagane han hadde att, til det beste for dei forkomne – før han sjølv blei lagt på ei rist og ein langsom død.

Treeiningstida losar oss gjennom veksthalvåret i kyrkja, og opnar sansar, tanke og sjel for Guds rike i denne verda, i, men ikkje av.

Kains-merket

GT-teksten tek oss med ut på marka (vers 8), Kain si heimebane.  Kain og Abel var av same blodet, men no hadde vondt blod kome mellom dei. Oppgjeret og kampen mellom brørne hadde bakgrunn i misunning og dømesykja.  Kain var førstegrøda til Adam og Eva og soleis ny i livet.  Men det var ikkje livsens signingar dei to skulle feira på ‘vollen’. Det var hjartans og tankens dom som skulle fullførast.  Livsens grunnregel, Ja til livet, gjeve oss av Skaparen, vart broten, kontant og utan knussel.  Kapittel 4 i Bibelens første bok bør lesast med kapittel 3 som bakgrunn og føresetnad.  Dom og utestenging frå det nære fellesskapet med Gud Herren fekk dramatiske konsekvensar. I tap av liv og velsigning,  til isolasjon meir enn fellesskap.

Me takkar Gud for merket han gav Kain, eit Guds merke som verna om livet hans, og  hindra dei verste følgjene av fallet.

Alltid for Herren

Epistelteksten bringer Kain og Abel nær i den Messias-truande forsamlinga.  Avsnittet har fått overskrifta ‘Samhald i kyrkjelyden’. Apostelen peikar framfor vår tekst på Guds himmel, på Guds lovnader frå Abraham av, og til Messias, og minner om: ‘Ingen av oss lever for seg sjølv, lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren’ (vers 7-8). Menneskelivet er alltid (fram)for Herren.

Dommen høyrer Herren til, og våre liv, som einskildmenneske og som fellesskap, er alltid opne for Guds auga.  Korleis kan me då døma eit med-menneske?

Innanfrå

Evangeliet legg grunnvoll og skaper bygning for tru og liv i kyrkja: Gud er miskunnsam (vers 36).  Guds nåde i Jesus Messias er fundamentet, som samstundes gjev retning og liv for den einskilde og for fellesskapet.  Liksom Herren er miskunnsam, skal Guds born, nye i livet ved dåp og tru, vera miskunnsame.  Me er av Adams slekt, og lever det gudgjevne livet; me lever under freisting og tilhøyrande fall.  Men me lever også under paktfolkets lys over livet med Gud; miskunn er ikkje berre ein tanke, ein idé.  Gud ser til hjarta og avslører hjartans tanke og planar.  Israel fekk høyra: Eg gjer deg til lys for folkeslag så mi frelse kan nå til enden av jorda (Jes 49,6).

Kor godt, då, og alvorleg, at Jesus adresserer denne tilstanden! For kven vil vel gambla med fridomen, vunnen ved Jesu blod?  Dei fleste, tenkjer eg. Bevisst og ubevisst legg me oss i utkanten, ute på marka, på eit område me innvilgar oss sjølve eigedomsretten til, der me trur oss vera åleine, til eit oppgjer mellom ´dei det gjeld´.

Men livet vårt som truande vedkjem alltid den Gud som gav oss livet, som elskar kvart menneske like høgt, også den ‘ufordragelege’.

Flisa og bjelken

Abrahams, Isaks og Jakobs Gud openberra seg på mange vis for gudsfolket Israel.  Og so, ved Jesus Messias, stadfester han desse openberringane og legg ope fram den endelege: liv i Jesus Kristus.

Dette livet er i og med den nærverande Gud og Herre, som både avslører og frikjenner. Herrens hjarta og tanke skal kyrkjelyden få læra å kjenna og bringa vidare til menneske på vår veg.

Dommen høyrer Herren til.  Likevel kan eit Guds barn fella ‘drepande’ dom over flisa i auge til ein bror.  Bjelken, derimot.  Rettleia skal me, det handlar om ansvar for kvarandre, men å døma er å halda folk borte og på avstand.  Jagar me folk bort, har me til slutt ingen å rettleia eller vitna for.

Kjærleiken tvingar oss

Diakonen Laurentius skulle ha nok med seg og sitt, men han kunne ikkje gløyma dei han var sett å hjelpa.  Han bar ikkje nag til keisarhjarta, men let Kristus ha forrang og gjekk vegen heilt til martyriet.

Kanskje er kristne sitt liv i Noreg mykje godt ein ‘dans på setervollen’, utan anna sut enn å halda takten?  Herren kallar oss til liv i etterfølging, der me tek mot meir enn me yter.

Men yta skal me, ikkje av tvang, men av glede og vilje til deling av Herrens miskunn, me som ber både Kains merke og Kristi.

Skrevet av: Geir Paulsen

Prest, leiar i Styringsgruppa for Den Norske Israelsmisjon – Sogn og Fjordane