Tekstgjennomgåelse for: 31. desember 2024 -
Dagens tekstar: Matt 11,25-30 / Klag 3,22-26 / 1 Joh 1,5-7
Dagen
Då familien vår budde i Jerusalem, feira vi nyttår tre gonger: jødisk nyttår – rosh hashana i slutten av september, nytt kyrkjeår med første søndag i adventstida i overgangen november og desember og vårt vanlege nyttår 31. desember.
Jødisk nyttår blir tett følgd av Den store forsoningsdagen, jom kippur. Sjølvransaking og bøn til Gud og medmenneske om tilgiving står sentralt desse dagane, samtidig som også glede over skapinga får rom. Adventstida i kyrkja peikar framover mot Jesu komme, medan den fiolette fargen signaliserer bot og førebuing. Også vår nyttårsmarkering er gjerne ei tid for ettertanke. Ein reflekterer over året som har gått, og ein ser framover mot ukjende dagar. Både forventning og uro kan prege overgangen til det nye året. Slik sett er det mange fellestrekk mellom dei ulike nyttårsmarkeringane.
På midnattsmessa nyttårsaftan er det difor viktig å bli møtt av bibeltekstar som formidlar trøyst, tillit og håp. Det var først i 1977 at nyttårsaftan fekk eigne tekstrekker.
Lesetekstane
Klag 3,22-26: Teksten er henta frå den tredje klagesangen. Midt i skildringa av smerte, naud og fortviling seier salmisten: «Men ein ting legg eg meg på hjarta, og det gir meg von: Herren er nådig… hans miskunn tar ikkje slutt, ho er ny kvar morgon.» Difor set salmisten sitt håp til Herren: «Det er godt å vera stille og venta på hjelp frå Herren».
1 Joh 1,5-7: 1 Joh talar fleire stader om kven Gud er (jf. 4,8). Innleiinga «Dette er bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk», viser at her blir det sagt noko viktig om Gud: Han «er lys; i han finst det ikkje mørker». Dette er ordpar vi kjenner frå Johannesevangeliet (sjå for eksempel Joh 1, 4f; 8,12; 3,19-21). Å leve i fellesskap med Gud betyr at lyset må få skine på livet vårt, på det gode og på det som er vondt og vanskeleg. Ja, meir: blodet frå Jesus reinsar oss for all synd (vers 7). Å vandre i lyset er å ta imot han i nattverden. Her – som fleire andre stader i dette brevet (jf. f.eks. 2,2; 4,10) – er språkbruken henta frå offerpraksisen i tempelet og frå den store soningsdagen, jf. 3 Mos 16,1–17,9. Dette gir vidare assosiasjonar til jødisk feiring av rosh hashana og jom kippur. Ein følgje av å vandre i hans lys er at vi skal elske kvarandre, slik Jesus har elska oss (sjå f.eks. 4,7-11). Dette gir grunnlag for fellesskap med kvarandre.
Preiketeksten
Preiketeksten (Matt 11,25-30) er ein del av den store bolken i Matteusevangeliet som talar om Jesu gjerning i Galilea (Matt 4,12–16,12). Teksten vår kan delast inn i tre avsnitt:
Vers 25-26: Jesus lovprisar Gud fordi han har openberra den gode bodskapen for umyndige små, for ulærde, for barn, for folk flest (jf. Matt 19,14), og ikkje for vise og forstandige. I tiltalen til Gud brukar Jesus formuleringar som minner om dagens jødiske bønespråk, som gjerne startar med tiltalen «Baruch atta adonaj eloheinu melech haolam»– Velsigna er du, Herre, vår Gud, verdens konge. Det er vanleg å tru at forfattaren av Matteusevangeliet var jødekristen, og at lesarane den gong var kjent med slike formuleringar og jødiske skikkar. Jesus vender seg til Gud som Far, slik han også lærde disiplane å be i Herrens bøn: Vår Far i himmelen. Dette viser det nære og fortrulege forholdet mellom Jesus og Gud, Far. Slik han også viser oss Gud som vår Far.
I vers 27 talar Jesus om kven han er og om det nære og fortrulege forholdet han som Son har til Gud, sin Far. Far kjenner Sonen, og Sonen kjenner Far. Uttrykket «kjenne» er gammaltestamentleg lada språkbruk (sjå f.eks. 2 Mos 33,12) og er uttrykk for nær relasjon. Forholdet mellom Gud Far og Jesus er endå meir: det er eksklusivt, eit forhold som ikkje er likt noko anna. Forholdet mellom Sonen og Gud Far gir Jesus autoritet. Og Sonen si oppgåve er å vise kven Far er – for umyndige små, for hans disiplar (Matt 11,25).
Med denne autoriteten kan Jesus seie «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bere; eg vil gje dykk kvile!» (vers 28). Dette kan synast å stå i motsetning til orda som følgjer om å ta Jesu åk på seg. Åk var eit symbol på trelleforhold. Rabbinarane talar om lova sitt åk, boda sitt åk. Ein hadde plikt til å oppfylle lova. Jesus oppfylte heile lova, alle boda for vår skuld. Å ta Jesu åk på seg vil seie å bli Jesu trell. Det er å leve under Jesu lov – i fridom frå lova sitt åk og under nåden frå Jesu soningsverk. Difor kan Jesus love kvile for den som har tungt å bere, som strever med å oppfylle lova. Jesu åk er godt for oss, hans byrde er lett. Jesu åk gir oss kvile for våre liv (vers 29). Å finne kvile hos Jesus er å leve under Jesu gode leiing og omsorg. Å leve i tilgjeving for syndene våre – frå vogge til grav. Denne kvila viser også utover jordelivet.
Nyttårsaftan
På denne dagen med refleksjonar over det som har vore og det som kjem, kan tekstane gi ord til trøyst, til tillit og håp. Vi kan få vandre i Guds lys til oppgjer og tilgiving for det som tynger. Vi kan setje vårt håp til Gud i det nye året og bli møtt av Hans miskunn som ikkje tar slutt: «Det er godt å vera stille og venta på hjelp frå Herren». Jesus innbyr til fellesskap med seg, «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bere». Han lovar kvile under si gode leiing og omsorg no og utover denne tida. Han gir oss fellesskap med seg – og utfordrar til å gjere hans gjerning og ha fellesskap med kvarandre – også utover landegrensene.
Skrevet av: Jorun Elisabeth Berstad Weyde
Prest. Tidlegare kyrkjefagsjef i Oslo bispedømme