Tekstgjennomgåelse for: 12. november 2023 -
Preiketekst: Joh 6,63-69
Lesetekst I: Sal 126,1-6
Lesetekst II: Fil 1,2-6
Eg har slite litt med å finne den klare samanhengen mellom dei tre tekstene for denne dagen. Lesetekstene har eit felles trekk i gleda over å høyre til hos Gud og i det store fellesskapet av hans folk. Evangelieteksta, derimot, er ei kamptekst der mange støyter seg på Jesus og forlét følgjet hans. Når Peter med si vedkjenning på vegner av dei tolv erklærer at dei uansett høyrer Jesus til, er vi likevel kanskje ved ein sitrande nerve i denne dagen. Ein søndag for å seie noko om kven Jesus er og kva det betyr å følgje han; med risiko for at mange vil vende seg frå han, men til glede for dei som held fast ved vedkjenninga.
Utfordrande bakteppe
Teksta avsluttar det lange kapittelet som er prega av brødunderet og den undervisninga i Kapernaums synagoge som følgde dette. Alt endar i ein svært tilspissa situasjon, fordi Jesus set sin person i sentrum på ein måte som får Moses til å bleikne og Jesus til å likne Gud sjølv.
Det er grunn til å undre seg veldig over avgrensinga av denne preiketeksta. Tidlegare var v.66-69 preiketekst, noko som gir meining, fordi heile fokuset då blir på Peters vedkjenning. Problemet var at konteksten slik fekk lite vekt. Men skal ein utvide konteksten, kan ein ikkje starte midt i ei utsegn på tre vers av Jesus. Den naturlege avgrensinga av teksta er v.60-71. Det gir nokre «ubehagelege» vers både om avvising, om menneske sin manglande kapasitet til eiga frelse og om Judas, den utvalde som gjekk fortapt. Alt dette prøver det noverande tekstutvalet å unngå, men skal vi hjelpe tilhøyrarane våre til god forståing og glad bruk av Skrifta i eigne liv, må vi også gå inn i det som er meir utfordrande og vanskeleg.
Utfordrande spørsmål
Teksta kan delast i to, v.60-65 og 66-71. Dei to avsnitta har ganske lik struktur. Dei startar med den negative reaksjonen frå dei som blir kalla hans eigne «læresveinar» (v.60 og 66). Dette er ei gruppe langt større enn «dei tolv», slik vi også kan sjå det når han sender ut dei 70 i Mat 10. Deretter stiller Jesus eit spørsmål, i v.61f: «Gjer dette at de fell frå?», og i vers 67: «Vil de òg gå bort?» Som eit dobbelt klimaks i teksten erklærer Jesus så først kva berre Anden og Ordet kan gjere (v.63), mens Peter erklærer kven Jesus er og kva berre han kan gjere (v.68f). Til slutt får vi vite at Jesus har full kjennskap til kven som skal svike han (v.64f og 70f).
Den talen/samtalen som Jesus har hatt i synagogen like i forkant er både djupt jødisk i formatet sitt, og ganske utfordrande overfor Jesu eige jødiske folk. Han set seg sjølv i makt og autoritet høgt over Moses, og i eit unikt forhold til Far. Jesus forkynte sanninga utan vekt på å gjere seg populær, han som kunne la seg bli gjort til konge like før (6,15). Vi treng derfor ikkje undrast over at folk blei støytt av orda hans og trakk seg unna.
Jesu svar på reaksjonane fungerer som ei avsløring av kor kort menneske kjem i seg sjølv i møte med Gud. Kjøt og blod er maktlaust. Alt ved vår frelse er avhengig av Anden slik han kjem til oss ved Jesu ord. Jesu ord for «dei orda» han tala er ikkje logos, men rhema. Dette greske ordet betyr, til liks med det vanlege ordet for «ord» på hebraisk («davar»), ikkje berre ord i verbal forstand, men også den saka som ordet uttrykker. Ord og innhald heng nøye saman og skal ikkje skiljast. Eit kristent syn på ord og språk er at dei er objektivt meiningsberande og uttrykker reelt innhald. Både ordet sjølv og det saklege innhaldet i det Jesus forkynner er altså fylt av ånd og liv.
Judas og Peter – svik og vedkjenning
V.64f fører oss inn i mysteriet knytt til Judas. Johannesevangeliet meir enn antydar (12,6 og 13,29) at sviket hans var motivert av kjærleik til pengar, utan at det er tema for denne søndagen. Samtidig ligg det noko dunkelt for oss i det faktum at han var utvald. Som ein av dei tolv skulle han representere dei tolv stammane i Israel i det nye og utvida folket som Jesus valde ut, først mellom jødane, og seinare også mellom oss heidningar. At den utvalde kan gå tapt, er ikkje nytt. Profetane formante det utvalde folket i GT til å vende om, ja, Guds utveljing blei til straff for dei når dei vende seg frå Guds pakt og forkasta hans nåde (Amos 3,2).
Høgdepunktet i teksta er naturlegvis Peters vedkjenning. Han har som rolle fleire gongar å stå fram på vegner av disiplane med erklæring av deira felles tru. Vedkjenninga hos Johannes er innhaldsmessig i nær slekt med vedkjenninga i Mat 16, men kontekstane er ulike. Vi treng ikkje undre oss over at det kom ulike situasjonar under tre års vandring med Jesus som tvang læresveinane til å tone flagg. Joh 6 er ein slik skiljeveg.
Peter uttrykker tre avgjerande saker i forholdet til Jesus.
- Det finns ingen som Jesus! Derfor finns det heller ingen andre å gå til for å få det Jesus er og gir. Jesus er Guds unike veg til frelse for oss – og alle.
- Peter stadfestar at Jesu ord er ånd og liv. Han – og dei andre – hadde erfart sanninga i at Jesu ord har evig liv og evig kraft.
- Konsekvensen av det dei har møtt hos og fått av Jesus gjer berre éin konklusjon mulig. Derfor både trur (= stole på) og veit (= ha klare haldepunkt for) dei at Jesus er Guds Heilage.
Styrken i å vedkjenne Jesus som «Guds Heilage» er grensesprengande for ein jøde, men det er ei sterk forståing i nyare forsking at hymner i NT som tilber Jesus (som Fil 2,5ff) truleg skriv seg heilt tilbake til Jerusalem-menigheten og den næraste tida etter det nye Jesusfellesskapet vaks fram der. Om jødar eller heidningar lar seg provosere av den eksklusive vedkjenninga til Jesus, er denne vedkjenning likevel hjarteslaget i den trua vi eig saman.
Om preika
Eg tilrår at predikanten les v.60-71 før preika. Så får kvar enkelt avgjere kva ein vil ta med av dette «tilleggsmaterialet» i forkynninga. Det er absolutt grunn til å legge vekta på Peters vedkjenning framfor Judas sitt svik, men det siste dannar i tekstavsnittet faktisk bakgrunn for hovudsaka.
Om forkynninga må lande i vedkjenninga og tilbedinga Jesus som Herre, så må den likevel først dra med seg den doble påminninga i v.63: Menneskets maktløyse i møte med si eiga frelse, og krafta i Jesus ord som er «ånd og liv». Så stort må også predikanten tenke om si eiga teneste. Forkynninga skal skape ånd og liv, forkynninga skal leie til ei sann vedkjenning av Jesus som Herre og kjelda til evig liv.
Om du vil legge mest vekt på Peters vedkjenning, kan dei tre punkta over vere ei hjelp til disposisjon av akkurat det.