Tekstgjennomgåelse for: 22. januar 2023 - 

3. søndag i åpenbaringstiden

Preiketekst: Joh 2,1-11
Lesetekst I: Op 21,1-6
Lesetekst II: 1 Mos 1,26-31

I openberringstida les vi tekstar som gjev eit glimt av Guds herlegdom gjennom Jesus Kristus. Mange av tekstane inviterer oss til å reflektera over sanninga at Jesus er sann Gud og sant menneske.

Jesu første teikn

Vi les om sju teikn gjort av Jesus i Johannesevangeliet. Dei byrjar med vinunderet og ender med oppvekkinga av Lasarus. Saman legg desse ramma rundt teikna og føremålet er å visa oss Jesu herlegdom. Han er verkeleg kommen for å bringa liv, overflod og frelse.

I vers 11 bruker grunnteksten eit litt uventa uttrykk for å seia at teiknet i Kana var det første.

For det står «arche» i staden for «protos». Uttrykket «arche» kan også omsetjast med «viktigaste» eller «hovud», slik som i vårt «erkebiskop». Det er eit hovudteikn, eit teikn som legg lista for korleis vi skal tenkja om Jesus og hans gjerning.

Det som vi særleg skal merka oss då, er korleis Jesus oppfyller løfta tala av profetane om ei framtid der Gud skal bringa overflod og frelse. Hjå Amos kan me lesa: «Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då den som pløyer, tek att den som haustar, og den som trakkar druer, tek att den som sår. Druesaft skal drypa frå fjella og fløyma frå alle høgder» (Amos 9,13). Enno tettare knytt til teksten vår finn vi det hos Jesaja: «På dette fjellet skal Herren over hærskarane gjera i stand for alle folk eit festmåltid med feite retter, eit festmåltid med gammal vin, med feite, mergfulle retter og gammal, klåra vin» (Jes 25,6).

Den messianske festen er eit sterkt og viktig motiv her hos Jesaja. Det skal koma ei tid der Guds velsigningar skal strøyma. Ikkje berre over Israel, men også over folkeslaga. Det er i denne samanhengen også interessant å merka seg at det neste Johannes fortel oss, er korleis Jesus talar om seg sjølv som det sanne tempelet (Joh 2,13-22). I siste del av Esekiel blir nettopp overfloda og tempelet stilt saman. Jesus oppfyller dette. Han er den sanne møtestaden mellom Gud og menneske og han kjem med liv og overflod.

Vinen

Jesus gjer vatn til vin. Det er eit under, men det interessant å reflektera over kva art underet har. På sett og vis er det jo slik at vatn blir til vin også i naturen, men når Jesus gjer dette underet, skjer alt med større fart. Dersom ein vinsmakar skulle skriva ei omtale om vinen, ville han truleg sagt noko om både jordsmonnet og druetypen. Det er på den eine sida heilt naturleg, samstundes som det bryt alle «reglar».

Enda viktigare enn underet, er likevel teiknet. For Jesus reddar ikkje berre bryllaupsfesten. Først og fremst peikar underet utover seg sjølv mot ei sanning om Jesus, slik eg skildra det ovafor. Vinen er viktig i Det gamle testamentet (GT), og blir rekna som ei velsigning og gåve frå Gud (1 Mos 27:28).

Så skal vi også hugsa at det er snakk om store mengder vin. I vers 6 lærer vi at storleiken på vasskara var to eller tre anker. Det vil seia 70 eller 105 liter. Det er altså snakk om ein stad mellom 450-600 liter vin. Poenget er ikkje at Jesus oppmodar til fyllekalas, men det handlar om kor rik velsigning han kjem med.

Marias bøn

Det kan vera fint å reflektera over bøna Maria bed til Jesus. Vi har lært frå Ole Hallesby (Fra bønnens verden) at bøn handlar om å lukka Jesus inn i vår naud, når vi er hjelpelause. Maria gjer det. Ho kjem til Jesus og forklarar situasjonen utan å koma med noko oppskrift. Jesus skjøner og Jesus handlar. Slik skal du og eg og få be.

Vi kan også leggja merke til den tilliten ho møter Jesus med. Sjølv om han svarar litt bryskt og avvisande, er ho overtydd om at han vil gripa inn. Difor har ho klåre instruksar til dei som arbeider på kjøkenet.

Skrevet av: Knut Kåre Kirkholm

Førstelektor og undervisningsleiar ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole og redaktør av magasinet Fast Grunn