Fire deltakarar om First:Israel
Publisert: 21. desember 2022 kl. 22:06
Sist endret: 11. mars 2024 kl. 22:07
Av Synnøve Aarskog
Eg tek ein prat med fire av deltakarane på bibelskulen First:Israel. Tomas Selvik Undal, Mirjam Vigrestad, Emma Adele Solberg og Elise Smithsen er alle elevar på linja «Global misjon» ved Helgeland folkehøgskule. Deltaking på Israelsmisjonen sin bibelskule i Israel er ein del av skuletilbodet.
Då eg snakkar med dei, har dei fortsatt litt over ei veke igjen av opphaldet sitt og kan sjå fram til ein praksisperiode der dei blant anna skal få vera med å tjena dei truande i landet på ein praktisk og konkret måte. Nokon skal hjelpa til med olivenplukking, andre skal bidra på menighetshuset i Tel Aviv.
Kva har vore høgdepunktet fram til no?
Tomas:
– Det å berre få vera her og sjå dei ulike bibelske plassane, er utruleg stort i seg sjølv. Det var veldig spanande å vera i Jerusalem der me fekk vera med på fleire ekskursjonar med John (guide). Me fekk mykje bakgrunnshistorie til dei ulike bibelhistoriane, noko som var veldig interessant. Dessutan var det flott å få vera så tett på den israelske og jødiske kulturen.
Emma Adele:
– Eg er einig! Noko av det kjekkaste har absolutt vore den veka me hadde i Jerusalem. Der fekk me bli kjent med byen, kulturen og me fekk god undervisning på Caspari Center.
Elise:
– Eit av høgdepunkta for meg, var å sitja ca der Jesus heldt bergpreika og lesa den sjølv frå Matteusevangeliet. Dette var ein del av ein to-dagars tur der me gjekk «Jesus trail» i Galileaområdet. Det å sitja der på Arbelfjellet med utsikt over Genesaretsjøen var magisk.
Mirjam:
– Og så har det vore heilt nydeleg å bu så nær stranda! Me har budd på Beit Skandinavia og hatt stranda like ved huset. I fritida har me bada mykje. Bading i solnedgang er nok eit høgdepunkt frå fritida vår!
Kva har vore nytt for deg?
Tomas:
– Eg har lært mykje meir om samanhengen mellom Det gamle og Det nye testamentet og at dei heng mykje meir saman enn det eg hadde trudd. Me har fått grundig undervisning i Det gamle testamentet (GT), og om korleis skriftstadar i GT blir oppfylt i NT. Det har vore veldig interessant å få så mykje god undervisning frå så mange flinke lærarar!
– Eg synes òg det har vore interessant å læra meir om korleis me kan gå fram i møte med jøder og korleis dei ser på oss som er kristne. Me har mykje å læra av kvarandre. Ein del av undervisninga har dreid seg om våre jødiske røtter. Dette har det vore spanande å læra meir om, og eg har fått nye perspektiv som eg tek med meg vidare.
Emma Adele:
– Noko av det som var nytt og spanande for meg, var å læra om dei jødiske høgtidene. Korleis dei feirer dei og kvifor dei feirer dei. Så har me jo som Tomas seier, lært mykje om Det gamle testamentet sin betydning for oss òg, ikkje berre for jødane. At NT og GT heng saman, det har me fått mykje god undervisning om.
Ja, kva sit de igjen med etter desse vekene på bibelskulen?
Tomas:
– Eg trur det må vera enkeltmøtene med dei messianske truande, det å få treffa dei og sjå korleis dei lever ut trua si. Dei er så rotfesta i den jødiske kulturen, mange kan Det gamle tesatamentet og skriftene inn og ut, men har samtidig fått ei ny openberring når dei har blitt kjent med Jesus. Mange er grunnfesta i trua si, noko som har vore veldig fint å sjå.
Elise:
– Eg sit igjen med ei djupare forståing for Det gamle testamentet og at det er ein viktig del av Bibelen. Og at det jødiske folket er Guds folk.
Mirjam:
– Viktigheita av at jødane får veta om evangeliet, at Jesus først og fremst var jøde og kom til dei. Me har fått sett og erfart litt av kor viktig det er at me sprer dette budskapet til det folket som Jesus var først hos; nemleg jødane.
Emma Adele:
– Ja, Jesus er Messias for ALLE.
Vil de anbefala andre å ta turen til Israel?
– Absolutt. Det gjer noko med ein å koma her, sjå plassane og møta folka her. Spesielt viss du er interessert i å veta meir om din bakgrunn som kristen, avslutter Tomas.
FIRST:ISRAEL
er Israelsmisjonen sin bibelskule i Israel.
- Er du mellom 20 og 35 år og interessert i å vera med på minibibelskule våren 2022?
- Varighet: frå 1 – 3 veker
- Ta kontakt på post@israelsmisjonen.no
- Se mer om First:Israel.