Tekstgjennomgåelse for: 27. april 2025 - 

2. søndag i påsketiden

Søndagens tekstar: Jes 45,5-8 / 1 Pet 1,3-9 / Joh 20,24-31

Apostelen Tomas har blitt kultfigur. Han representerer tvil som vi alle ville ha hatt. Og likevel; treng vi dermed å gjere han til representant for nyare skeptisisme eller kritisk teori sin normkritikk? Det var neppe autoritetsopprør, tvil og skeptisisme som gjorde han til «Indias apostel» og til martyr for trua på Jesus. Vel, truleg kom ikkje han personleg så langt, men misjonstradisjonen knytt til Tomas, strekker seg eit godt stykke austover.

Tru og tvil

Sjølve stikkordet i teksta er faktisk ikkje tvil, men tru. Mange forskarar tenker at dette avsnittet var ei tidleg avslutning av evangelieskriftet, og at kapittel 21 er blitt lagt til ganske kort tid seinare. I alle fall understrekar forfattaren at alt som er skrive ned av historier knytt til Jesu liv, død og oppstode, er skrive for at lesarar og tilhøyrarar skal tru. Dei som han vender seg til, hadde ikkje møtt den oppstadne Jesus, men dei hadde høyrt overtydande vitnemål, og dei hadde sett truverdige liv.

Om vi går tilbake til sjølve fortellinga, der forkynninga må finne stoffet sitt, er den også eit kall til tru. Teksta seier aldri at Tomas var ein tvilar. I staden seier den så sterkt som gresken kan uttrykke eit ikkje, at han «slett ikkje» ville kome til å tru. Bevisa måtte vere overtydande. Ti medapostlars samstemte ord var ikkje nok. Han kravde «evidens», handfaste bevis i heilt konkret tyding.

La oss berre innrømme det med ein gong; hadde ikkje vi blitt flaska opp med denne historia, ville all sympatien vår ligge hos Tomas. Eg ville ikkje ha akseptert oppstode frå dei døde utan ei lang rekke kritiske spørsmål. Sjølvsagt var det slik den gongen også. Dei var ikkje vande med at folk dreiv og stod opp frå dei døde. Samtidskulturen vår ber i seg ein veldig arroganse når vi overberande tenker at «slikt trudde dei på då; vi veit betre». Nei, folk var ikkje dummare den gongen enn no, og oppstode var ikkje del av deira erfaringsverd.

Dessutan ville det ikkje vere første gong i verdshistoria at ein person blir lurt av venner som drar ein litt for grov spøk. Til overmål sa dei primært at dei hadde «sett Herren», men å sjå Jesus i ei form for eit syn, er ikkje det same som at han lever i kjøt og blod. Kan Tomas ha tenkt slik?

Spørsmålet er relevant, for sjølv om både Johannes og NT er tydeleg på at Jesus stod opp kroppsleg, er ikkje kroppen heilt som den var. No stig han inn i og ut av det synlege, ubunden av lovene i fysikken. Slik var han ikkje då han gjekk rundt med dei og måtte både kvile og ete. Samtidig er det utan tvil akkurat han. Dei ytre teikna er ikkje til kome ifrå. Derfor blir Tomas utfordra av Jesus til ikkje å vere «vantru», men snarare truande, eller «truverdig», som det greske ordet pistos like gjerne kan bety.

Truverdig var nettopp det Tomas måtte bli, og som alle apostlane blei. Dei vigde resten av livet til å overtyde og leie til tru der folk måtte nøye seg med å høyre evangeliet. Dei var på ein frigjerande måte sikre på kva og kven dei trudde på. Dei var på ein tillitsskapande måte vitne om det dei hadde sett og høyrt og villige til å ofre alt for det. Truverdige vitne. For sitt eige jødiske folk først, så for folkeslaga.

Tru som tilber

Med omsyn til Tomas, tenker eg ofte at vi mistar vedkjenninga hans i alt fokuset på tvilen. Tomas sin plass i fortellinga – og den er primært om Jesus! –  hamnar på kne framfor Jesus med ei vedkjenning som ikkje kan vere tydelegare: «Min herre og min Gud!» Han tilber, rett og slett. Kva kan vere meir sjokkerande i eit jødisk miljø? Jesus blei jamvel drepen under klagemål om at han gjorde seg lik Gud. I denne fortellinga kjem alle dei sterke orda fram. Med Tomas sine ord er Jesus Herre og Gud, og i evangelisten si avslutning blir det understreka at trua sitt innhald skal vere at Jesus er Messias og Guds Son, alt i bunden form. Han er altså ikkje «ein herre», «ein gud», «ein messias» eller «ein son av Gud». Han er den vi skal tilbe.

Sjølvsagt var slik vedkjenning og tilbeding sjokkerande i eit jødisk miljø. Derfor vil mange teologar seie at dette må vere konstruert stoff nokre generasjonar seinare då kyrkja var passe distansert frå det jødiske. Den tankerekka står likevel svakt. For det første forutset ein då at det var lett å etablere eit slik bilde av eit så nytt fenomen som rabbien Jesus i den heidenske omverda, men det er ikkje utan vidare ei truverdig historieforståing.

For det andre hoppar ein då over at Johannesevangeliet er eit djupt jødisk skrift. Også dei gongane skriftet er kritisk til «jødane», svarar styrken i konfliktane til det vi elles kan finne i internjødisk diskusjon.

For det tredje er det ganske historisk etablert at den sterkt jødisk prega hymna til Jesus i Fil 2,5-11 må ha eit svært gammalt og jødisk opphav, noko Paulus truleg har fått overlevert frå det tidlegaste miljøet av gudstenestefeirande disiplar i Jerusalem. Det må reknast som sikkert at dei jødane som følgde Jesus frå først av, faktisk tilbad den oppstadne. Det kjem vi heller ikkje utanom når vi deler evangeliet med jødane i dag.

Til preika

Eg trur det er viktig at vi tar på alvor tvilen når vi skal forkynne over dette. Samtidig er det berre eit steg på veg mot preika sitt formål, å leie til tru. Tvil er ikkje ei form for tru. Det tenker vi berre om vi aksepterer trua sine kryssordekvivalentar som noko usikkert, t.d. «anta». Tru er i følgje Hebrearbrevet pantet på håpet vårt og provet på det vi ikkje ser. Tvil er altså ikkje ein del av trua. Likevel er tvilen en del av trua sitt menneske. Nettopp derfor må tvilen adresserast på ein klok måte, slik at tilhøyrarane blir møtt med identifikasjon, men utan å kjæle med eller dyrke tvilen. Då Jesus steig inn i rommet, fekk Tomas både Guds fredshelsing og Jesu utfordring.

Profetteksta for dagen har eit sterkt preg av overtyding, noko avgjort knytt til at det berre finns éin Gud. Han har makt jamvel over døden. Brevteksta hjelper oss til å bruke trua på Jesu oppstode til å halde ut i prøvingar ved å sjå på oppstoda som mål for det kristne håpet. Begge desse tekstene kan hentast inn med hjelp til å ta vare på dagens to omsyn: sjelesørgerisk tale til alle som kjenner på tvilen; dristig tale til alle – med utfordring til tru og tilbeding.