Tekstgjennomgåelse for: 29. mai 2023 -
Preiketekst: Joh 16,5-11
Lesetekst I: Joel 3,1-2
Lesetekst II: Apg 10,34-48
I pinsen feirar vi at Gud sendte Den heilage ande til kyrkja. I dagens tekst lærer vi meir om kva som er hovudoppgåvene til Anden.
Kva er det beste?
Jesus held fram avskilstalen sin i tekstavsnittet vårt. Han har alt varsla at tida er komen for at han skal gå bort «til han som har sendt meg», til Far. For disiplane var tanken forferdeleg og dei var fulle av sorg. Det er forståeleg. Men Jesu ord til dei er at det er «det beste for dykk at eg går bort». Dei understrekar den viktige samanhengen mellom Jesu gjerning i påsken og Andens komme i pinsen. Dette seier noko om kor revolusjonerande pinsedag faktisk var og er. I våre dagar har vi nesten gløymt bort dagen. Pinse er blitt til nokre gode fridagar i mai/juni der vi reiser på hytta eller jobbar i hagen. Men pinsen høyrer til blant dei aller største hendingane i Guds frelseshistorie.
Andens oppgåve
Jesus har alt nemnt Anden og tittelen Talsmannen fleire gonger i talen. Vårt tekstavsnitt er fjerde og siste gongen at ordet Talsmannen blir brukt. På gresk står det «parakletos», eit ord med stor breidde og som rommar både trøystar, hjelpar, advokat og ein som går i forbøn. I allmenn gresk litteratur blir ordet brukt i juridiske samanhengar, medan Filo av Alexandria, den jødiske filosofen frå Jesu tid, brukar ordet jamvel i ein religiøs kontekst, om tilgjeving for synd.
Tidlegare i avskilstalen har vi høyrt at Anden «skal vera hos dykk for alltid» (14,16), «læra dykk alt og minna dykk på alt eg har sagt dykk» (14,26) og «vitna om meg» (15,26). Her, i vårt tekstavsnitt, blir arbeidsoppgåvene utfalda i meir detalj, samstundes som formuleringa er så komprimert at det ikkje er heilt enkelt å forstå heile meiningsfylden.
Vi les at Talsmannen skal «gå i rette med verda og vise henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er» (16,8). Norsk Bibel 88 skriv at han skal «overtyda verda om synd og om rettferd og om dom». Dette er meir nøyaktig ut frå den greske teksten. I sin kommentar peikar bibelforskar Don Carson på at det greske verbet står 18 gonger i NT og at det alle gongene er knytt til det å gjera nokon merksam på synda deira. På same vis som Jesus vitna for verda og sette skilje (7,7), skal Anden gjera det. Dermed er Andens jobb å forstå som noko meir enn berre å undervisa verda om kva synd, rettferd og dom er, overtyding stikk djupare og inneber noko personleg, noko som stikk djupare enn ei intellektuell forståing.
Dette går greitt å forstå når det er tale om å overtyda verda om synd. Det handlar om vantru, at ein ikkje vil ha med Jesus å gjera. Andens gjerning er å føra menneska til ei erkjenning av synd og dermed til å innsjå at dei treng Jesus.
Kva vil det så seia at Anden skal overtyda om rettferd? Ei forklaring er at Anden, gjennom kyrkjas liv og forkynning, skal overtyda verda om kor tom den eigenproduserte rettferda er. Dette er eit viktig tema i Jesu eiga forkynning, og vi finn same sak i Jes 64,5: «Alle vart vi som ureine, all vår rettferd som ureint tøy. Vi visna alle som lauv, vår skuld tek oss bort som ein vind.» Ei anna tolking er at Anden skal overtyda om den sanne rettferd, Kristi rettferd. Jesus er den rettferdige og dette blir stadfesta ved at «eg går til Far». I så fall kan me sjå to steg i Andens arbeid her. Først overtyder han menneska om deira syndeskuld, før han viser dei Kristi rettferd. Då er det i så fall tale om ein lov-evangelium-dynamikk.
Det siste Anden overtyder om, er dom, fordi «han som herskar over denne verda, er dømd». Det er viktig å merka seg at Jesu tale om dom her står i samanheng med forkynninga av at djevelen alt har fått sin dom. Krossen, staden er Jesus syntest å tapa, vart i staden sigersmerket. Verda treng å læra denne sanninga. Verda sin dom, at Jesus tapte, er feil. Sanninga er at det skal komma ein dommens dag og at alle som trur på Jesus skal gå fri den dagen.
Heile sanninga
I forlenginga av tekstavsnittet vårt, les vi om Sanningsanden som skal «leia dykk fram til heile sanninga» (v. 12) og at han «skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk» (v. 14). Dette er det verdt å nemna, for vi har lett for å gløyma at Anden først og fremst verkar gjennom Guds ord. Vi blir tiltrekt av det mirakuløse og mektige. Men Anden plar vanlegvis arbeida meir stillferdig enn som så. Vi må ikkje laga oss ein teologi som utelatar dei mektige gjerningane, men vi må streva etter å få ein god og rett balanse i dette.
Skrevet av: Knut Kåre Kirkholm
Førstelektor og undervisningsleiar ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole og redaktør av magasinet Fast Grunn.