Tekstgjennomgåelse for: 25. august 2024 -
Preiketekst: Luk 17, 7-10
Lesetekst I: 5 Mos 8,7.11-18
Lesetekst II: 1 Kor 3, 4-11
Det er eit rikt mangfald av tekstar i Bibelen som handlar om vingarden. Mange reknar Jesaja 5,1-7 som den grunnleggjande. Her er det grøderik jord. Vingarden vert rydda og reinsa. Det byggjest både vakttårn og vinpresse. Alt ligg til rette for gode avlingar. Men så skjer det motsette; det kjem ville druer på trea, ikkje gode. Så seier vingardseigaren at han vil la den liggja aud ei tid, riva ned gjerdet rundt, og la dyra gå inn i hagen slik at han vert avbeitt. Torn og tistel kan skyta opp. I vers 7 heiter det at vingarden er det utvalde folket, Israels hus.
Når me les denne teksten i dag, me som ikkje høyrer med til det utvalde jødefolket, skal me sjølvsagt tenkja at det same alvoret vert forkynt for oss. Korleis steller me oss med tenesta og arbeidet i Guds rike? Blir det god frukt, eller dårleg frukt? Er det like godt at vingarden vert avvikla og overleten til ei destruktiv utvikling?
Hjå Matteus les me om arbeidarane i vingarden (kap 20); dei som alle fekk lik løn sjølv om dei hadde streva ulikt lenge. I kapittelet etterpå er det dei to sønene som er i fokus; den eine sa ja, men gjekk ikkje. Den andre sa nei, men gjekk likevel. Og endeleg i same kapittelet; likninga om vinbøndene og arvingen. I Johannes 15 les me at Jesus sjølv er vintreet, me er greinene. Og der heiter det endåtil i vers 15 at Jesus kallar oss ikkje lenger tenarar, men vener.
Lesetekstane
Eit blikk på lesetekstane høyrer med. Det er merkeleg og uforståeleg at versa 8-10 ikkje er med i teksten frå 5 Mos 8. Det fører berre til eit kunstig brot av samanheng, i eit flott avsnitt om lovnadane Gud i si tid gav til det utvalde folket. I vers 5 før leseteksten tek til, står det at Herren oppsedar oss, lik ein mann oppsedar son sin. Noko å tenkja på for oss alle.
Avsnittet i 1 Kor 3 er godt i pakt med preiketeksten. Det handlar om ulike tenester; det å vera Guds medarbeidarar, og at Herren sjølv er midtpunktet, han som eig heile åkerlandet, heile bygningen, og er den som gjev vokster.
Haust-tekst
Fleire likningar og tekstar kunne sjølvsagt vore nemnde. Dei fortel oss alle noko om arbeidet i Guds rike. Kven er det som eig vingarden, kven er tenarane, og korleis skal tilhøvet mellom eigar og tenar vera? Det er det som er temaet også denne søndagen. Vingardssøndagen heiter dagen, nettopp fordi ein hentar tekstar frå dette rike mangfaldet av tekstar med dette emnet i fokus. Tidlegare vart dagen også kalla Søndag Septuagesima. Det tyder at det var 70 dagar igjen til påske. Tore Kopperud rekna denne dagen med til førfastetida, og foreslo etter svensk mønster å setja «Nåde og teneste» som overskrift for dagen.
Før var altså denne dagen i vårsemesteret. Men slik som årshjulet er hjå oss i Vesten og i vårt land høver det minst like godt å ha dette fokuset no som tidleg på våren. Siste del av august er jo elles tida for oppstart i både skular og mangt og mykje av kristeleg verksemd. Og det er på denne tida eller frå no av ein haustar inn grøda.
Israelsmisjonen sin dag
For ein del år sidan var det ofte fokus på Israelsmisjonen på vingardssøndagen. Det kunne vera gode grunnar for det, men denne tradisjonen forsvann. Kanskje var det like godt? For viss det førte til at det jødiske folket og Israelsmisjonen berre var i fokus ein søndag i året, kom ein ganske skeivt ut. For rett forstått skal både jøde og grekar vera i fokus alle søndagar og alle dagar, for både er dei aller fleste bøkene i Bibelen skrivne av og for jødar, og evangeliet er jo den gode bodskapen om frelse, for jøde først, så grekar (Rom 1,16). Me er alle skapte i Hans bilete, alle menneske er like mykje verd. Med tanke på frelse stiller me alle likt. Det er ikkje gjeve noko anna namn under himmelen som me kan verta frelste ved.
Elles er jo ikkje teksten i Lukas 17 spesielt fokusert på ein vingard, sjølv om tematikken er gjenkjennbar frå mange av desse vingardstekstane. Vingardar er me heller ikkje godt kjende med her i landet. Klimaet ligg ikkje til rette for slik produksjon, i alle fall ikkje på friland. Men her er det ein jordeigar som har ein tenar som er ute enten og pløyer eller gjeter. Og då ligg biletbruken nært opptil det som me kjenner rimeleg godt her i Noreg; landbruk med jorder som skal brukast til produksjon av eit eller anna, og/eller dyr som må vaktast. Det er mest naturleg å tenkja på sauer. At denne tenaren kjem heim frå marka om ettermiddagen, rimar kanskje ikkje heilt godt med at han er ein gjetar. For gjetaren skal ikkje gå frå dyra og overlata dei til seg sjølve. Men det er heller ikkje hovudpoenget her.
Relasjonar
Relasjonar er eit nokså moderne ord, som vert nytta i uendeleg mange samanhengar. Det er viktig også her! For det er nettopp tilhøvet mellom – skal me kalla han bonden – og tenaren, eller i vår samanheng, drengen, det handlar om. I moderne landbruk i vårt land er det no ofte snakk om kor mange årsverk som er knytte til garden. Er det til dømes eit ektepar som eig garden, er det ikkje nødvendigvis slik at det er dei som gjer arbeidet. Dei kan ha tilsette folk som gjer jobben for dei, og så har eigarane sjølve av og til andre inntektsberande jobbar.
Ein kunne sagt og skrive mykje om tilhøvet mellom arbeidsgjevar og tilsett, ikkje berre innan landbruket, men i alle samanhengar. Det er viktig nok. Men djupast sett handlar det om tenarsinnet, eller sagt på ein annan måte, kva innstilling me har. Me stiller gjerne opp og tek vår del av ansvaret i det lokale byggjearbeidet i Guds rike, men kjem me primært med krav? Det må vera slik og slik for at eg skal vilja vera med? Eller kjem me med ei audmjuk haldning? Er eg villig å ta dei oppgåvene som er minst synlege? Dette handlar sjølvsagt også om nådegåver. Me er forskjellige, og er ulikt utrusta, og slik skal det vera. Men av same grunn er det så viktig at me respekterer kvarandre sine ulikskapar.
Når det gjeld preiketeksten, kunne godt versa 5-6 også vore med, for samanhengen si skuld. Avsnittet handlar jo om tru og teneste. Kanskje er det mange som seier til Meisteren når ein ber, slik apostlane sa: Gjev oss større tru! Kan henda er trua stor nok. Kanskje utfordringa er at me i oss sjølve er store? Det er dei som manglar alt, Herren kan utrusta og fylla til å gjera Hans gjerning!
Gud, hvor du er mild!
Ut frå alminneleg tankegang synest me jo at bonden i Lukas 17-teksten kan virka litt rigid og urimeleg, og noko likesæl med korleis drengen har det. Og det kan sikkert opplevast krevjande for dei aller fleste (alle?) å lesa uttrykket i vers 10 – at me er unyttige tenarar. Unyttige!? Ligg ikkje det temmeleg nær…..unødvendig? Det betyr ikkje noko frå eller til om eg stiller opp eller ikkje, liksom? Gode deg som les dette: Slik er det IKKJE! Du er uendeleg verdfull i Guds auge, som menneske skapt i hans eige bilete, og som tenar i hans gode rike.
Men Han er stor og allmektig. Han kunne gjort kva han ville utan oss. Men no har han gjort seg avhengig av oss. No er det me som er hans føter og hender og munn. Det er eg og du som skal gjera hans gjerningar i verda. SÅ stort skal me tenkja om tenesta, sjølv om me alle av og til kan oppleva at det er stusseleg, og at det me gjer ikkje alltid vert sett pris på – til dømes det å laga mat i ymse samanhengar (som er i fokus i teksten). Eller endå meir; å vaska opp, rydda, gjera etterarbeidet etter alle våre samlingar, store og små.
Hans Utbø skreiv i 1870 songen «Deilig det er å tjene Gud». I eit av versa heiter det:
Sølvet og gullet Herrens er, Du er ei mer enn låntager.
Nå kommer Gud med det begjær: Gi meg hva selv du behager!
Herre, min Gud, hvor du er mild! Ta du av lånet hva du vil.
Selv er du rikdommens kilde!
Gå i fred, ten Herren med glede!
Skrevet av: Paul Odland
Utdanna diakon. Pensjonert misjonsrådgjevar i Den Norske Israelsmisjon.