Tekstgjennomgåelse for: 7. januar 2024 - 

Kristi åpenbaringsdag

Preiketekst: Luk 2,40-52
Lesetekst I: Jes 49,1-7
Lesetekst II: Rom 15,4-6

Kristi openberringsdag er første søndag etter nyttår og innleier den perioden vi kallar openberringstida. I denne tida les vi tekstar som syner oss kven Jesus er. Openberring handlar om å avdekka noko, slik at vi ser meir.

Jesus veks

Dagens tekst er ramma inn av utsegn om at Jesus veks og blir eldre. Han gjekk fram i alder og visdom, Guds nåde var over han, han var til glede for Gud og menneske. Det er ein god attest. Det lærer oss også at Jesus verkeleg var eit menneske. Sjølv om heile Guds fylde budde i Jesus (Kol 1,19), måtte han likevel veksa opp. Han måtte læra, han måtte bli klokare og visare.

Gudfryktig familie

På denne staden i Lukasevangeliet har vi alt lært ein god del om foreldra til Jesus, Josef og Maria. Det held fram her. Jesus vaks opp i trygge rammer, der Guds ord og tilbedinga av Gud hadde ein sentral plass. I Luk 4 les vi også at Jesus gjekk i synagogen, «som han brukte å gjera» (Luk 4,16). Og her les vi at dei kvart år drog opp til Jerusalem for å feira påske.

Som foreldre kan difor Josef og Maria tena som føredøme for oss alle. Josef var ein mann som handla på det Gud sa. Maria var ei kvinne som tok vare på orda i hjarta sitt og grunna på dei.

Lausriving

Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet kan også sjåast i lys av lausriving. Det er tydeleg at foreldra til Jesus ga han fridom under opphaldet i Jerusalem. Dei har full tillit til han og leiter ikkje etter han før dei har tilbakelagt ei dagsreise på heimvegen.

Når dei til sist finn han i Jerusalem, i tempelet, må dei ha blitt overraska (og kanskje såra) over svaret hans: «Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?». Korleis var det for Josef å høyra dette? Han visste jo at han ikkje var Jesu biologiske far. Men likevel. Vi kan ikkje gjera så mykje meir enn undra oss. Det vi veit er at lausriving kan gjera vondt. Men det er naudsynt. Jesus hadde eit oppdrag. Josef og Maria spelte viktige roller i dette oppdraget.

I Fars hus

Det er fascinerande å lesa om korleis Jesus sat mellom Israels lærarar, høyrte på dei og stilte dei spørsmål. Og at han reflekterte og svara så godt at alle var slått av undring. Dette gjentek seg også seinare i Jesu virke. «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?» lurte jødane på då Jesus som vaksen underviste i tempelet (Joh 7,15).

Det var i Fars hus han høyrte heime. Tempelet var ein møteplass mellom Gud og menneske, ein stad for å be og venda seg til Gud. I jule- og openberringstida vektlegg vi at Jesus er blitt denne møteplassen.

Det tok tre dagar med leiting og uvisse før Josef og Maria fann Jesus. Kanskje det er eit lite frampeik.

Skrevet av: Knut Kåre Kirkholm

Førstelektor og undervisningsleiar ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole og redaktør av magasinet Fast Grunn