
Du skal fortelje borna dine…
Publisert: 31. august 2012 kl. 14:27
Sist endret: 14. februar 2025 kl. 19:22
Det er berre den som har evne til å overlevere som også vil overleve. Det jødiske folket er eit døme på det.
På det nordlegaste jødiske museet i verda er det laga ei utstilling om lagnaden til jødane i Midt-Noreg under andre verdskrigen. Utstillinga i Trondheim ber namnet ”…og du skal fortelle dine barn”. Same orda vart nytta på festskriftet til Det Mosaiske Trossamfund i Oslo då dei i 1992 markerte sitt 100 års jubileum.
Orda er henta frå Moselova. Då jødefolket vart redda frå plagene i Egypt og farao si hand, fekk Moses følgjande guddomlege melding: Du skal fortelja born og barneborn korleis eg viste makta mi i Egypt, og kva for teikn eg gjorde mellom dei (2. Mos. 10,2). Dette vart seinare stadfesta då pakta mellom Gud og folket vart slutta i Sinai den første pinsedagen. I det som gjerne vert kalla den jødiske truvedkjenninga heiter det at ”desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. Du skal innprenta dei i borna dine.” (5. Mos. 6,6f)
Rabbinar Michael Melchior peikar i ein artikkel på at det nettopp er denne evna til å overlevere soga og bodskapen som har tatt vare på det jødiske folket og deira sams identitet:
Få antikke folkeslag har som det jødiske folk klart å bevare sitt kollektive minne og holde levende historiene om sine lyse og mørke stunder. Hemmeligheten bak denne evne er budet som israelittene fikk umiddelbart etter at de var blitt til et folk ved utgangen av Egypt: «Og du skal fortelle dine barn».
Det er berre den som har evne til å overlevere som også vil overleve. Det jødiske folket er eit døme på det. For jødane handlar det om meir enn eigen soge: Det handlar om Guds openberring, leiing og handling midt i folket. Difor tek vi med oss denne lærdomen frå våre jødiske søsken og den bibelske bodskapen.
Den Norske Israelsmisjon vil vere ei rørsle som overleverer og deler den store forteljinga. Først og fremst handlar det om å overlevere bodskapen om Jesus som Israels Messias til jødar i dag. Jesus er ein del av Israel si eiga soge. Etter vår tru og overtyding er han den Moses sjølv peika på då han tala om den nye profeten som folket skulle høyra på. (5. Mos. 18,15ff).
Dersom vi ikkje deler Jesus med det jødiske folket når vi gjer det med andre folkeslag, er det eit brot på jødane sitt eige bodord om å fortelje born og barneborn. Då sviktar vi ikkje berre jødane, men også det kallet Herren har gjeve til heile kyrkja. Det handlar ikkje berre om å overlevere. Det handlar om å overleve.
Difor har vi også i våre planar ei målsetjing om å fortelja og læra våre eigne born. For oss tyder det den verdsvide kyrkja med fleirtal av ikkje-jødar. Trua vår sitt grunnfeste i den jødiske overleveringa, og Guds openberring i jødisk språkdrakt og tenkjemåte, er viktig for å forstå kva Gud vil seie til oss ikkje-jødiske nordbuarar i dag.
Kyrkja har eit langt synderegister i forholdet til jødane. Difor treng vi ny kunnskap og gjennomtenkt teologi om korleis vi som Jesu etterfølgjarar i dag skal tenkje om Israel og leve saman med det folket Jesus var ein del av. I vårt internasjonale engasjement søkjer vi difor nettopp å møte kyrkjeleiarar for å spreie kunnskap og forståing for det jødiske folket sin særskilte plass i Guds frelsesplan og våre jesustruande jødiske søsken.
Vår teologiske prinsipperklæring er tidlegare omsett til engelsk, russisk og ungarsk. I sommar vart den polske utgåva lansert under den lutherske kyrkja si årlege misjonsveke og teltmøte. Før hausten er omme kan du også få tak i ein latvisk versjon. 40 latviske kyrkjeleiarar vil bli inviterte til eit seminar, og vi vonar at vi også kan sende boka og studiemateriell ut til dei vel 200 lutherske prestane i Latvia. Ein fornya avtale med den lutherske kyrkja i Ungarn er også på trappene, nettopp fordi vi ønskjer å styrka kontaktnettet med kyrkjelydar og leiarar.
Israelsmisjonen er ein viktig bindelekk mellom den jødiske verda, dei jesustruande jødane og den verdsvide kyrkja. Det er mykje som skal lærast og overleverast for at nytt liv kan vekse fram. Oppdraget og ansvaret har vi alle del i.
Av: Rolf Gunnar Heitmann