
No er ho “permanent” Norgesleiar!
Publisert: 1. mars 2024 kl. 08:45
Sist endret: 23. juli 2024 kl. 14:34
Svanhild Jakobsen har allereie jobba som konstituert Norgesleiar for Israelsmisjonen sidan 1. januar 2023, men har no fått «permanent» Norgesleiar-tittel.
Du har no prøvd deg som Norgesleiar i eitt år. Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Oppgåva mi er blant anna å halda meg orientert og oppdatert på kva som skjer i dei ulike kretsane.
Eg prøver å ha kontakt med alle dei frivillige og styringsgruppene. Eg er òg involvert i det som skjer i Mamillabutikkane våre på Varhaug, Fitjar og i Bergen. Det å reise rundt for å ha møter, seminar og basarar f.eks. er òg ein stor del av arbeidsoppgåvene.
Det å vera Norgesleiar inneberer altså veldig varierte oppgåver. Kva liker du best med det å vera Norgesleiar?
– Som Norgesleiar reiser eg mykje og får treffa mange folk. Det å treffa eldsjeler som gjer ein stor jobb for misjonen og som har eit engasjement for at det jødiske folk skal få høyra evangeliet, er både oppløftande og veldig kjekt!
Du bur halvt om halvt i Bergen og i Ålesund. Kva saknar du mest ved Bergen når du er i Ålesund?
– Kontorfellesskapet, kjem det kontant.
Og når du er i Bergen, kva saknar du ved Ålesund?
– Det må vera menigheten vår. Mannen min jobbar som pastor der, og det er difor me pendlar mellom Bergen og Ålesund.
Kva var din veg inn i Israelsmisjonen?
– Eg kjenner på eit kall til å gje evangeliet til jødiske folk og hadde saman med mannen min begynt å reisa regelmessig til Israel.
Eit av åra eg deltok på «Unåddkonferansen» i Bergen, blei eg kjent med tidlegare generalsekretær i Israelsmisjonen, Vegard Soltveit. Han inviterte meg med i ei ressursgruppe, og det som starta som eit frivillig engasjement resulterte etter kvart i jobb som misjonsrådgjevar for Israelsmisjonen.
Kvifor Israelsmisjonen?
Svaret kjem fort:
– Fordi det er ein av veldig få organisasjonar som forkynner evangeliet for det jødiske folket.
Eg kan ikkje halda tilbake det beste eg sjølv har fått i livet, og det same ønsket finn eg hos Israelsmisjonen, avsluttar Svanhild.
Ønsker din menighet besøk av Israelsmisjonen? Då må du meir enn gjerne kontakta Svanhild!