Immanuelkyrkja 120 år
Publisert: 19. august 2024 kl. 12:12
Sist endret: 19. august 2024 kl. 12:15
2024 er verkeleg eit jubileumsår for Den Norske Israelsmisjonen. Den 6. juni 2024 var det 120 år sidan Immanuelkyrkja i Tel Aviv stod ferdig bygd. Det vart feira med kake i Immanuelkyrkja på sjølve datoen og jubileumsgudsteneste den 15. juni.
Tilbakeblikk
Så, kva var det som skjedde for 120 år sidan? Kyrkja vart bygd etter oppmoding frå den tyske keisaren Wilhelm II. Han såg at dei tyske tempelriddarane som var i området på den tida, trong ein stad der dei kunne samlast for å be. Bygginga av kyrkja tok seks år og ho opna 6. juni 1904. Det var det tysk-evangeliske samfunnet som brukte kyrkja fram til oppløysinga ved starten av 2. verdskrigen. Som følgje av 2. verdskrigen måtte alle tyskarane forlate området. Kyrkja vart dermed «allemannseige», men vart ikkje aktivt brukt i denne perioden. Kyrkja vart overlevert til Lutheran World Federation i 1951. I 1955 fekk Den Norske Israelsmisjon ansvaret for verksemda og drifta av kyrkja.
I dag
I dag er det mellom anna pastorparet Siv Anita og Eyvind Volle du møter dersom du tek turen til Immanuelkyrkja i vakre Jaffa. Paret flytta frå Setermoen i Nord-Noreg til Tel Aviv hausten 2022 og bur i menighetshuset, like bortanfor sjølve kyrkja.
Samarbeid med det lokale bibelselskapet
På grunn av stor pågang, held kyrkja ope fem dagar i veka for besøkande som mellom anna kjem for å sjå på dei vakre vindaugsdekora måla av den norske kunstnaren Victor Sparre. Andre søkjer seg til kyrkja fordi dei treng noko å klamre seg til, i ei tid som er mørk. Siv Anita fortel at det har vore ein auke i talet på besøkande under «Open kyrkje» den siste tida. «Å ha Open Kyrkje gir ei unik moglegheit til å dele evangeliet med israelarar», seier ho. Immanuelkyrkja samarbeider med det lokale bibelselskapet der tilsette frå bibelselskapet er til stades i kyrkjebygget for å samtale med dei som kjem innom. Både dei tilsette i Immanuelkyrkja og Bibelselskapet merkar at folk er meir opne og søkjande no enn tidlegare. Gratis Biblar og Det Nye Testamentet vert delt ut som aldri før. Eyvind Volle gleder seg over at samarbeidet med bibelselskapet byggjer bru til dei lokale. «Å arbeide saman med ein organisasjon som Bibelselskapet bringer oss nærare den lokale forsamlinga av Jesustruande i Israel. Sjølv om vi framleis vil tene det internasjonale samfunnet i Tel Aviv, er vi her for å hjelpe og lære av israelske truande», seier han.
Mange aktivitetar
Forutan «Open kyrkje» og sabbatsgudsteneste, føregår det mykje både i sjølve kyrkjebygget og det tilhøyrande menighetslokalet. Bibelstudium, språkkafé og «little lambs»/småbarnstreff føregår ukentleg. Fleire andre menigheiter brukar også lokala til sine gudstenester, både kyrkjebygget og menighetshuset.
Diakonen Sarah
Det er ikkje alle som kjem seg til kyrkja. Nokre er gamle og sjuke og treng at nokon besøkjer dei heime. Der gjer Sarah ein viktig jobb. Ho dreg mellom anna på heimebesøk til menighetens eldste medlemmar. Berit og Philip Meyer har vore aktive i Immanuelkyrkja i mange år. No er dei 93 og 92 år og kjem seg ikkje så ofte til kyrkja lengre. Berit har i lang tid pleidd å invitere skuleklassar til Immanuelkyrkja og er framleis full av gode idear til menigheten!
Vi gratulerer Immanuelkyrkja og ønskjer Guds velsigning for dei komande åra!