Tekstgjennomgåelse for: 21. juni 2026 - 

4. søndag i treenighetstiden

Denne preikeverkstaden blei først publisert i 2020

Søndagens tekster: 1 Mos 25,27-34; 1 Kor 9,24-27; Mark 10,17-27

Om dagen

Preiketeksta denne søndagen ber noko sårt over seg, om mannen som gjekk sorgtyngd bort frå Jesus. Samtidig er den radikal, fordi den handlar om det som berre er mulig for Gud. Lesetekstene orkestrerer det heile, med Esau som ringeaktar og gir frå seg eit velsigna privilegium for eit enkelt måltid mat, eller med Paulus sitt bilde om det kristne livet: fullt fokus på å nå målet, om vi så må ofre alt som står i vegen. Det handlar om kortsiktig og langsiktig prioritering, ja, om det evige og ennå usynlege framfor det umiddelbart sansbare og materielle.

Om preiketeksta

Historia om den rike mannen finn vi i alle dei tre synoptiske evangelia. Matteus seier at han var ung. Lukas seier at det var ein rådsherre. Her hos Markus er han berre ein anonym, rik mann som stiller verdas mest eksistensielle spørsmål: korleis skal eg få evig liv? Intensiteten i spørsmålet blir understreka av at han kjem springande og fell på kne. Om han berre kom springande, hadde han det kanskje travelt mellom to forretningsavtaler, men at han fell på kne, tyder på at det er ei uro djupt nede i han som fører han til Jesus, til den eine «gode».

Det er risikabelt å spørje Jesus om slikt. Det vil seie, det startar ganske greitt, eigentleg, for Jesus leier denne jødiske mannen direkte til lova. Det var ikkje urimeleg, for det var nettopp dette Guds gode lov skulle sikre, at folket blei ført på rett veg. Jesus startar med dei ti boda si andre tavle, boda som handlar om våre relasjonar. Det går rett heim hos han som spør. At han har halde dette frå han var ung, tyder på at han var ein respektert mann som hadde livet på stell. Likevel var han uroleg. Kanskje det var meir?

Jesus følgjer opp med å hente fram lova si første tavle, og for den del det doble kjærleiksbodet. Det står om det mest sentrale. Han utfordrar mannen på kven og kva som er «gud» for han, om han elskar Herren sin Gud over alle ting – og nesten sin som seg sjølv. Det er her det går galt. For han som spurte om evig liv. Når Jesus set saka radikalt på spissen, blir det avslørt kva hjartet heng fast ved. Materiell rikdom gjorde at mannen vende Jesus og det evige livet ryggen. Ansiktet fekk ein skygge hos han som ikkje let Guds ansikt lyse over seg og vere han nådig. Han gjekk sorgtung bort, men ikkje i sorg over synda og det som heldt han borte; snarare i sorg over ikkje å ha blitt akseptert slik han var – og ville vere.

Om dei jødane som høyrde dette tenkte på Esau som gav frå seg førstefødselsretten for ein rett med linser, er vel ikkje sikkert, men dei kjende godt historia som ligg i leseteksta frå GT. Han prioriterte småtteri framfor det langt større. I Korint, byen kjend for dei istmiske leikane, kunne dei i alle fall forstå kva apostelen seier i brevteksta. Alt som hindrar, må prioriterast vekk for seiereprisen som ventar den som fullfører løpet og held fast ved trua. Slik er det i idrett. Slik er det i livsløpet.

Dersom vi orkar å ta historia innover oss, burde reaksjonane våre ha vore langt sterkare enn disiplane sine. Dei let seg sjokkere av ein himmel som lukka seg over dei. Jesu bilde om kamelen og nålauget skal nok forståast som akkurat det, som eit bilde på det umulige.

Nokon byport til Jerusalem med namnet «kamelauget», der det skulle vere uråd å ta seg inn utan å bøye seg, eksisterte ikkje før i dei langt seinare bymurane frå mellomalderen.

Dei fleste av oss som les dette og som skal høyre teksta rundt om i kyrkjene, har grunn til å identifisere oss med den rike mannen. Kva ville du og eg gjere om Jesus gav oss denne utfordringa? Der skatten vår er, vil hjartet vårt vere. Mange vil ikkje nå fram til det evige livet, fordi dei «set sin lit til rikdom» Alle som tener Mammon, går bort frå Gud. Vi som har stor rikdom, har ei nesten umulig oppgåve med å gjere rikdomen til vår og Guds tenar. «De i Europa er rikt velsigna,» sa ein afrikansk leiar til meg, «men de har begynt å tilbe gåvene framfor givaren.» Frå dette må forkynninga denne søndagen vere frimodig nok til å kalle til oppbrot. Jesus seier det rett ut: Elles går det evige livet tapt!

Dette gjeld ikkje berre dei styrtrike. Sjølv Jesu disiplar der og då ante at dette kunne råke dei. «Kven kan då bli frelst?». Det var jo mannens spørsmål, og det må ikkje gå tapt for oss. Dette fører til sjølve evangeliet: Det som er umulig for oss, om vi kjenner våre eigne hjarte, er framleis mulig for Gud. Han frelser til sjuande og sist berre av nåde. Det gjeld rik og fattig, jødar og heidningar. Jesus handlar med oss ut frå sin kjærleik. «Han fekk han kjær,» les vi, og det er verbet «agapein», kjærleikens om gir seg sjølv, som blir brukt.

Denne nåden tar ikkje utfordringa vekk frå kallet til etterfølging. Nettopp fordi Guds nåde er så radikal, slik vi møter den i Jesu død for alle syndarar, er også kallet radikalt, slik at vi følgjer Jesus, uavhengig av pris. Ingenting på jorda kan vi ta med oss dit vi går, og ingenting er av ein slik verdi at vi bør spele det bort mot det evige livet.

Om preika

Preika kan vere i krevjande øving denne søndagen. Ingen bør la seg freiste til å klage over vår materielle samtid, som om dette er noko utanfor oss. Her går utfordringa rett inn i våre eigne hjarte, hos den som preikar og hos den flokken som kjem til Guds hus.

Eit spørsmål er kor mykje krefter vi skal bruke på å seie til folk at dette ikkje treng å gjelde dei, at dette var noko som skjedde éin gong. Ja, der var rike kristne også i aposteltida. Ingen i den første forsamlinga i Jerusalem stod under tvang til å avhende sitt jordiske gods og gi det til kyrkja. Styrtrike kyrkjer er heller ikkje noko ideal. Historia er full av døme på at korleis kyrkja er blitt åndeleg korrumpert gjennom økonomiske privilegium.

Dette gjeld oss. Det er den ubehagelege saka som vi må våge å sette ord på. I denne historia handlar det om kva som hindrar oss i å arve evig liv, slik også avslutninga fram til vers 31 gjer klart. Ver frimodig og les heile historia for forsamlinga. Forkynninga denne dagen er tvungen til å adressere det evige livet og vegen dit. Global forvaltning, sosial rettferd og omsorg for fattige er tema som primært bør adresserast andre dagar.

Eit enkelt eksempel på disposisjon kan vere:

  1. Korleis arve evig liv?
  • Det viktigaste spørsmålet
  • Den viktigaste adressaten
  • Den viktigaste prioriteringa
  1. Kven kan då bli frelst?
  • Ingen – av seg sjølv
  • Av Guds nåde – der all frelse synes umulig