Tekstgjennomgåelse for: 20. august 2023 -
Preiketekst: Matt 6,24-34
Lesetekst I: Neh 9,19-21
Lesetekst II: Hebr 13,5-6
I år fell denne søndagen på 20. august. Dette er dagen før skulestart mange stader i landet. Tusenvis av førsteklassingar er spente på den nye kvardagen. Tiandeklassingane er helst meir tilbakelente.
Her lokalt skal ny prost innsetjast i tenesta. Han er spent, prestar og kyrkjelydar likeeins. Og sjølvsagt tilsynsmannen/biskopen!
Bibeltekstane handlar mykje godt om Guds omsorg. Den er før alle ting. Restart kan vel skje i eit menneskeliv, men Herren er den same: Evig varer hans miskunn. Den levande Gud kallar framleis menneske til nye steg, der Guds omsorg og nåde skal erfarast og delast.
Evangeliet ved ‘skule- og tenestestart’ er frå rabbi til elev, frå Herre til tenar. Bergpreika let læresveinane vera nettopp det: Menneske kalla av Herren til teneste i Guds rike. Guds rike er ein gitt størrelse, men på same tid i stadig rørsle. Den levande Gud byggjer sitt rike mellom levande menneske, ‘førsteklassingar’ som ‘avgangselevar’.
Guds omsorg for Israel
Israel fekk gjennomleva mange overgangar. GT er full av milepælar for gudsfolket. Abraham, Isak og Jakob er vesentlege namn i so måte: Kvar for seg og i lag inneber dei overgang til ny kvardag for Israel. Og som nemning på deira fedrars Gud, vert dette stadfesta: ‘Abrahams, Isaks og Jakobs Gud’.
Teksten frå Nehemja 9 løftar fram dette so folket ikkje skulle gløyma, men ha det som ei kontinuerleg ‘lekse’:
«Men i di store miskunn forlét du dei ikkje i ørkenen.
Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen, men førte dei på vegen; og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta, men lyste opp vegen dei skulle gå.
Du gav dei din gode Ande for at dei skulle få visdom.
Du nekta dei ikkje manna til mat og gav dei vatn mot tørsten.»
Gud Herren leidde folket dag og natt, gjennom øydemark og grøne enger, fordi han hadde omsorg for folket og hadde kalla dei ut til vandring i hans lys av sanning og nåde.
Å erfara ved å følgja
Lektieteksten frå Hebr 13, fornyar denne bærebjelken i livet med Gud: For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. Jesus Messias sine følgjarar anno 2023, er stadig på startstreken. Dyrtid og inflasjon, krig og rykte om krig, valdar oss vel større suter enn å mista Guds nådige omsorg.
Jesus hadde kalla dei til å erfara ved å følgja, til lønnkammer og studèrkammer, så Guds rike kunne byggjast mellom alle folkeslag.
Bergpreika (her Matt 6), i ope lende, med himmel og jord som klasserom, med Den evige, heilage nær i Jesus Messias, skal gje stadig nye ‘kull’ openberring og innføring når det gjeld trua og den nye kvardagen. For jøde først, ved profetar og apostlar, i Ordet frå Guds munn gjennom profeti og apostolisk lære, veks trua og kan delast på ein truverdig måte.
Å søkja Guds rike først
«Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.»
Adressatane var primært dei utvalde tolv, som skulle gå til Israels tolv, ja, endå meir og endå lengre: Alle folkeslag.
Dette ligg på Guds hjarta: Alle. Og då må ingen ting hefta Guds tenarar, korkje daglege suter eller etablerte ‘sanningar’. Jesus kom ikkje med heilt nytt stoff. Dei kunne kjenna seg att. Ved å følgja Jesu rettleiing og openberring, fekk dei sjå djupare enn til berre det ytre konstaterande. Den som vil tena den frelsande Gud, må søkja. Guds rike er, men må søkjast. Guds rike møter oss og omsluttar oss i den krossfeste og oppstadne. Den med ansvar i Guds rike i dag, må ‘skjerpa seg’. I alvor og tru må me søkja djupare inn i Guds sanningar. Leiarar kan ikkje overlata sine følgjarar til aukande inflasjon i tru og liv, der stadig meir betyr stadig mindre.
‘Søk først’. Bladet i vår misjon, heiter programmatisk ‘FØRST’. Og Messias-truande jødar saman med ditto nordmenn skal la Rabbi og Herre og Frelsar Jesus få setja seg (5,1), som hadde han fokus på akkurat oss, akkurat no. Og det har han! Han peikar, og seier ‘sjå!’, so me skal hugsa kvar me er og kven me er som gudskapte menneske i det veldige skaparverket. Sjå, erfar, Guds godleik og omsorg, og vit: Slik er vår Far i himmelen. Ja, han ikkje berre tek seg av, han søkjer for å frelsa.
Dette er vår (stadig) nye kvardag. ‘Følg meg, søk først, og de skal få!’
Trua og livet
Du kan skjøna me må la oss gripa av dette; me må invitera stadig nye, me må rettleia også den ‘som har høyrt alt før’!
Den nye kvardagen denne hausten, legg framfor oss Jesus og Guds rike. Det heilage ordet, Den heilage dåpen, Det heilage måltidet – vanleg ‘pensum og klasserom’ for ein oppegåande kristen, men med liv og kraft i seg, til nytt liv i livet, til evig liv bak den siste erfaring (døden) – ‘Hjemme i himlen’, der ingen skal sjå seg tilbake, berre sjå Han og ha nok.
Trua vedkjem livet, for det er i livet me møter Den levande; trua skaper veremåte, for det er ved å følgja, me når fram.