Tekstgjennomgåelse for: 16. august 2026 - 

12. søndag i treenighetstiden

Søndagens tekstar: Neh 9,19–21; Hebr 13,5–6; Matt 6,24–34

Gjennom bibeltekstane på søndagane i treeiningstida møter vi den eine Gud som Far, Son og Heilag ande. Det blir lagtvekt på Guds omsorg og truskap, og kva dette har å seie for det kristne livet som menneske og som kyrkjelyd. Denne søndagen er den tolvte i rekka. Liturgisk farge er grøn.

Neh 9,19–21

Bøkene i GT som har fått namn etter Esra og Nehemja blir i moderne bibelforskning sett i samanheng og kjem etter 1. og 2. Krønikebok i Det gamle testamente. Folket i Judariket er ført i eksil i Babel (587–538 f.Kr.). Nehemja er munnskjenk hos kongen då han får høyre om situasjonen i Jerusalem: ”Muren er nedbroten og portane er brende”, og folket som er igjen der, lever i ”stor ulukke og vanære” (Neh 1,3–4). Nehemja får løyve av persarkongen til å dra til Jerusalem, der han blir stathaldar, og byggjer opp byen. Han samlar folket, og Esra les frå lovboka med Moselova. Folket sannar si synd og ”kledde seg i sekkstrie og med mold strødd over seg” (9,1). Vår tekst er ein del av botsbøna som har ei brei skildring av utferda frå Egypt. Folket den gong gjorde motstand, men Gud svikta dei ikkje: ”Men du er ein Gud som tilgjev, du er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn, og du forlet dei ikkje” (9,17). Gud er ein trufast Gud som viser omsorg, seier teksten: ”Du sørgde for dei i førti år, i ørkenen mangla dei ikkje noko. Kleda deira vart ikkje utslitne, og føtene hovna ikkje opp” (9,21).

Heb 13,5–6

Det er fleire teoriar om kven som har skrive Hebrearbrevet, og kven som er adressat. Forma kan tyde på at det er ei preike sendt som eit brev til ein kyrkjelyd (i Roma?) mellom år 60 og 90. Teksten er gjennomsyra av tekstar og ordningar frå Det gamle testamentet, særleg gjeld det prestetenesta og offerhandlingane i ”teltheilagdommen” (Heb 13,10ff). Med Jesus kjem ei ny tid. Jesus er mellommann for ei ny pakt (jf. Heb 8, 6–13; Jer 31,31ff). Han er øvstepresten som erstattar øvstepresten – og dermed offerhandlingane – i GT ”til evig tid” (7,24; Salme 110,4). Brevet åtvarar mot å bli sløve og falle frå (12,3.15 mm.) og formanar om å halde ut  (f.eks. 12,7) – og det viser til trusheltar i GT (kapittel 11). Kanskje er adressatane andeleg usikre og trøytte? Kanskje treng dei å bli styrka i trua på Jesus og hans offergjerning? Mange av spørsmål som som brevet tar opp, vil vere særleg aktuelle i ein messiansk-jødisk samanheng også i dag.

Vår tekst formanar og åtvarar mot å la kjærleik til pengar styre livet. ”Ver fornøgde med det de har” (jf. 1 Tim 6,6). Det gjeld å ha tillit til Guds løfte, ”Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg” (vers 5) (sjå tilsvarande i 5 Mos 31,6). ”Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?” (vers 6) (jf. Sal 118,6).

Matt 6, 24–34

Matteusevangeliet er truleg skrive mellom år 70 og 90 i Antiokia. Forfattaren er truleg jødekristen og skriv til jødekristne i eit jødisk miljø. Evangeliet viser fleire stader til dei gammaltestamenlege skriftene som er felles med synagoga, men tolkar desse i lys av Jesu ord og gjerningar. Vår tekst er ein del av Bergpreika som er ei av Jesu mange taler hos Matteus.

Gud eller Mammon: Mammon (gresk mamånas) er eit lånord frå aramaisk (mamon) som betyr eigedom, pengar, inntekter. Som motpol til Gud blir ordet her brukt om pengar og eigedom personifisert som ein avgud, som ei ond makt som konkurrer med Gud om herredømmet i livet. Dei positive orda: elske, halde seg til, tene, er i Det gamle testamentet brukt om israelsfolkets rette haldning til Gud (sjå f. eks. Sjema 5 Mos 6,5; 11,22; Jos 24,21–24). Avgudane skal ein derimot hate og vanvørde (5 Mos 7,26; Sal 139,21–22). Jesu tilhøyrarar blir stilt på val. Her er det ikkje eit både og, men eit anten eller. Kven har herredømmet, Gud eller det vi i vår tid kan kalle materialismen? Ein slave er eigd av ein herre fullt og heilt. Anten er Gud herre, eller så er rikdom og eigedom herre i livet. Å vere eigd av materialisme står i motsetning til – og i vegen for – forholdet til Gud.

Ver ikkje uroleg: Det greske ordet merimnao kan bety positiv og klok omsorg, (f.eks. 1 Kor 12,25; Fil 2,20). I vår tekst betyr ordet imidlertid angst og engsteleg uro (jf. også Matt 13,22; Fil 4,6). Ordet er brukt seks gonger i ulike former i teksten og viser at den som tener Gud ikkje treng vere uroleg for det grunnleggjande i livet: mat, drikke og klede. Ver ikkje urolege, slik som folkeslaga som ikkje tener Gud. Uro for livsopphaldet kan tolkast som ei følgje av syndefallet, av eit øydelagt tillitsforhold til Gud. Teksten oppfordrar derimot til å ha tillit til Gud. For Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette (vers 32). Som ein far vil Gud sørgje for sine, sjølv om dei er lite truande (vers 30). Som skapar veit Gud kva menneske treng for livet. Utfordringa ligg i å sjå dette og elske, halde seg til og tene Gud og la Gud få førsteplassen: Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg (vers 33). Alt det andre er også viktig for livet. Teksten opphevar ikkje forvaltaransvaret (1 Mos 1, 28–31). Men det gjeld å prioritere rett i tillit til Guds omsorg (sjå Mark 10, 24–25).

Til preika

Tekstane for dagen utfordrar til refleksjon over kva det er som styrer livet. Kva er det vi har tillit til? Er det kjærleik til pengar (Hebrearbrevet) og materialistiske «avgudar», Mammon? Eller er det tillit til Gud, vår skapar og Far, slik at vi elskar, held oss til og tener Han? Prioriterer vi rett? Søkjer vi Guds rike først?

Alle tre tekstane peikar på Guds trufaste omsorg. Han går med folket i ørkenen. Han sviktar ikkje sine. Vår Far i himmelen veit kva vi treng. Difor er oppfordringa: Ver ikkje urolege for livet. Å søke Guds rike først inneber at vi kan få leve i tillit til Guds trufaste omsorg i livet. Dette er ei god påminning for oss. Samtidig er det mange som ikkje opplever at Gud sørgjer for det dei treng. Dette krev ei sjelesørgjerisk tilnærming til temaet.

Oppfordringa om å ikkje vere uroleg gir grunn til å takke Gud for hans store miskunn og trufaste kjærleik – og til å takke for at vi kan kvile i Hans omsorg.

Skrevet av: Jorun Elisabeth Berstad Weyde

Prest og tidlegare kyrkjefagsjef i Oslo bispedømme